Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Arrangement
Nordhordlandshallen

 

   

Nordhordlandshallen
Tekst: Scandion. Foto: Terje Opdal

7. januar 2002 vart Nordhordlandshallen tatt i bruk til dagleg idrettsaktivitet for fotball, friidrett, handball, volleyball, karate, idrettskule, basketball og trim. Hallen er eigd av Lindås kommune og har kosta om lag 50 millionar kroner. 

Finansiering 
Nordhordlandshallen er finansiert med 16 millionar kroner frå Lindås kommune, om lag 10 millionar kroner frå spelemidlar frå Norsk Tipping og resten som eit leigefinansiert lån. 

Driftsselskapet Nordhordlandshallen AS var lagt ned 22. september 2005 og hallen vert no dreve vidare av Lindås Kommune. 

Fotball- og friidrettshallen 
Nordhordlandshallen er ein stor og topp moderne allaktivitetshall på om lag 6500 m2 og inneheld fleirbrukshall m/parkettgolv og tribune (49mx25m), fotball- og friidrettshall m/kunstgrasbane, løpebane, hoppegrop og tribune (71mx49m), trimsal, 4 garderobesett, møterom, kafeteria og 5 kontor. I hallen er det rom for dei fleste typar idrettar som golf, landhockey, innebandy, badminton, tennis, turn osb. 

Hallen ligg vakkert til i Knarvik Idrettspark og med kort avstand til Knarvik Senter og skulane i regionsenteret for Nordhordland. 

Utover idretts- og kulturarrangement er hallen godt eigna for ulike kulturarrangement som ; messer, utstillingar, dansegalla, konferansar, seminar og større møter. Hallen er utstyr med eit godt høgtalaranlegg med bærbar mikrofon og mobilt rack for musikk og radio. 

Kvar veke er det i høgsesongen 15. oktober 15. april om lag 1000 personar i alderen 5 70 år i aktivitet på kveldstid, i hovudsak born og unge frå 6 til 19 år. På dagtid fungerer hallen som gymnastikksal for Knarvik Ungdomsskule. 

Kjelde: nordhordlandshallen.no 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no