Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
1. årgang

   

   


 
Or minneboka til ei seterjente
Forfatter: Ragnhild Jung

Når våren den komen er 
Med gras og blom og bær 
då brenn det ein lengt so varm 
djupt i min unge barm 

Den lengten den ulmar tid 
og aldri eg blir den kvitt 
den hugen min dreg so blidt 
mot fjellet og setra den fer 

Den staden vart meg so kjend og kjær 
eg minnest alle gilde stunder der 
i helg og yrke ved dag og seine kveld 
i skodderegn og solgulls stråle-eld 

Eg kjenner meg yr og glad 
snart skal eg til fjells få dra 
snart slepp eg or dalen trong 
og sullar sær ein song 

Deruppe ved sumartid 
med fuglar dei syng i lid 
og himlen er blå og blid 
eg trallar dei gladaste kvad 

No eg atter komen er 
på solfagre stølar her 
eg kjenner det alt so vel 
her trivst eg yr og sær 
alt er som det var i fjor 
høyr fuglar dei syng i kor 

Ja, her på stølen kan du tru er gildt 
ein draumstill kveld når soli smiler mildt 
Eg kjenner å slik hug so mang ein gong 
til tolka all mi glede ut i song 

For songen den lyfter gjer 
tanken på venger ber 
frier frå kav og sut 
so fritt yver tind og nut 

Leikand i himmelrand 
med sola den glør i brand 
stanar til sist hjå han 
som hev blitt meg so kjær 

------------------------------------------------------------------------------------------------ 
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden sogelag / Masfjorden mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal