Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
1. årgang

 

   
 

 
Masfjorden mållag 100 år
Forfatter: Ragnhild Jung

"Masfjorden målleselag vart skipa året 1892 etter upptak av stud.theol. Halvard Kvamsdal ved ei festleg tilstelling på Hosteland i joli det året. Lagsskatten vart sett til 1 kr for året, og for desse pengane vart det kjøpt bøker på nynorsk av Vinje, Garborg, Jens Tvedt, Per Sivle, Løland og fleire. Det vart ogso kjøpt bøker av våre mest kjende bokmålsforfattarar so langt pengane rakk. 

Fyremålet med dette laget var å vekkja sansen for bruk av talemålet åt bygdefolket og um råd var, få det innført i skulen og kyrkja og elles i alt styringsverket i bygdi. 
Laget kom til å gjera noko nytte for seg, meddi at det skapte ei rørsle millom folk, og ordskifte kom igong både um laget, bøkene og målet. 

Bøkene av Garborg var haldne for ein sers fårleg lesnad for ungdomen, og det vart tordna både frå preikestolen i kyrkja og frå talarstolar på dei store årsmøta som indremisjonen heldt imot både laget og bøkene. Men litt etter kvart stilna det av, og då spursmålet for ålvor vart reist um å få nynorsk innførd i folkeskulen, so gjekk det sers lett. Alt i 1907 vart det vedteke av skulestyret at nynorsk skulle nyttast ved den skriftlege upplæring i heile bygdi. Likeeins gjekk det med å få teke i bruk Blixsalmane i skule og kyrkja. I si tid vart det ogso vedteke å nytta liturgien på nynorsk. No er nynorsk salmebok og teke i bruk i alle sokner i bygdi". 

Artikkelen ovanfor som me har "saksa" frå Masfjordboka bind II, er skriven av Kaspar Hosteland. Det syner at det i 1992 er 100 år sidan det vart organisert mållagsarbeid i Masfjorden. I det noverande Masfjorden mållag sitt arkiv er det diverre ikkje noko som fortel om denne "arven frå fedrane". Heller ikkje i boka "Fjon eller Masfjord", skriven av Torbjørn Frølich som var sokneprest i Masfjorden 1881-1892, finn me noko om målarbeid. Han nemner berre såvidt om ein lærar at han var "ivrig målmann". At det har vore drive aktivt målarbeid i Masfjorden i åra frå Målleselaget vart skipa i 1892 og fram til vedtak om at "nynorsken skulle nyttast ved den skriftlege upplæring i heile bygda" gjort av skulestyret i 1907, må me rekna som sjølvsagt. 

Diverre har det heller ikkje lukkast å finne att møteprotokoll frå siste halvdel av dette hundreåret. Men kassaboka med liste over medlemer går attende til 1960. Men der er og eit tomrom frå 1962 til 1977. Om laget sov i dei femten åra i mellom ? Kanskje det. 

Dei som tok oppatt laget i 1977 dreiv godt, med kulturkveldar, kurs i stadnamnregistrering, innsamling og avfotografering av gamle bilete m.m. Men som det gjerne går i lagsarbeid, vart aktiviteten mindre etter ei tid, særleg då det vart vanskar å få nokon til å ta på seg formannsjobben. 

Mange andre lag skipa også til kultur- eller bygdekveldar. Om ikkje det akkurat var med hovudtyngd på litterære emne, så vart det same publikumet ein fridde til. 

Masfjorden mållag har vel difor vorte mindre synleg i bygdelandskapet, men der er liv ! 
Når det gjeld "leiarkrisa" som dei fleste lag kjenner godt til, har me prøvd å løyse denne ved å dele på oppgåvene : av dei fem styremedlemane er ein postmotakar, ein skrivar, ein kasserar, og resten vanlege styremedlemer. Styremøtet vedtek arbeidsprogram - sidan vert det å fylgje opp pr. telefon når det er naudsynt. Av offentlege tilstellingar har me i dei seinare åra hatt årsmøtet og ein bokkveld kvar haust. På desse bokkveldane får me med oss ein bokhandlar med på presentasjon og sal av bøker, særleg då nynorske bøker. 

Laget sin del av medlemspengar og tilskot av kulturmidlar har me brukt til innkjøp av nynorsk litteratur til dei tre barnehagane i kommunen. Eitt år også til videokassett til bruk i ungdomsskulen, for å prøve "bevisstgjere" dei unge på sitt eige mål når dei skal over i vidaregåande skule. Elles fekk me teikna eit diplom, ein "målpris", som har vorte delt ut til lokale næringsdrivande som nyttar nynorsk i annonsering i aviser og skriv til kundar. Dette diplomet har og vorte delt ut til forfattarar og ungdomar frå bygda som har fått artiklar eller andre arbeid "på trykk". Masfjorden mållag er medlem av Noregs mållag, og 3/4 av medlemspengane går til det landsomfattande arbeidet som Noregs mållag driv. 

Masfjorden kommune er ei nynorskkommune, som dei fleste i Hordaland, og mange meiner vel at me ikkje treng noko målarbeid. Men om evna til språk er medfødd hjå eit menneske, så er det miljøet rundt oss - heim, skule og dei vi er saman med - som gjev oss orda og måten å uttale dei på. Difor er det svært viktig at skriftspråket fylgjer opp det som ein har fått munnleg. Det er så moderne å snakke om identitet i våre dagar, eit ord som me vel kan oversetja med "fullt samsvar". Då reiser det seg eit spørsmål: Samsvar mellom kva ? Kanskje mange har kjent på dette når det gjeld bokmål-nynorsk. Ein kan lese eller høyre og skjøne det eine like godt som det andre, men skal ein seie noko sjølv, er det mest naturleg å bruke sin eigen dialekt - eller forma som er nærast den. 

I dette ligg noko av vår identitet. Og det er ofte viktig å styrkje denne, særleg dersom den eine målforma er dominerande i samfunnet. 

Målarbeidet er difor å gjera born og ungdom, ja andre og, medvitne på sitt eige språk (dialekt). Ja, at det er ein svært viktig del av eins eigen person. Språket er levande berre så lenge det vert brukt i tale og skrift. 

------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden sogelag / Masfjorden mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal