Lindåsslusene i Skallestraumen
Forfatter: Harald Hundvin
Publiseringsdato: 23.11.2006
I 1870-åra auka dampbåtferdsla i Nordhordland
mykje, og fleire og fleire bygdelag ba om at dette transport-vidunderet
også måtte stogga i deira bygd. I slutten av 1876 søkte
Lindås herad om at båten måtte koma inn til Lindås
og Vågseidet. Frå fjorden utanfor og inn til Lindås-osen
fører fleire stride straumar, men berre 2 av desse var det mogleg
å bruke som båtlei: Det var Kjerringstraumen og Skallestraumen.
D/S «Austrheim» i Lindåsslusene. Foto:
Bergens Sjøfartsmuseum.
Desse straumane kan vera temmeleg stride når sjøen
flør eller fjerar, og då kan ikkje båtar gå der.
Difor måtte båten alltid venta ved ein kai utanfor Skallestraumen
til det vart flo sjø og straumen stilna, og denne ventetida kunne
ofte verta lang. Kaien fekk difor namnet «Pinebenken», og den
heiter det den dag i dag.
Ein eller annan framsynt mann (truleg doktor Th. Collet)
hadde teke opp denne vansken med ingeniøren i Hamnestellet, og dei
hadde sendt ein søknad til staten om å få sprengja ei
renne i Skallestraumen. Dei meinte med dette at det skulle verta ei brukande
båtlei.
Den 12. oktober i 1876 fekk Lindås herad oversendt
alle dokumenta frå Hordaland fylke.
Kravet frå staten var:
1) Lindås herad måtte yta tilskott til utsprenginga.
2) Privatfolk måtte yta liknande tilskott.
3) Lindås herad måtte tinga med mylneeigar
Huun om at han måtte setja ned kravet om godtgjerdsla. Hans krav
var kr. 6.400.
4) Tinga med grunneigaren i Spjotøy om lov til
å sprengja i Skallestraumen.
Med 21 mot 6 røyster gjorde heradstyret seinare
dette vedtaket: «Heradet yter kr. 400,- til arbeidet. Ei nemd på
3 menn skulle garantera for at privatfolk ytte det same». Dei 3 mennene
som garanterte for summen var: Dr. Th. Collet, lensmann Laastad og Jacob
Fjellanger. Pengane fekk dei inn, og arbeidet med sprenginga var ferdig
i 1889.
Etter sprenginga vart Skallestraumen mykje stridare enn
før, og nå synte deg seg at ei flu i Kjerringstraumen måtte
sprengjast bort. Til dette arbeidet gav staten kr. 100,-. Samstundes gav
Lindås herad kr. 50,- til utbetring av dragvegen på søre
sida av Kjerringstraumen. Men trass i alt dette arbeidet, måtte båten
likevel ha si ventetid ved «Pinebenken», til stor leielse for
dei reisande.
Kanal og hamnestellet arbeidde nå vidare med plan
om ei større utsprenging i Skallestraumen, men då bad Lindås
heradstyre om at dei venta litt med dette, for det såg ut til at
det ville koma nye eigarar til Mylna og grunnen ikring. Etter tingingar
hadde Huun sett sitt krav til kr. 4.000,-, og grunneigaren ville ha kr.
800,-. Ikkje lenge etter overtok Jacob Bergfjord Mylna ved arvefeste, og
straks kom det meir fart i arbeidet med å gjera Skallestraumen til
ei god båtlei, for nå hadde planen om sluse dukka opp.
Lindåsslusene. Foto: Bergens Sjøfartsmuseum.
I 1897 gjorde så Lindås herad samrøystes
vedtak om - «Å be Riksstyret byggja sluse i Skalle - straumen,
og at pengar til dette arbeidet måtte verta sett av på Riksbudsjettet
alt i 1898- 99.» Saka kom attende til heradstyret i 1899, med dei
vilkår som heradstyret måtte gjera vedtak om.
Den 22. november 1899 hadde heradstyret møte. På
dette møtet var også fylkesmann (amtmann) Hroar Olsen med.
Ei nemnd på 4 menn hadde etter pålegg frå heradet arbeidd
med «slusesaka», og etter framlegg frå dei gjorde heradstyret
med 23 mot 9 røyster dette vedtaket:
A) Når arbeidet med slusene var ferdigt, skulle
heradet ta på seg alt vedlikehald av slusene.
B) Heradet skulle bera alle utgifter med opning og stengning
av slusene.
C) Heradet skulle ta på seg alle utgifter for skadebot
som arbeidet måtte føra med seg.
D) For å få inntekt til å dekkja desse
utgiftene, skulle alle som reiste gjennom slusene, betala ei avgift etter
eit regulativ, som Kongen skulle godkjenna.
Dei 4 mennene som hadde utarbeidd dette vedtaket, var
Martinus Ones, Jonas Marås, lensmann Laastad, og ordfører
A. Haraldsen - alle vel kjende føregangsmenn i Lindås. I 1901
sende Hamnedirektøren heradstyret framlegg til «Reglement
for brug av slusene i Lindås», og desse vart samrøystes
godkjende. Med Jacob Bergfjord, som eigar av Mylna, hadde heradet kome
fram til avtale om ei godtgjersla på kr. 500, - «for dei tap
og den skade han måtte få for skuld sluse - arbeidet».
Dette vart vedteke med 19 mot 14 røyster. Mindretalet ville gå
til oreigning «fordi kravet frå Bergfjord var mykje for Stort».
