Vardetangen
(19.04.2001)
Vardetangen er Norges vestligaste fastlandspunkt. Foto:
Scandion.
Du kjem fram til løypa ut til Vardetangen ved å
ta av frå Rv 565 på Fonnes og følgjer anten veg fram
til snøggbåtkaien eller veg til Ervik. Løypa er ei
rundløype som kan delast i alternative turar. Turløypa går
inn i Hordaland fylke sitt turopplegg Bilvandring. Kart og beskriving av
turen kan ein få kjøpt i sentraladministrasjonen til Austrheim
kommune.
I Årevikane er det offentleg badeplass med toalett.
Rundt Vardetangen er det også fint å fiske frå land etter
torsk, lyr og pale.
Foto: Scandion.
|