Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
1. årgang

 

   
 

 
Jubileumsprolog
Forfatter: Brita G. Haugsdal

Prolog til 10-årsjubileum for Nordbygda pensjonistlag på Stordalen Fjellstove 25. juni 1991. 

Gode vener og grannar, ja gode pensjonistar 
No er me her ! på Stordalen Fjellstove. Masfjorden si perle. 
Som inste gard til grensa mot Sogn. 
Slik har det vore sidan grensa kom 
Ta skorne av, Du er på heilag grunn 
Kjenner du lufta, so lett og frisk, so rein og sunn. 

Ei hylling til Stordalsfolket me no vil gjeva 
til folket her inne som levde her, bar og streva 
frå tidleg morgon til seine kveld 
Dei fann sin hugnad i livet her inne, mellom dei ville fjell. 

No er det høgsumar med sol, regn og lyse netter, 
men tenk deg å bu her - utan veg - i den lange mørke vetter 
Vegen var lang til Matre då 
dei måtte på sine føter traska og gå 
ei heil dagsreis det var, og alt ein hit på ryggen bar. 
Um hausten alt måtte vera i hus 
før snøstormen kom med sus og brus 
Då var det best å sitja inne, og kanskje på rokken spinne 
og bjørkeveden knitra på grua, varma og gjorde stova lun. 

Her var høgt til fjells, med nær himmel 
dei fann sin Gud, langt frå verda sin vrimmel 
Og TRU dei fann på sin post: Han Torgeir nekta å gå frå dyra 
då fienden kom, dei skaut både hesten og kyra 
til sist dei alle husa brende, og Torgeir fann også her sin ende 
Han gav sitt liv for folk og land, me alle vil heidra minnet hans 
Tvillingane Magnus og Sverre med huslydane sine 
kom heimatt til berre ruiner 
Men pågangsmot dei hadde, tok oppatt stellet, 
søkte um hjelp og fekk bygd dette hotellet. 

No er det køyreveg over grensa til Sogn 
så no kan ein køyra med bil og campingvog, 
Me kom hit med buss, for mange av oss eit stort pluss, 
me har ikkje bil og sertifikat, - då er det ekstra delikat 
å vera pensjonist, få køyra i turbuss som turist. 

I det skal ingen vera gamal, anten er dei ELDRE eller PENSJONIST 
I vår ungdom var kårmann og kårkona 
dei ELDRE på garden - eller 
GAMLEFOLKET 
Mange kårfolk på større gardar hadde gode kår og levde godt 
Men einslege gamle og slike som ikkje hadde kår eller pengar, 
var ille ute - dei eigde knapt si eiga pute 
måtte fara på legd - frå gard til gard 
Sitja i ei krå - utan sitt eige rom å få 
Det sosiale var fattigkassa, men den ville dei aller fleste trassa. 

No har me folketrygda som mest kjem til alle hus i bygda 
No har heimehjelp og heimesjukepleie kome til 
nokon ser fram til å verta pensjonist 
då er dei framfødd og kan gjera som dei vil 
Andre synes det er heller trist: Gå frå arbeid og ingen ting 
ha og ta seg til. 

Men no kan og dei eldre få meir å gjera; 
Reisa på Pensjonistkurs og meir få læra. 
Fleire reisebyrå ynskjer å få 
dei eldre til å reisa for meir å sjå 
men og for pengane deira å få. 

Det er ikkje til å tru at verda kunne seg slik snu 
Men pengar er ikkje alt 
Helsa og hjartefred me og må ha med 
om gamle eller pensjonistar me er 
Og så lyt me læra å kapitulera 
om ikkje høyrsle og syn vil fungera 
og redusera der kreftene ikkje alltid strekk til. 

Men gildt det er å reise på tur - og vere saman i festleg lag
for LAGET vårt feirer ti-års-jubileum i dag. 

------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden sogelag / Masfjorden mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal