Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Fjell
Attraksjonar
Fjell festning

 

   
Fjell festning
Tekst og foto: Scandion

Fjell festning vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta og tilhørte den tyske Kriegsmarine. Arbeidet vart byrja på ettersommaren 1942, og var ferdigstilt i den grad at kanona kunne prøveskytast første gong 12. juli 1943. Festninga skulle verna innseglinga til Bergen og gjekk inn i arbeidet med Festung Norwegen og Atlanterhavsmuren.

Anlegget blei bygd av krigsfangar frå ulike delar av Europa, men sjølve nærforsvarsanlegget blei aldri ferdig. Både norske entreprenørar og fleire norske arbeidarar deltok frivillig på anlegget, då arbeidet var godt betalt. Anlegget i seg sjølv er eit av dei største enkeltståande festningsanlegg i Europa frå andre verdskrig, og er i så måte unikt. Fjell festning blei forskriftsfreda av Riksantikvaren 6. mai 2004.

Les meir om Fjell festing på no.wikipedia.org

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal