Under dei mange bruene
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 14.02.2003 15:57
Du passerer fleire bruer på ein tur med ekspressbåten
frå Bergen til Nordfjord enn du gjer på noko anna ekspressbåtreise
på norskekysten. Heile seks bruer går båten under frå
han går frå Bergen til han legg til kai i Måløy.
I tillegg ser du fleire andre bruer frå båten.
To av bruene er mellom dei største i sitt slag i verda.
ASKØYBRUA.
Brua mellom Bergen og Askøy (i bakgrunnen) var
til nyleg den lengste hengebrua i Norden. (Foto: Knut Strand, Bergens Tidende.)
Når båten kjem ut på Byfjorden like
etter avgang frå Bergen, kan du til babord - eller venstre - sjå
Askøybrua. Dette er Nordens lengste hengebru nest etter Storebæltsforbindelsen
i Danmark.
Hengebru vil seie at brubana heng i stålkablar frå
to tårn. Askøybrua er totalt 1.050 meter lang, med eit hovudspenn
på 850 meter. Tårna er 152 meter høge. Midt under brua
er det ei seglingshøgde på 62 meter.
Askøybrua opna i desember 1992, og knyter dei 19.000
innbuarane i Askøy kommune til Bergen. Før dreiv Rutelaget
Askøy - Bergen ferjerute mellom Askøy og Bergen.
BRU-TREKANT.
Bruene som bind saman Bergen og Nordhordland. Nærast
kryssar Nordhordlandsbrua Salhusfjorden til Flatøy, bak til venstre
går Krossnessundet bru over til Holsnøy, og bak til høgre
fører Hagelsundet bru til Knarvik og Lindås. (Foto: Helge
Sunde, Bergens Tidende.)
Verdas lengste flytebru
Den første brua ekspressbåten passerer under
på turen nordover frå Bergen, er Nordhordlandsbrua. Også
dette er eit
byggverk med store dimensjonar. Sjølve bruspennet
over skipsleia er 172 meter langt og heng frå eit tårn som
ragar 99 meter over sjøen. Denne delen av Nordhordlandsbrua går
over i ei flytebru som kryssar resten av Salhusfjorden. Med ei lengde på
1.246 meter er dette verdas lengste flytebru utan forankring på sidene.
Nordhordlandsbrua var første flytebrua i Noreg
då den opna i september 1994. Brua avløyste det travle ferjesambandet
Knarvik-Steinestø, som før var landets mest trafikkerte ferjesamband.
Nordhordlandsbrua har ei samla lengde på 1.610 meter frå Klauaneset
ved Salhus til Flatøy.
Vesle Flatøy er noko av eit bru-knutepunkt. Her
møtest tre store bruer. Frå Flatøy fører den
391 meter lange Krossnessundet bru over til Holsnøy og Meland kommune.
Men ekspressbåten vår går under den tredje brua i denne
trekanten,
Hagelsundet bru, som fører frå Flatøy
og over til Knarvik og Lindås kommune. Hagelsundet bru er ei hengebru
med eit hovudspenn på 250 meter. Frå sjøen og opp til
midten av brubana er det 50 meter. Hagelsundet bru opna i 1982, og var
første brua i landet med dekke av betongelement.
HISTORISK BRUOPNING.
Den 29. juni 1958 vart Alversundbrua opna med stor stas,
stort frammøte av folk og bilkortesjar over brua. Dette var den
første av etter kvart mange bruer i Nordhordland og Bergen - området.
(Foto: Harald B. Vetås.)
Over Alversundet
Ikkje mange minuttane etter at ekspressbåten har passert
Hagelsundet bru, er vi inne i den trange og idylliske Alverstraumen.
Her skal vi gå under Alversundet bru - veteranen
mellom bruene på denne kyststrekninga. Dette er også ei hengebru,
med eit hovudspenn på 198 meter 27 meter over sjøen. Alversundet
bru opna i 1958 - same året som Fylkesbaatane fylte 100 år.
