Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Gard og grend
Knarvik

 

    

Knarvik
Foto: Terje Opdal

Knarvik er kommunesenter i Lindås kommune og regionsenter for Nordhordland. 

Hugsar ein tilbake til før 1965 - var Knarvik ikkje stort meir enn eit ferjeleie i utmarka. I 1956 vart ferjeleiet flytta frå Isdalstø til Knarvik. For dei reisande betydde det at reisetida vart halvert. 

Ved den landsomfattande kommunereguleringa frå 1. januar 1964 vart Knarvik peika ut som administrasjonssenter i Lindås kommune. 

I 1965 vart Knarvik også vald ut som eit såkalla prøvesenter. 

Tanken bak var eit nytt nasjonalt planprogram der ein prøvde å bremse tilflytting til dei mest sentrale stroka og byggja opp regionale og vekstkraftige senter. 

Midt på 1970-talet kom det verkeleg fart i utbygginga i Knarvik. Mellom 1964 og 1987 vart det bygt over 500 nye bustader.

Forretningsbygg vart reist, og Knarvik vart eit skulesenter for regionen. Administrasjonen i kommunen vart flytta til Knarvik frå bygda Lindås, nord i kommunen. 

Opninga av Nordhordlandsbrua i 1994 førde til stor vekst i området. Etter at brua var nedbetalt i desember 2005, har det opna opp for ei utviding av kundegrunnlaget sørover mot Bergen. Innanfor ein avstand på 5 km på sørsida av brua bur det rundt 15.000 menneske. 

Det som i dag er ei stor utfordring vidare for Knarvik som vekstsenter er E39 - som fører til store trafikkproblem i området - noko som det vert arbeidd med å finne ei løysing på. 

Møtestad for handel og kultur 
Næringsliv og offentlege instanser har etablert seg på begge sider av E39, som deler regionsenteret. På nedsida av europavegen finn ein også skysstasjonen, trafikknutepunkt for busstransport i distriktet. 

Knarvik Senter 
Knarvik Senter vart opna 28. juni 1978. 

Utbygginga kom i gang etter at Lindås kommune la ut området Kvernhusmyrane til handels- og serviceformål. Tildeling av tomtar og utbygging skjedde i regi av det kommunale selskapet Lindås Tomteselskap L/L. 

Den vidre utbygging av Knarvik Senter skjedde i to fasar fram til 1991. 

Det som i åra etter dette synte seg å bli meir og meir etterlengta både av næringsliv og kundar var eit glasstak over det resterande fellesareal. Det stod ferdig i oktober 2003 og dekkjer meir enn 4000 kvm. Knarvik Senter AS står i dag som eigar og disponerer fellesarealet. 

Knarvik Senterforening har ansvaret for marknadsføring av senteret - internt og eksternt. Det rike kulturlivet i distriktet får vise seg fram på Senterscena. 

I Knarvik Senter vert det lagt stor vekt på aktivitetar som skaper trivsel, som bl.a mote-visningar, barnas dag, brudemesse, Strilajazz og nattopent. Lindås Kulturskule, som også held til i senteret, har fast konsert siste torsdag i månaden. 

Utbygging 
1965 - Nordhordland yrkesskule 
1967 - Knarvik gymnas 
1974 - Knarvik sjukeheim 
1977 - Lindås rådhus 
1978 - Knarvik senter 

Frem til opninga av Nordhordlandsbrua i 1994 var ferjesambandet Knarvik - Steinestø, landets mest trafikkerte. 

Knarvikmila, som er eit av dei største mosjonsløp i Noreg, vert arrangert kvart år i september. 

Kjelder: knarvik-senter.no 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no