Lyngheiane
(18.04.2001)
Karakteristisk for Austrheim er kulturlandskapet med lyngheiane,
som pregar kysten av Europa frå Vesterålen i nord til til Biscaya
i sør. Det er røsslyngen som dominerer. Gjennom fleire årtusen
har lyngheia som landskapstype vore ein god ressurs for kystbøndene
og hart gjort det mogeleg å kombinere jordbruk med fiske og fangst.
Lyngheia er ikkje ødeland, men hardt tilkjempa kulturland.
|