Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
1. årgang

 

   

 
 
 
 
 
 
 

 

 

Masfjordsongen
Forfatter: Ukjent

(tileigna "Syskinringen") 
Då Gud skapte verdi - han skapte og deg 
du Masfjord - mi heimbygd - meg kjærast 
um burte eg fara - lell hugen den dreg 
til Masfjord - for du er meg nærast 
av alle dei Noriges bygder i rad 
og ikkje eg såg nokon venare stad 
kvar enn eg i verdi hev fare. 

Ja, Masfjord, kvar sambygding elska deg må 
som er utav Masfjordætt runne 
du kallar og lokkar oss heimatt å sjå 
om andre stad plass me hev funne 
for staden der heime hjå mor og hjå far 
den gildaste staden i verdi det var 
um enn me frå Masfjord laut fare. 

På heimlege tufter der Masfjord me såg 
alt frå me som born kunne minnast 
og bygdi sin fagerdom stemde oss fjåg 
skal tru noko venar kan finnast 
enn Masfjord med skogkledde lider og fjell 
i solglans so bjarte frå morgon til kvell 
mens fuglesong tona frå lunda. 

Ja, Masfjord, vår heimbygd - me minnest so vel 
av dine kan ingen deg gløyma 
i heimen - i kyrkja så tidt me var sæl 
då livskjelda til oss fekk strøyma 
og nøra den heilage livstrongen vår 
dei minni skal leva - og faste dei står 
på grunnar som aldri kan svikta. 

Kvar ting i naturi, Masfjord; du gav 
som herren so raust let deg syna 
kvart tre og kvar runne 
kvar blome på grav 
Guds herlegdom rett fekk me skyna 
i alt det du Masfjord av fagert bar fram 
og ikkje du heimbygd har gjort deg til skam 
for Gud heve skapt deg til æra. 
----------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden sogelag / Masfjorden mållag.

 

 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal