Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
1. årgang

 

   
 

 
Ivar Areklett sitt museum
Forfatter: Jonas Riisnes

Ivar Areklett har med god hjelp av Birger Kvingedal bygd eit eige hus for å ta vare på gamle ting som maskiner, reidskap og verktøy som har vore brukt på garden hans opp gjennom åra. Det er ei allsidig samling som har fått plass i museumshuset i Arekletten. 

Ein finn mellom anna fleire typar harvar, plogar, to slåmaskiner, rakemaskin, høyvendar, treskemaskin, hakkemaskin, heimelaga drøftemaskin og heimalaga gjødselspreiar, pluss dreiebenk, høvelbenk og eit rikt utval av reidskapar. Ein del av desse er så gamle at folk i dag ikkje veit kva dei har vore brukt til. 

Ivar har fortalt inn på lydband dei viktigaste opplysningane om kvar einskild ting i museet, og ein vil prøve å få heile samlinga formelt registrert. 

Ivar Areklett vil at samlinga skal verte verande på garden også i framtida. Difor har han bygd dette gode huset med støypt golv og solid pannestein på taket. 

For alle som er interessert i å lære om gardsdrift i Masfjorden i gamle dagar, er samlinga til Ivar Areklett av stor verdi. Ivar seier at både skuleklassar og andre er velkomne til å få sjå og studere dei mange ulike gjenstandane. 

På garden er det også eit gamalt vasshjul som er teke vel vare på i eit eige lite hus. Dette hjulet vart om haustane nytta til å drive treskemaskina med. 

Ivar Areklett er også ein dyktig båtbyggjar som har bygt i alt 45 båtar, dei fleste oselvarar. Nede ved naustet har han under eit eige overbygg ein firkeiping som er av kjend, gamal masfjordtype. Denne båten var på sjøen i mai i år, og vart filma av TV-Bergen i samarbeid med Sjøfartsmuseet. Både i Arekletten og i Sogelaget har me kopi av filmen. 

------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden sogelag / Masfjorden mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal