Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Lokalhistorie

 

 
Strilekrigen 1765
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 28.01.2005
 
Heilt frå sogetida var dei norske bøndene vande til at alle måtte bøya seg for lova, kongen óg. Kongen skulle hjelpa til så alle fekk retten sin. Den store oppgåva hadde han som "far sjølv" i landet.  

Var det nokon som leid urett, meinte bønder og småfolk at det berre var å senda einkvan med klage til København. Og det var ikkje så sjeldan det fór folk den vegen. Særleg var det embetsmennene dei klaga på. Mange av dei hadde vore leie til å snyte bøndene. Bøndene trudde ofte det verste om futar og amtmenn. Mange bod og vedtak som kom frå kongen, meinte folk at embetsmennene hadde funne på sjølve. Såleis var det i Strilekrigen. 

Kongen trong mange pengar både til hær og flåte, for Russland truga rika. I året 1762 fann ein av embetsmennene på at kongen skulle taka ein riksdalar i ekstraskatt av kvart menneske som var over 12 år. Det var ei fæl skattebyrd. I Noreg var denne skatten dobbelt så stor som alle dei andre skattane til saman. Det hadde óg vore uår i landet, og på Vestlandet slo fisket feil i åra 1763-64, så folket hadde det vondt nok, men dei fyrste åra betalte dei skatten. 

Etterkvart vart det noko ugreie med innkrevjinga. 1. mars 1765 samla ein heil flokk bønder og fiskarar frå Hordaland seg i Bergen for å klaga på skatten til stiftamtmann Cicignon. Amtmannen lova å senda klaga til kongen, men det ville taka 6 veker å få svar. I mellomtida var det sendt ut ordre til lensmennene om at skatten skulle drivast inn frå ein fast dato. 

17. april reiste eit par tusen bønder og fiskarar til Bergen. Ein delegasjon fekk møte stiftamtmannen, som ikkje hadde noko svar å gje. Han vart skulda for å være "ein kongens tjuv". Amtmannen drog kården. Då drog dei han ut på gata. Futen i Nordhordland, Oluf Bildsøe, fekk óg ein omgang og vart svært hardt behandla.. Han vart både sparka og dengd. 

Cicignon gjekk så med på å betale attende ekstraskatten som var komen inn sidan august 1764, og bøndene drog heimatt. 

- Svaret kom frå København. Folket fekk den skatteletta dei hadde bede om. Men oppstyret i Bergen måtte straffast. Kongen sjølv visste lite om alt dette, og sette ned ei nemnd som skulle granske saka. Tre av leiarane vart dømde til døden, men dommane vart seinare omgjort til livsvarig fengsel. 

Ekstraskatten var ein fiasko og vart avskaffa i 1772.  

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal