Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
1. årgang

   

   
 

 
Minne frå ei faren tid
Forfatter: Einar Rambjørg

Tidene har forandra seg mykje sidan me vaks opp, både vegar og andre ting. No er det veg som bind saman grendene og den eine kommunen med den andre. Før gjekk me over fjell og finnar, som dei seier, for å kome fram. Men jamen kom me fram i den tida og. 

Når me tenkjer attende, så var folk strevsame og fann seg i mangt som ein idag aldri ville teke på. Eg kan hugsa den tida då me støla i Steinsdalen, kva slit og strev det var å kome fram. Når me reiste opp om våren - eller på føresommaren - var det mykje me måtte ha med oss. Seperatoren var vel tyngste børa, men mat og sengeklede og så salt til kyrne vog sitt. 

Me køyrde sakene på Rambjørgsvika, fekk det ombord i båt og rodde så til Hosteland. Men nokon måtte gå med hestane. Eg veit at eg var berre 12 år første gongen eg gjekk med hestane. Me måtte gå om Sleire og til Kvamsdalen etter vogner me hadde fått låne der. Så køyrde me til Hosteland, der dei andre no var komne med varene. Dei vart så lesste på og køyrde opp til Kvamsdalsvatnet, der hadde me båt over vatnet. 

Me som gjekk med hestane, måtte gå Stranda og vidare til Byrkjeland. Der lånte me vogner på nytt, køyrde ned til vatnet, og lesste varene i vogna og køyrde dei til Byrkjeland. Alt vart så lesst av på køyrebrua til Jon Birkeland, og etter at me hadde kvilt oss litt, var det å legge sal på hestane og lage til kløv. Så bar det oppover kleivane og langs elvane til me var i Steinsdalen. Det var litt av eit ståk med all den bytinga frå kjerre til båt fleire gonger. Det var godt å få kvile seg når ein endeleg var framme. 

Eg kan hugse at me eingong gjekk om Lauveidet på heimvegen for å korte inn på vegen. Då måtte me over Loveidbrua, og ho var litt skral. Dei andre gjekk over brua med hestane sine, men far tok selen av merra vår. Ho sumde so over elveosen og far bar selen over brua og la han på att. Så gjekk me i Austevågen og utatt Frøysetkleivane og heimatt. 

Det var no kjekt å ta seg tur til fjells om sommaren. Det var så idyllisk med bjølleklang og lokking på kyrne, og dei gaula og svara borti liane. So vart me no kjende med stølsjentene, dei ba oss ta turen omatt. 

Me var og ute på "Gulingane" sine stølar: Transdalen og Austgulstølen. Dei ligg ikkje så langt frå Steinsdalen. Me kvidde oss ikkje for å gå ein 4-5 timar for å koma til støls. Oftast vart me godt mottekne av stølsjentene og fekk rjomekolle og nysteikte kaker. Det smakte ! 

Me måtte og overnatte på setra, for det var langt å gå heimatt same dagen. Då fylgde me jentene når dei gjekk for å mjølke og bar mjølkebytta heimatt for dei. Det kunne vera tung bør, så dei sa ikkje nei til det. Så skulle mjølka separerast, og me bydde oss til å snu separatoren. "No må du bremse litt, det går for fort og då kjem det for lite fløyte", sa dei. 

Me karane skulle vel vise oss litt, men me hadde ikkje noko øving i å ha høveleg fart. Meir øving hadde me vel når det galdt å kløyva ved og fyra i ovnen. Me prøvde å vera hyggelege og gjera nytte for oss, og mykje moro hadde me på setra, då det er gildt å tenkja attende på - ei fara tid. 

-------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden sogelag / Masfjorden mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal