Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Prisar/utmerking
Frivilligprisen

  


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

  
Frivilligprisen i Lindås kommune(11.03.2007)

2006 - Bjørn Olav Benjaminsen 
Prisvinnaren har valt å bruke tid og krefter i Lindås Ungdomslag si revygruppe, faktisk i mange tiår. Personen er musikar, skriv tekstar, sørgjer for lyssetting og kulissar, han instruerar i barnespel, skodespel, musikkspel og revyar. I eit slikt allsidig og omfattande arbeid er det viktig å kunne planleggja godt – det kan denne personen veldig bra. 
Prisvinnaren legg ned utruleg mykje tid og engasjement i ungdomsarbeidet på Lindås, sjølv om han ikkje bur på Lindås. I somme periodar rundt premierar trur ein at han bur fast her i Haugatun. Han har eit inkluderande vesen og er mellom anna initiativtakar til samarbeid mellom Lindås opplærings- og aktivitetssenter og Lindås Ungdomslag. (Utdrag av begrunnelsen for kandidaten.) 

2005 - Birger Heggernes 
Denne mannen er lett å be. Prinsippet hans har alltid vore at det er frivillig og godt, å kunne glede andre. Lindås Røde Kors hjelpekorps hadde uvurderleg nytte av denne personen sitt engasjement i oppstarten av det lokale Røde Kors i 1977. Til neste år blir det altså 30 år sia, og det vil sei 30 år med aktiv innsats!! Tid å sjå tilbake på, dvele ved, mimre – og bruke som god basis og erfaringsgrunnlag for vidareutvikling av organisasjonen. Mannen er sentral i oppbygging, opplæring, leiing og beredskap i Røde Kors. Slike folk er limet i organisasjonen og får ting til å halde saman og vere ein trygg base for ungdomen, medlemar og lokalbefolkninga. (Utdrag av begrunnelsen for kandidaten) 

2004 - Arne Johan Seim 
Det er aldri nei i hans munn. Nesten kvar helg finn du han rundt i distriktet, kjøyrande på ungdommar som skal vere med på skytestemne. Han ordnar med skyss, avtaler med foreldre, held greie på tid og stad, passar på våpen og ammunisjon. Slik har han halde på i år etter år. Utan han hadde det berre ikkje fungert. Han meiner at tolmod er nøkkelen når du skal ha med ungdom å gjera. Han lytter til kva ungdomen har å seie, og han synes det er viktig at ein har det kjekt saman. (Utdrag av begrunnelsen for kandidaten.) 

2003 
Øystein Hagesæther fekk Frivilligprisen 2003. Prisen blei utdelt av vararordførar i Lindås Kåre Gaulen. Juryen valde å heidra Øystein Hagesæther, for engasjementet som han viser korpsrørsla i Nordhordland. Tildelinga skjedde i samband med ein konsert som Musikkens Venner arrangerte i storstova på Nordhordland Folkehøgskule. På konserten var Eikanger-Bjørsvik Musikk hovudattraksjonen, saman med Måltrastene. 

2002 
Tor J. Bjørgaas frå Ostereidet. Utdelinga blei foretatt i Nordhordlandshallen i samband med kulturdagane i Lindås, og utdelar var ordførar Odd Tøsdal. 

2001 
Astrid Gausereide Fjellanger frå Lindås. Utdelinga blei foretatt i grendahuset Haugatun og utdelar var ordførar Odd Tøsdal. 

2000 
Inger Helen Midtgård frå Leknes. Utdelinga blei foretatt i lokalane til frivilligsentralen og utdelar var ordførar sin representant Anders Gjerstad. 

1999 
Solveig Johnsen frå Lindås. Utdelinga blei foretatt i lokalane til frivilligsentralen og utdelar var ordførar Odd Tøsdal. 

1998 
Brita Eikanger frå Knarvik. Utdelinga blei foretatt på Strilatun og utdelar var ordførars representant Nils Holmås. 

 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal