Politikk
Foto: Scandion
Sentraladministrasjonen i
Fedje kommune
I Fedje kommune, som nyttar formannskapsmodellen, er
ordføraren den øvste offisielle tillitsvalde. Ordføraren
er ansvarleg for å organisere arbeidet i formannsskapet og kommunestyret,
medan rådmannen, som er administrativt tilsett, har ansvaret for
å leie administrasjonen og for utgreiinga av saker som vert lagt
fram for dei folkevalde.
Kommunevåpenet
Våpenet er teikna av Even Jarl Skoglund og godkjent
ved Kronprinsregentens resolusjon 13.07.1990.
Årane symboliserer fiskarens strev i kvardagen
for å brødfø seg og sine. På Fedje har båten
og årane vore ein naudsynt reiskap for å halde kontaken med
omverda. Fisket har vore den viktigaste næringsvegen for Fedje fram
til våre dagar. |