Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Kultur
Kulturlandskap

 

 
Lyngheiane - kystens kulturlandskap
Forfatter: Nils Georg Brekke
Publiseringsdato: 11.02.2003 17:35

Lyngheisenteret. Foto: Scandion.

Sagaøya Lygra

Lygra i Nordhordland var ein del av Harald Hårfagres kongsgods på Vestlandet. Her held Olav den Heilage ting på 1000-talet, og heilt frå bronsealderen og opp mot vår eiga tid har dei grøderike gardane på Lygra helde dei åpne, vide lyngheiane i hevd som utmark og beiteland. 

På Lyngheisenteret vil du oppleve dette åpne landskapet og få eit nærbilde av korleis fiskarbonden har utnytta kystlandskapet gjennom fleire tusen år. I dag er denne kulturarven i ferd med å forsvinne. Lyngheisenteret på Lygra tek vare på vestkystens kulturlandskap gjennom aktiv gardsdrift, lyngbrenning, lyngslått og beiting av villsau som går ute heile året. Kunnskapen om korleis ressursane på land og sjø tradisjonelt vart utnytta vil du møte gjennom gardsbesøk, omvisningar, utstillingar, film, publikasjonar og internett. 

Ytre Lygra 
Garden Ytre Lygra har 5 gardsbruk med både moderne drift og kulturhistorisk drift med eldre husdyrraser. Nærmare 30 restaurerte bygningar ligg i landskapet; driftsbygningar, våningshus og naust. I utmarka finn du kulturminner frå ulike tidsperiodar; steingardar, gravhaugar, kolminer, gardflorar, moldhus og torvmurer. 

Frå senteret kan du på tilrettelagde stiar vandre utover gjennom lyngheiane i det 1500 mål store utmarksområdet. 
På høgdedraga vil du sjå villsauen som beiter ute heile året. 

Lurekalven 
Lengst nord i utmarka ligg øya Lurekalven. Her finn vi tuftene etter ein liten gard som har vore bebudd frå vikingtid til middelalder, Her er det spor etter langhus, løe og kårhus. Dette er gårsdagens småbruk på den norske vestkysten - ein del av eit stort nordatlantisk kulturområde. 


Lyngheisenteret på Lygra. Foto: Scandion. 

Den landfaste øya Lygra ligg i Lurefjorden i Lindås, ca 1 time med buss eller bil nord for Bergen. 
Med hurtigbåt tek turen 45 minutt frå Bergen sentrum. Senteret er åpent heile året. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal