Landets lengste vegtunnel
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 25.07.2004
7. juli 1927 skjedde det ei storhending innan samferdsla
i Nordhordland. Då vart landets lengste vegtunnel på 184 meter
opna gjennom Fureberget, og tunnelen batt Vassbygdi saman med Seim og Isdalstø.
Dette gav store utsyn for ei utvikling av trafikken på
landevegen, då det no let seg gjera å køyra like frå
Fanebust i Lindås til Isdalstø, ei veglengde på nærare
35 km.
Ved innslaget til Furebergstunnelen i 1925. Eigar av
biletet i 1988: Nils Nonås, Lonevåg.
I Gula Tidend stod det fylgjande å lese denne dagen:
Eit nytt stykke ferdigt av Alversund - Lindaasvegen
«I dag skal fylkesmann Friis Petersen, yveringeniør
Jensen, lensmann Dåe og ordførar Elsås ut og taka imot
hovudvegen Seim - Gausreide som no er ferdig. På dette stykket hev
ein og den store tunnelen gjennom Furuberget som hefte so mykje.
Med dette vegstykket hev ein fenge ein ny bindeledd på
vegen millom Alversund og Lindaas. Det er berre 5-600 m att til ein hev
heile sambandet ferdigt. Den gamle vegen jamsides kann brukast millombels,
ogso til bilferdsla.»
Avisa skreiv ingenting etter opninga.
Vegparsellen Seim - Nesse - Hopland vart opna seks dagar
før, altså den 1. juli 1927. |