Ingvald Eidsheim
Tekst : Scandion
Ingvald Olsen Eidsheim (1909-2000), frå Eknesvågen
i Lindås, var eit framståande medlem av Shetlandsgjengen under
andre verdskrig.
Han gjorde først teneste ombord på minesveiparar
rundt Island, deretter blei han nestkommanderande på basen i Scalloway,
før han blei skipssjef på KNM "Hitra" med 43 vellykka, men
farefulle turar mellom Shetland og Noreg i perioden 1943 til 1945.
Eidsheim blei ein av dei høgast dekorerte allierte
sjøoffiserane frå andre verdskrig. Han er mellom anna tildelt
Krigskorset med sverd (1946), den engelske DSO-orden, og den amerikanske
Medal of Freedom. LES
MEIR |