Arbeidet med slusene kom i gang sumaren 1903. Same året
truga eigaren av Spjotøy heradet med saksøking, dersom ikkje
han også fekk skadebot for slusearbeidet. Heradstyret baud han kr.
100,- ein gong for alle, men det ville han ikkje godta. Han la opp sak
mot heradet, og det vart ei lang og dyr soge: Domen fall i 1905:
Han tapte saka, og fekk kr. 100,- i sakskostnader. Han
anka domen inn for Høgsterett, og 16. oktober 1912 sa Høgsterett
dom i saka, som då hadde vara i 9 år (frå 1903-1912).
Han tapte saka på nytt, og fekk kr. 450, - i sakskostnader.
Avtalen med Hamnestellet var, at så snart dei var
ferdige med slusene, skulle dei ta opp arbeidet med å tryggja båtleia
i Haukåsstraumen, så båten kunne gå trygt inn til
Vågseidet. Godkjend plan for dette arbeidet førelåg,
men Hamnestellet kom med ein ny plan som var mykje billigare enn den første
planen, men ikkje på langt nær så god. Mot denne siste
planen protesterte Nils Stene og kapteinen på rutebåten «Nordhordland».
Heradstyret var samde med dei, og så måtte Hamnestellet arbeida
etter den første godkjende planen.
Det vart ikkje arbeidd på slusene heile året,
men kvart år berre for den sum som var avsett på Riksbudsjettet,
så det tok si tid å få slusene ferdige. Men endeleg,
våren 1908 var slusene ferdige, og den 12. juni 1908, overtok Lindås
herad slusene i Skallestraumen. Heradstyret tilsette Jacob Bergfjord som
«slusevaktar» for ei årsløn, stor kr. 500,-. På
fyllinga ved slusene bygde heradet ei bu, slik at påfyllinga av olje
og kveiking av lyktene kunne føregå inne. 2 menn, Jacob B.
0. Vabø og Nils L. Hundvin vart pålagde å koma med framlegg
til takstar for dei som kom til å nytta slusene.
Etter framlegg frå dei, vedtok heradstyret den
11. april 1911 desse takstane:
1. Robåtar: kr. 0.25.
2. Båtar som berre krev opning av 1 sluseport:
kr. 0,40.
3. Større farty: kr. 0,75.
4. Møkprammar med slep: kr. 1,50.
5. Mindre prammar: kr. 1,-.
6. Rutebåtar: kr.0,60.
7. Ferdafolk med rutebåtar og andre farty: kr.
0,10.
Billettøren på rutebåten skulle krevja
inn avgifta av dei som reiste med rutebåten. For andre som fór
gjennom slusene, skulle slusevaktaren krevja inn avgifta.
Heradstyret vedtok samstundes at «slusekassen»
skulle ha eigen kassastyrar. Dei pengane som kom inn i avgifter skulle
ikkje gå vegen om heradskasseraren. Jacob B. 0. Vabø vart
samstundes tilsett som «slusekassastyrar.»
Kloke og framsynte menn hadde med dette skapt ei god og
trygg båtlei for folket i denne luten av Nordhordland, og bygdefolket
var vel nøgde med utfallet. Heradstyret sende også eit takkeskriv
til Riksstyret for den hjelp dei hadde gjeve til dette arbeidet. I alle
år slusene var i bruk, virka dei perfekt. Då den første
slusevaktaren døydde, vart sonen, Anton
Bergfjord, ny slusevaktar. Takstane for bruk av slusene
vart gjennom åra svært lite endra.
Etter siste verdskrig vart ferdsla meir førd over
frå sjø til land. Rutebilen og varebilen tok meir og meir
over båten si oppgåve, og mot slutten av 1950-åra var
båten borte for godt. Det var ikkje bruk for slusene meir, og portane
vart opna for siste gong. Straumen får nå gå fritt som
i gamal tid, og slusene står til nedfalls.
Den nye oppveksande slekt veit lite om at det for 80 år
sidan vart bygt sluser i Skallestraumen. Slik burde det ikkje vera. Dei
kloke og framsynte menn som fekk istand dette arbeidet, skulle hatt eit
betre minnesmerke etter seg enn rust og skrapjarn og rotne portar. Det
burde vera ei kulturoppgåve for sogelag, herad, fylke og stat å
få slusene i Skallestraumen i full stand att, og få einkvan
til sjå etter dei. Då kunne reiseglade ferdafolk få ta
rundturen med båt frå Bergen gjennom slusene, over den vakre
Lindåsosen, gjennom den tronge og fengslande Haukås-straumen
inn til Vågseidet, og så med rutebil over det vene Nordhordland
attende til byen. Og reisande som kom med rutebilen, kunne ta båten
attende til Bergen.
Eg trur for visst at dette ville verta ei turistrute som
ville få folk til å reisa. For den som ikkje har reist gjennom
slusene i Skallestraumen, over Lindåsosen, gjennom Haukåsstraumen
til Vågseidet, har gått glipp av ei rik og mektig naturoppleving.
KJELDER:
1. Karl Sjurset: Lindås herad frå 1837-1937.
(Formannskapslovene 100 år). Utgjeve av Lindås sogelag 1942.
2. Lindås-Masfjordens Dampskibselskap 1880-1930.
-----------------------------------------------------------
Informasjonen er henta frå BNR- NYTT nr. 3 - 1986 |