Kongens fortenestemedalje i Lindås kommune
(13.04.2007)
Kongens fortenestemedalje vart stifta i 1908 av kong Haakon
7. til belønning for fortenester innan kunst, vitenskap og næringsliv,
samt for utmerka forhold i offentleg teneste. Medaljen vert utdelt i gull
og sølv.
2007
Asbjørn Åsgard får H.M. Kongens fortenestemedalje
i sølv for sin store innsats for kultur og historie. Han har bl.a
skrive skulesoga i Lindås i to bind, soga om helsestellet i kommunen,
og fått historia om Katharina Saltnes fram i lyset.
2007
Jostein Vike får H.M. Kongens fortenstmedalje i
gull for langvarig samfunnsganglig virke for distriktsutvikling og næringsutvikling
i Nordhordland, samt engasjement og innsats for å ta vare på
kulturelle og historiske særpreg i regionen. Fylkesmann Svein Alsaker
stod for tildelinga under ei tilstelling 11. april på Alver Hotel.
2005
Olav Hannisdal får kongens fortenestemedalje i
sølv for sin aktive innsats på mange områder. I sitt
yrkesaktive liv var han m.a. lærar - og han arbeidde mange år
i lokalavisa Strilen - som han var med å starta. Han har også
vore aktiv i menigheitsarbeid og i fråhaldsrørsla i Nordhordland.
Ordførar Tove Brandvik stod for tildelinga under ei tilstelling
på kyrkjelydshuset på Lindås lørdag 10. desember
2005.
2005
Maria Sivertsen, frå Alversund, får Kongens
fortenestemedalje i sølv for utmerka samfunnsinnsats gjennom eit
langt liv. Fylkesmann Svein Alsaker stod for overrekkinga under ei høgtideleg
stund i Sandviken i Bergen torsdag 24 november. Maria har gitt fleire store
pengegåver til ulike gode formål bl.a. 1 million kroner til
Barneklinikken på Haukeland Sjukehus og 100.000 kroner til oppussing
av Alversund kyrkje.
2005
Ove Jan Paulsen får kongens fortenestemedalje i
sølv for sitt engasjement på mange områder for å
bevare eit godt miljø i Lindås-bygda. I tillegg til sitt daglege
arbeid som rektor har han bl.a. vore med i mange lag og organisasjonar
- og har vore dirigent for Lindås Songlag i 21 år. Ordførar
Tove Brandvik stod for tildelinga under eit arrangement lørdag 24.
september 2005.
2004
Olav Grov får Kongens fortenestemedalje i gull
for sitt arbeid med å leggja til rette for industri på Mongstad.
Grov får også medaljen for sin innsats i lensmannsetaten der
han var tilsett frå 1941 til han gjekk av med pensjon i 1987. Dei
siste sju åra som lensmann i Lindås og Meland. Han var også
ordførar i Lindås tidleg på 1970-talet. Medaljen var
utdelt av fylkesmann Svein Alsaker under ei høgtidleg tilstelling
på Lindås Brygge 24. mai.
2004
Karsten Larsen fekk Kongens fortenestemedalje i sølv
for sin innsats for lokalmiljøet i Alverstraumen. Larsen fekk medaljen
under ei tilstelling på Alver Hotel, der ordførar Tove Linnea
Brandvik stod for utdelinga. Larsen arbeidde som bakar i heile sitt yrkesaktive
liv. Utanom jobben var han engasjert i ungdomslaget i bygda. Som 18-åring
overtok han som formann, eit verv han hadde i over 20 år.
2003
Tor J. Bjørgaas får kongens fortenestemedalje
i sølv for det store arbeidet han har lagt ned i forbindelse med
Nordhordland Veteranbåtlag og arbeidet med å få D/S «Oster»
restaurert. Fylkesmann Svein Alsaker stod for tildelinga under ein høgtidleg
seremoni ombord på «Gamle dampen» som låg ved Shetland
Larsens Brygge i Bergen laurdag 6. september 2003.
2003
Vidar Lehmann får kongens fortenestemedalje i gull
for det store arbeidet han har lagt ned i forbindelse med Nordhordland
Veteranbåtlag og arbeid som prosjektleiar med å få D/S
«Oster» restaurert. Han får også honnør
som lege innan internasjonalt humanitært arbeid. Fylkesmann Svein
Alsaker stod for tildelinga under ein høgtidleg seremoni ombord
på «Gamle dampen» som låg ved Shetland Larsens
Brygge i Bergen laurdag 6. september 2003.
2002
Helge Brekke får Kongens Fortenestemedalje i sølv
for eit framragande og samfunnsnyttig arbeid, hovudsakleg for barn og unge.
Ordførar Odd Tøsdal overrekkjer medaljen under Knarvikmila.
2001
Magne Fosse får Kongens fortenestemedalje i sølv
for 50 års aktivt medlemskap i Alversund musikklag, som dette året
kunne feire sitt 100 års-jubileum. Tildelinga skjedde 17. mai under
den tradisjonsrike korpsfrukosten i ungdomshuset i Kvamsvågen.
2001
Astrid Fjellanger får Kongens Fortenestemedalje
for meir enn 62 år samanhengande innsats i Lindås songlag.
Dei siste 40 åra også som leiar og pådrivar i Lindås
Fråhaldslag. Astrid har og meir enn 40 års innsats i Lindås
Sanitetsforening.
2001
Karstein Daae Stene får Kongens Fortenestemedalje
i sølv for eit omfattande og samfunnsnyttig arbeid gjennom lang
tid. |