Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Bergen
Politikk
Ordførar

 

   
Politikk
Tekst og foto: Scandion

Bergen kommune innførte i juni 2000 by-parlamentarisme, der ordføraren si rolle er ein meir nedtona politisk rolle enn det ein ordførar i ein kommune styrt etter formannskaps - modellen er. Byrådet fungerer som regjering og bystyret fungerer på samme måte som Stortinget. 

Byrådet er leiar for administrasjonen og blir valt ved fleirtalsval i bystyret. 

Bystyret skal gjennom vedtak om overordna mål, prinsipp og strategi for kommunen sin verksemd gi rammer for kommunen sin utvikling. Bystyret har også det øverste tilsynet med heile den kommunale forvaltninga. 
 

Bergen Rådhus
Etter 3 års byggetid stod Bergen rådhus ferdig i 1974. Bygget, 14 etasjer i naturbetong, er på 10 468 m2. Høgda er 51,2 meter, breidda 13,6 meter, og lengda er 47,95 meter. Bygget er teikna av arkitekt Erling Viksjø.

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal