Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
1. årgang

 

   
 

 
Bjørn West - museet
Forfatter: Jonas Riisnes

Bjørn West var ei geriljaavdeling på om lag 250 mann som mot slutten av krigen opererte i masfjordfjella bak fienden sine liner. Etter 8. april 1945 vart heile styrken samla i fjella aust for Matre, og med hovudkvarteret på Stordalen fjellstove. I 1941 var tyskarane komne til Matre med russiske krigsfangar for å grave sand. 

Dei oppretta ein fangeleir med 200 krigsfangar og 30 fangevaktarar. Dermed kom grensa mellom Bjørn West-området og fienden til å gå nettopp på Matre. Ja, Bjørn West-karane som heldt til på Litlematrestølen var stundom så nærme at dei såg ned på huset der den tyske kommandanten på Matre, Karl Wagner, budde. I dette huset var det også vaktkontor, og det var forbi denne vakta folk frå Stordalen og Fosse måtte innom for å vise pass når dei skulle til handelsmannen eller på postkontoret på Matre. 

Dette heilt spesielle huset er det nå som vert det framtidige Bjørn West-museet i Masfjorden, etter tilråding frå eit samrøystes interimstyre, med representantar frå seks kommunar, Lindås sogelag og Masfjorden sogelag. 

Huset er bygd i 1912, og er av fleire grunnar verneverdig. Hordaland fylkeskommune har teke arbeidet med ominnreidning av huset til museum med som eit tiltak under -Prosjekt Vestkyst. Dette arbeidet tok til i november 1991 for midlar som er stilte til rådvelde av Miljøverndepartementet. 

Arbeidet vert leia av ein arkitekt som arbeider for -Prosjekt Vestkyst, og som grunnlag for planløysinga nyttar han delvis eit forslag utarbeidd ved Forsvarsmuseet. 

Forsvarsmuseet har og lova å gi fagleg hjelp og støtte til oppbygginga av Bjørn West-museet, og har teke det med på sin arbeidsplan for hausten 1992 og 1993. 

E - VERKMUSEET 
I 1985 bygde BKK eit heilt nytt kraftverk ved Hommelfossen. Den gamle stasjonen med røyrgate vart då nedlagt og freda. Kring den freda kraftstasjonen og ein nyrestaurest mindre gardsstasjon - på 8 kW - for Fossegardane oppe ved Brydalsfossen, bygt i 1947 og i drift til 1957, vil ein nå prøve å få til eit kraftverkmuseum. Ein lærar i Masfjorden har i år i oppdrag å lage eit undervisningsopplegg for dette. 

------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden sogelag / Masfjorden mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal