Ask kyrkje
Ask kyrkje vart vigsla av biskop Ericksen den 8. oktober
1908 og feirar 100 år i 2008
Arkitekt: H. S. Eckhoff.
Kyrkja, bygt i tre, har eit areal på omtrent 300
kvadratmeter og 275 sitjeplassar.
Altertavle
Marcus Grønvold. Cop. Julius Holch 1908.
Maleriet syner Jesus i bøn på ein aude stad.
Dette er ein kopi av det maleriet som heng i Johanneskyrkja
i Bergen.
Orgel
Olsen & Jørgensen 1914.
Orgelet er eit mekanisk kjegleladeorgel med 15 stemmer,
to manualer og pedal.
Orgelet stod opprinneleg i Strusshamn kyrkje. Men da
Strusshamn fikk nytt orgel i 1960, vedtok Ask menighetsråd å
flytte orgelet til Ask. Det blei montert i kyrkja i 1964 og innvia året
etter.
Nyrestaurert etter ein reparasjon som starta i 2007.
Kyrkjeklokke
1 stålklokke frå Nauen, Tønsberg 1908.
Byggjeleiar
Torgeir Tengesdal frå Sand i Ryfylke.
Kostnad: ca 20 000 kroner.