Hovudside
Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal |
Austrheim
Natur Geografi
|
|
|
|
|
Austrheim ligg lengst nordvest i Hordaland, og vart eigen kommune i 1910. Karakteristiske trekk for Austrheim er kulturlandskap med lyngheier, som i vikingtid prega kysten av Europa frå Norge til Portugal. Like karakteristisk er skjærgarden, som er sammensatt av fleire hundre holmar, øyar, trange sund og lune vikar - ei perle for båtturistar. Historia om Austrheim fortel mykje om den utviklinga som har gått føre seg i kyststråka i Sør-Noreg. Den som i dag tar turen gjennom kystlandskapet, ser mange spor: buplassar frå steinalder og tufter frå vikingtid og mellomalder, steingardar og sjøhus frå førre århundre, og ikkje minst oljealderen sine vegar, bruspenn og høgteknologiske installasjonar. Tiriltunge (Lotus corniculatus) vart i 1998 valt ut til
Austrheim kommune sin kommuneplante.
|
|
Webredaktør: Magne Opdal |