Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Aktivitetar
Fjelltrim
Sørsida

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

 
Fjelltrimmen på Sørsida 2006
(21.03.2007)
Forfatter: Knut Fr. Sørheim

Fjelltrimmen på Sørsida kan etter kvart seiast å ha tradisjonar, for me har no runda heile 25 år. Opp gjennom åra har det vore tusenvis av besøk på ulike postar rundt omkring i skogs- og fjellområda våre. 

Folk har etter kvart vorte betre kjent i fjella, turane har gjeve oss mykje og god mosjon - og ikkje minst : Me har fått mange flotte naturopplevingar med på kjøpet. 


To av dei eldste deltakarar i fjelltrimmen i Masfjorden: Ragna og Tomas Krossøy. Foto: Knut Fr. Sørheim. 

Dersom ein er innom 10 eller 15 postar, har ein samstundes gjort seg fortent til premie. Talet på premierte deltakarar har variert ein del, men frå 1995 til 2005 låg talet mellom 90 og 128. Men når det gjeld 2006 vart det ein nedtur i høve til premierte deltakarar; det var berre 53 personar som hadde gjort seg fortente til premie. 

Med tanke på den fine sommaren me hadde i fjor, kan det verka litt merkeleg. Men det er nok utan tvil meir attraktivt å liggja i sjøen eller i vatnet når me først får ein slik ”Syden-sommar”. I tillegg la me i fjellvandrarkomitéen merke til at folk var heller trege med å koma seg i gong med turar på vårparten, og utover hausten vart veret av det heller dårlege slaget. 


Turpause med utsyn over Andvikdalen/mot Marnipa. 
Foto: Knut Fr. Sørheim. 

Studerer ein talet på totalt besøk på postane, ser det heile heldigvis noko lysare ut. I fjor var det faktisk 2720 besøk på postane, og det er det 5.beste resultatet i fjelltrimmen si historie. 

Laurdag 17.mars vart det arrangert fjellvandrarfest på Fjon grendahus. Det var i underkant 70 personar som møtte opp til fest, og dei fekk med seg diverse programinnslag, god mat – og sjølvsagt premieutdeling. 

Me er allereie i god gong med å få ut nye postar for sesongen 2007. 

I lokalavisene og på oppslag er oversikta over onsdagsturane kunngjort. På Sørsida har me åtte postar som også er onsdagsturar, og bortsett frå den siste som no vert nemd,er alle postane lagde ut. Desse postane er : Totlandssetra, Lykjelen, Torsteinshytta, Håvarden, Mjangerssetra, Blådalsvatnet, Melshovden og ”Okslæ” ovanfor Einestrand. Kanskje kan det verta nokre turar i påska ? 


  Ein del av dei frammøtte ved Stølsmesse på Andviksetra – ein av turpostane 2006. Foto: Knut Fr. Sørheim.

Me i fjellvandrarkomitéen håpar på at talet på premierte deltakarar skal verta høgare igjen for sesongen 2007. Me registrerer at folk er vortne meir medvitne på å mosjonera og å halda seg i form, og me vil leggja forholda til rette for at det kan vera aktuelt å ta ein tur ut i naturen. Det skal ikkje vera vanskeleg å klara 10 postar, så det kan vera ei realistisk målsetjing for mange. Få gjerne med deg andre på tur, anten det er på ein dagstur eller på ein kortare kveldstur. 

Frå midten av mai kan du kjøpa kart m/informasjon hjå Marit Krossøy, Terje Rasdal eller Oskar Fredheim/Wenke F.Ekren. 

Då står det berre att å ynskja alle god tur ! 

Fjelltrimresultat 2006 

Aldersgruppe 16 år og over: 

Fullført 15 postar: 
Gunnar Andvik 
Håkon Andvik 
Kjersti Andvik 
Leif Andvik 
Astrid Bauge Bakke 
Magne Bakke 
Alf Terje Bauge 
Aslaug Bauge
Geir Inge Bauge 
Gunvor Fyllingsnes 
Karin Hatlevik 
Målfrid Haugsvær 
Bjørg Holmaas 
Inger H. Kvinge 
Terje Rasdal 
Kolbjørn Reknes 
Laila O. Ljøen Reknes 
Rune Romarheim 
Vebjørn Aasgard 

Fullført 10 postar: 
Marit Krossøy 
Bente Konglevoll Bauge 
Knut Fr. Sørheim 
Agnes Andvik 
Lars Andås 
Eldbjørg Mjanger 
Ruth Andvik 
Gunn Hindenes Andås 
Line Bauge 
Jorunn Færevaag 
Jolaug Haugsvær 
Kari Haugsvær 
Ragna Krossøy 
Tomas Krossøy 
Monrad Kvinge 
Magnus Kvingedal 
Arne Toralf Mjanger 
Bjørg Nordland 
Torbjørg Anne Nordland 
Bjarne Nyhammer 
Kari Skår Sørheim 

Aldersgruppe opp til 16 år: 

Fullført 15 postar: 
Helen Andvik 
Ingmund Andvik 
Kristin Andvik 
Siri Andvik 

Fullført 10 postar: 
Nicolai Krossøy 
Tor Andre Torsvik Bauge 
Håvard Haugsvær 
Anita Hindenes Andås 
Kjetil Hindenes Andås 
Jonas I. Bakke 
Simen Iversen Bakke 
Bjørnar Torsvik Bauge 
Hanne Torsvik Bauge 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal