Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Austrheim
Samferdsle
Eit bygdesamfunn i glede

 

 
Eit bygdesamfunn i glede
(25.08.2004)
Forfatter: Leidulv Hundvin

Fredag den 25. august 1978, presis kl. 17.00, vart snora over Austre Kalvesundet klipt, og Njøten hadde fått vegsamband med fastlandet. Det var eit bygdesamfunn i gleda, og under full flagging. 

Det var ordføraren i Austrheim, lensmann Asbjørn Fjeld, som utførde tenesta, og som held opningstalen. 

Han understreka i talen sin kor viktig det er med gode kommunikasjonar, og kva det har å seia for trivnaden til dei som bur der. Han minna om at folket på Njøten har stridd for bru- og vegutløysing i ein mannsalder, og at dette no hadde vorte røyndom. 

Han gledde seg saman med folket, og han kunne med varme og byrgskap seia at det på dagen var eitt år sidan eit samrøystes kommunestyre vedtok bruplanen, og å gjera vegen ferdig. Det har gått uvanleg snøgt, noko som entreprenørane, teknisk avdeling og Hordaland Vegkontor skal ha æra for. 


Ordførar i Austrheim, lensmann Asbjørn Fjeld, klipper snora over Njøtenbrua medan Njøtenfolket bivånar storhendinga. Foto: Leidulv Hundvin.

Dagen var ein stor glededag for Njøtenfolket, som talrikt var møtt fram for å vera med på høgtida. Dei stod der og kunne ikkje løyna gleda og takksemd - ja, sjølv yngste Njøtenbuen som vart boren på faren sine sterke armar - synte tydelege teikn på å vera gripen av den store stunda.

Det var eit bygdesamfunn i gleda, og under full flagging. Og det var sterke og faste handtrykk som vart gjevne som kvittering for lukkeynskja dei fekk. Isolasjonen var broten. Nye vonar om ei betre framtid opna seg. 

Etter opninga hadde Austrheim kommune skipa til eit festleg samvær i samfunnshuset. Her vart det bore fram rykande varm rjomegraut, sprøe kringler og god spikemat. Til å svelja dette ned med fekk vi kaffi og blautkaker. Ingen gjekk svoltne frå bordet, og mange talar vart haldne og mange godord sagde. 

Til slutt takka vegsjef Martinsen i skjemtsame ordelag for maten. Han har sjølv vore med og stukke vegen mellom Fonnes og Fosenøya, og han kjende både lendet og folkelynnet der ute. Og det såg også ut til at dei frammøtte gledde seg over at han ville vera med på denne høgtidsdagen, som er ein av dei største i Njøtenfolket si soge. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal