Jubilantar i Austrheim kommune (13.12.2006)
2006
50 år - Austrheim skulekorps feira jubileet laurdag
28. oktober.
...................................................................................
2006
25 år - Mastrevik Torg
1. oktober var det 25 år sidan Mastrevik Torg vart
opna.
....................................................................................
2003
Austrheim musikk- og kulturskule feirar sine første
20 år, og hadde stor jubileumskonsert 16.november 2003.
Austrheim musikkskule vart skipa i 1983. Skulen er eit
kommunalt undervisningstilbod til barn og unge i kommunen. Når skulen
har plass og ressursar til det, gjev den også tilbod til vaksne.
Musikkskulane er no lovfesta, og vil etter kvart også gje tilbod
om undervisning innan andre kulturuttrykk.
....................................................................................
2003
Jubileum ved Kaland barnehage
12. og 13. september 2003 kunne barnehagen markere at
det var 10 år sidan den flytta inn i nye lokale på Kaland,
og 20 år sidan det vart starta barnehage på Litlås. Første
dagen var det offisiell jubileumsmarkering med innbedne gjester. Vergudane
var i godlune, så alt kunne foregå utandørs, noko som
gav ei ekstra fin ramme rundt feiringa. På programmet stod song av
born og personale, og innslag ved 3 elevar frå musikkskulen. I tillegg
var det mange helsingar og overrekking av gåver.
....................................................................................
2000
Helgaljod, det kristne ungdomskoret rundar 25 år,
og markerer jubileet med konsert i Austrheim-kyrkja. Koret fekk nye kapper
i jubileumsgåve frå kyrkjelyden.
....................................................................................
2000
Austrheim kommune 90 år
Kommunen inviterte i november alle innbyggarane til ein
kulturfest i Mongstadhallen i samband med jubileet.
....................................................................................
|