Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Arrangement
Knarvikmila

 

 
Knarvikmila
Tekst: Scandion

Den første Knarvikmila vart skipa til i 1983. Denne gjekk laurdag og det var berre 10 km som stod på programmet. Sundag var det landskamp i friidrett for kvinner mot Be-Ne-Lux-landa med ein innlagt VM på 10000 meter for kvinner. 

Sidan dette har Minimil, 5-kilometer, naturløype, KnarvikMila Xtrem, konferansar, konsertar og utstilling kome til, og tilskipinga strekkjer seg over 3-4 dagar. 

Knarvikmila, eit mosjonsløp, folkefest og viktigt kulturarrangement i Nordhordland, vert arrangert av FIL-AKS77 i Knarvik kvart år i september. Det er eit av Noregs største mosjonsløp med over 5000 deltakarar. 

I 2006 vert Knarvikmila arrangert for 24. gang og går frå 31. august til 3. september, med sjølve Knarvikmila, søndag 3. september. Arrangementet omfattar både konferanse, barneløp, ungdomsløp, naturløype og asfaltløpa som går over 5 og 10 kilometer. 

Helge Brekke, sjef for Knarvikmila, fekk under 20-årsjubiléet i 2002 Kongens fortenestemedalje i sølv for samfunnsnyttig og framragende innsats for barn og unge. 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no