Hovudside
Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal |
Austrheim
Kultur Kulturminner
|
|
|
|
|
Kva er eit kulturminne ?
Kulturminne og kulturmiljø er spor etter menneske, ikkje berre fotspor i form av gamle stiar, men spor etter ymse aktivitetar og levemåtar. Eit kulturminne kan såleis vera stort og det kan vera veldig lite. Ein skil og ofte mellom faste og lause kulturminne. FASTE kulturminne er slik som fabrikkar, bygningar, kaiar, vegar og andre faste installasjonar i landskapet. LAUSE kulturminne er alt som er flyttbart slik
som fiskereiskapar, båtar,
Landskap med spor etter gamle åkrar, slåttemarker,
utslåtter, skogar og t.d.
Kulturminne er og å finna i sjø og vatn. Alt dette som no er nemd er materielle kulturminne. I tillegg til desse kjem kulturminna som ikkje er materielle d.v.s. immaterielle. Det kan då vera tru og tradisjonar knytta til landskapet. Stadnamn er eit døme på eit immaterielt kulturminne. Kulturminner Kulturminnelova
|
|
Webredaktør: Magne Opdal |