Likestillingsprisen i Lindås kommune
2006
Liv Gjerde Eikanger vart tildelt Lindås kommune
sin likestillingspris under kommunestyremøte torsdag 22. juni 2006.
Ho får prisen for aktiv innsats innan fagrørsla og Hordaland
telefonstyrarlag. Gjerde Eikanger var også medlem av fylkestinget
frå 1980 - har to periodar i Lindås kommunestyre frå
1972 - der ho jobba aktivt for å få fleire kvinner engasjert
i politikken.
2004
Magnhild Haugen (70) mottok 29. april Lindås kommune
sin likestillingspris for sin mangeårige kamp for like rettar for
kvinner og menn, både i arbeidslivet og i det offentlege rom. Prisen
i år var ein spegel med nydelege utskjeringar.
2003
Inger Helen Midtgård fekk Lindås kommune
sin likestillingspris 2003 for politisk og fagleg engasjement for likestilling.
Midtgård er også aktiv for å skape eit godt miljø
i heimbygda si. Ordførar Odd Tøsdal overrekte prisen under
den årlege 8. mars markeringa. Prisvinnaren fekk ei sølvskål
med gullmønster, laga av gullsmed Hilde Rongevær.
2002
Ragnhild Kvalvågnes får likestillingsprisen
2002 under den årlege 8. mars feiringa i Knarvik. Ragnhild har 12
år bak seg i kommunestyret. Ho har vore i fylkestinget, vararepresentant
på Stortinget, leiar i Senter-kvinnene i Hordaland og aktiv i både
helselag og bondelag.
2001
Torill Høyland får likestillingsprisen for
sitt mangeårige arbeid for likestilling og likeverd mellom kvinner
og menn. Prisen er eit maleri av kunstnaren Gro Fyllingsnes, og vart overrekt
av ordførar Odd Tøsdal.
|