Håkonshallen
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 23.05.2005
Då Håkonshallen stod ferdig i 1261 var Bergen
Noregs største og viktigaste by, og Håkonshallen var sjølve
maktsenteret - som Noreg vart styrt frå.
Håkonshallen vart reist mellom 1247 og 1261 på
området som seinere vart kalla Bergenhus Festning.
Biletet syner Håkonshallen før 1944.
Hallen er eit av dei prektigaste bevarte byggverk vi har
frå norsk middelalder og er sannsynlegvis den største av to
steinhallar som Håkon IV. Håkonsson (1204-63) let reise ved
Kongsgarden i Bergen.
I Håkonshallen, som er bygd av gråstein i
kistemur med arkitektoniske detaljar i kleberstein, bur det mykje historie.
På midten av 1200-talet, fekk Noreg sin første
hovudstad : Bergen - og her vart truleg den første lova som gjaldt
for heile landet skrive.
Kongelig residens og festlokale
I øverste etasje var det ein stor gildesal med
kongens høgsete ved nordre tverrvegg; mellometasjen var for administrasjonen,
kanselliet (kongens råd), mottagelserom og privatrom - og kjellaretasjen
var forrådskammer.
Bryllaup
I 1261 vart Håkonshallen første gong brukt
til både kongeleg bryllaup og kroningsfest. Bryllaupet stod den 11.
september mellom Håkon sin son, Magnus Lagabøte, og den danske
kongsdottera Ingeborg. Seinare vart det halde fleire bryllaup i Håkonshallen
som knytta band mellom kongehus i vår del av Europa.
Restaurering
Håkonshallen mista sin funksjon på 1300-talet
og på 1600-talet vart den gjort om til eit forsvarsverk. Hallen vart
brukt til mykje forskjelleg; både som kornsilo og kyrkje for slavene
på festninga. Under dansketida vart bygningen brukt til lager.
Håkonshallen, som vart innreia til magasinhus i
1683, vart først restaurert i midten av 1870-åra. Det var
malaren J.C. Dahl som tok initiativ til å få Håkonshallen
restaurert - et arbeid som kom i gang i 1873 etter teikningar av arkitekt
Chr. Christie.
Arbeidet var fullført i 1895. I 1910-16 vart den
utsmykka med Gerhard Munthes veggmaleri, møblar og tekstilarbeid.
Eksplosjon og storbrann
Under eksplosjonsulykka på Vågen 20. april
1944 fekk Håkonshallen store skader. Berre dei tjukke steinveggane
stod att. Eit nederlansk fartøy, ?Voorbode?, lasta med dynamitt
for tyskarane, eksploderte klokken 8 om morgonen. 102 personar døydde
og 4.800 vart skada. Etterforskninga viste av brannen ikkje var påsett.
Eksplosjonen var så kraftig at ein del av ankeret vart slynga heilt
opp på Sandviksfjellet, og metallstykket er i dag bolta i fjellet
saman med ei bronseplate.
Etter omfattende restaurering vart Håkonshallen
opna i 1961. Synnøve Anker Aurdal, Ludvik Eikaas og Sigrun Berg
stod for utsmykkinga.
Når hallen i dag vert brukt som representasjonslokale
er det bordplass til 300. Ved konserter og liknande arrangement er det
sitjeplass til 500.
Det er Bryggens Museum som i dag administrerer Håkonshallen.
For Festspela i Bergen har Håkonshallen gjennom mange år vore
ein av dei viktigaste arenaene. |