Jubilantar i Lindås kommune(27.11.2006)
2006
25 år - NGIR
Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap
omfattar alle kommunar i regionen og i tillegg Solund. Jubileet vart feira
på Strialtun fredag 10. november.
2006
20 år - Mongstadbase
I jubileumsåret er Mongstadbase ein av dei største
arbeidplassane i distriktet med 165 tilsette pluss innleigd personell.
Basen er den største forsyningsbasen i landet, rekna etter tonnasje.
Over 2000 skip legg til kai i 2006. Jubileet vert feira med fest ombord
i hurtigruteskipet MS «Trollfjord». Dagleg leiar er Ragnhild
Tykhelle Langøy.
2005
140 år - Lindås kyrkje
Lindås kyrkje fyller 140 år og det vart markert
med jubileumsgudsteneste 16. september 2005. Kyrkja vart vigsla 20. september
1865 av biskop Birkeland.
2003
100 år - Hjelmås ungdomslag
Søndag 16. november 2003 kunne Hjelmås Ungdomslag
feire 100-års jubileum på Leiknes skule.
2003
40 år - Lindås skulemusikk
Lindås skulemusikk feira sitt 40-års jubileum
søndag 16. november 2003.
2002
50 år - Eikanger IL
I jubileumsåret kan laget varte opp med flunkande
ny krøllgrasmatte. I anledning Norges Fotballforbund sitt 100 års
jubileum - får Eikanger IL besøk av fotballpresident Per Ravn
Omdal, og laget får æra av å stå for Hordaland
sin del av fotballforbundet si jubileumsmarkering.
2002
20 år - Lindås sogelag
I april kunne sogelaget feire 20 års jubileum.
Under markeringa vart dei to som starta laget, Jan B. Thorsheim og Olav
Kvamme, tildelt kvar sin vesle kulturskatt - eit handmåla porselensfat.
2001
100 år - Alversund Musikklag
130 noverande og tidlegare medlemmer var samla til ein
svært vellukka hundreårsfest på Alver Hotell lørdag
28. april. Mange av musikantane fekk tildelt medaljer og æresprisar.
Laget fekk mange flotte gåver, og mange gode ord, blant anna frå
kultursjefen.
Ekstra stas vart gjort på Magne Fosse som fekk
NMFs gjevaste utmerkinga, for 50 års medlemskap.
2001
50 år - Eikanger Bjørsvik Musikklag
Onsdag 28. februar var det konsert på Ostereidet
for å markere at det er 50 år sidan Bjørsvik Musikklag
vart starta. Det er også i år 30 år sidan dei to korpsa
vart slått saman til EBML. 28. februar skal forøvrig tradisjonelt
vera ein konsertdag, der ein markerer samanslåinga av dei to korpsa.
2001
40 år -Alversund skulemusikkkorps
Dette vart feira med jubileumskonsert i gymsalen på
Alversund skule laurdag 27. oktober. Korpset har i jubileumsåret
20 musikantar og 14 aspirantar, under leiing av dirigent Finn C. Larsen.
Dei fleste musikantane kjem frå Alversund skule, men korpset rekruterer
også frå Feste, Seim og Leiknes. Korpset feirar 40-års
jubileet som det eldste skulekorpset i Nordhordland.
2001
40 år - Nordhordland vidaregåande skule
Skulen feira i oktober sitt 40-års jubileum med
ein fest der fem av skulen sine noverande og tidlegare tilsette vart heidra
med Norges Vel medalje. Det var Eirik Kolstad, Bjørg Leknesund,
Inge Lie Molvik, Astrid Reigstad og Asbjørn Dale.
2001
25 år - Skodvin skulemusikk
Skulekorpset kan så langt sjå tilbake på
1. plass i nordisk meisterskap og 2. plass i EM.
2001
20 år - Oster Brass
Laurdag 24. mars kunne Oster Brass markere sitt 20-års
jubileum med eit svært så underholdande jubileumsshow på
Grand i Bergen..
Oster Brass vart starta 1. mars 1981, og tanken med korpset
den gongen var at det mellom anna skulle verta ein stad for å vidareutvikla
skulemusikantar som hadde tenkt seg inn i Eikanger Bjørsvik Musikklag.
2001
20 år - Western Geco Fjord Instruments.
Verksemda i Knarvik har 280 tilsette i jubileumsåret.
2000
100 år - UL Sambygdingen
UL Sambygdingen i Alversund rundar 100 år i november.
Jubilanten får overrekt eit bilde av laget sin skipar, Johan Litleskare.
2000
25 år - Knarvik skulekorps
Knarvik skulekorps feirar 25-års jubileum i november.
2000
25 år - Seim Songkor
Midt i februar kunne Seim Songkor feire 25-års
jubileum. Koret har ei lang merittliste, bl.a. musikalane «Dampen»
og «Kattane i Lindås», Bestleshyllesten «I vesterveg
til Liverpool», «Håkonarspelet» og ei rekkje krevande
kyrkjekonsertar. Vidare konkurransar og store festivalar i Italia og Tyskland.
2000
20 år - LO i Nordhordland
|