Brua knytte Radøy til fastlandet, og var ein samferdslemilepel
i Nordhordland.
VERDAS TYNGSTE BRULØFT.
To store kranbåtar måtte til då midtseksjonen
på Mjømnesundbrua skulle løftast på plass i mai
1997. Seksjonen vog 470 tonn, og var truleg verdas tyngste bruløft.
(Foto: O. Handeland, Statens Vegvesen Sogn og Fjordane.)
Bruene ved Fensfjorden
Ekspressbåten styrer vidare nordover gjennom dei smale
Straumane i Nordhordland. Ein stad ser vi til babord (venstre) ein rask
glimt av Fosenstraumen bru, den 586 meter lange brua mellom kommunane Radøy
og Austrheim. No nærmar vi oss raskt den opne Fensfjorden, med oljeindustrien
på Mongstad inne til styrbord (høgre).
Like før Fensfjorden går båten under
Bakkastraumen bru, som med sidespenn er 214 meter lang. Denne brua og nabobrua
like vestanfor - Kjelstraumen bru på 205 meter - bind Austrheim saman
med Lindås. Dette brusambandet opna i 1971. Når vi har kryssa
Fensfjorden styrer ekspressbåten Bergen - Nordfjord inn i Mjømnesundet.
No er vi komne til Sogn og Fjordane fylke og Gulen kommune. Her skal vi
gå under den nyaste av bruene på denne kyststrekninga. Mjømnesundbrua
opna hausten 1997, og knyter saman øyane Mjømna
og Byrknesøy. Sjølve Mjømnesundbrua er 376 meter lang
og går frå Byrknesøy til den vesle Tyløya midt
i Mjømnesundet. Frå Tyløya fører den 160 meter
lange Nappsundbrua vidare til Mjømna.
Reiser du med ekspressbåten frå Bergen til
Sogn, går ikkje båten gjennom Mjømnesundet, men som
oftast gjennom Mjåsundet mellom Mjømna og Sandøy. Også
her går det bru. Mjåsundbrua opna i 1993. Sandøy, Mjømna
og Byrknesøy er såleis knytte saman med veg og bruer. Dei
har ferjesamband frå Skipavik på sørenden av Sandøya
til Sløvåg på fastlandet og til Leirvåg ved Mongstad.
MÅLØYBRUA.
Brua mellom Måløy og fastlandet er totalt
på 1224 meter, og var i si tid den lengste i landet. (J.K.Foto)
Måløybrua 25 år
Frå Mjømna har vi ein lang seglas framfor oss
før vi kjem til neste og siste bru over leia. Det er Måløybrua,
som i desse tider har 25-årsjubileum. I desember 1973 tok bilane
til å køyre over Måløybrua, som den gongen var
landets lengste bru.
Den 11. juni l974 vart brua offisielt opna av Kong Olav.
Måløybrua er totalt 1224 meter lang, og svingar seg som ein
kjempestor S frå fiskerisenteret Måløy over Måløysundet
til fastlandet.
Brua har to hovudspenn over skipsleia, kvart på
125 meters lengde og med ei seglingshøgde på opptil 42 meter.
Når ekspressbåten legg til kai i Måløy
eller Selje, har vi passert under seks bruer på turen vår frå
Bergen. Kvar og kva tid neste bru over leia Bergen - Selje kjem, er ikkje
godt å seie i dag. Men det som er klart, er at den første
undersjøiske vegtunnelen under leia vil komme i nær framtid.
Den skal gå under Skatestraumen i ytre Nordfjord og knyte Bremangerlandet
til fastlandet. Slik det ser ut no, skal tunnelen vere klar for trafikk
i år 2002.
---------------------------------------------------------
Tekst : FSF - Fjord og kyst nr. 1 - 1999
Kjelder for artikkelen:
Statens Vegvesen Hordaland
Statens Vegvesen Sogn og Fjordane
NAF Veibok. |