Tusenårsstaden i Austrheim
Kvar kommune i landet har valt sin eigen tusenårsstad.
Ideen med tusenårsstader er å setje fokus på den moderne
tid sine møteplassar.
Austrheim kommune sin 1000-årsstad ligg i området
bak kommunehuset og vart offisielt opna 7. juni 2006 av ordførar
Ole Lysø. Rolf Sandstad, som var leiar for arbeidsgruppa for 1000-årsstaden,
informerte om arbeidet og symbolikken i varden som er sett opp. Bygdefolk,
barnehageborn og skuleborn var møtt fram for å få med
seg opninga. Både Skulemusikk og eige samansett orkester beståande
av musikkskulelærarar underheld.
Arkitektane Mette & Morten Molden har teikna 1000-årsstaden
og Haakon Aase har leia arbeidet med to flotte gråsteinsmurar som
omkransar ein amfi. Det er opplyste stiar i området.
Kjelde: Austrheim kommune |