Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
1. årgang

 

   
 

 
Namngjeving i Masfjorden
Forfatter: Jon Hope

Namngjeving har det gjennom tidene alltid vore. Ei enkel hending kan ha vore bakgrunnen for eit stadnamn. Frå den tid me budde i lærarbustaden på Solheim skule, gav borna våre namn til ein stein nede i Solheimsdalen. Steinen vart heitande Trædalssteinen. No er steinen borte. 
Han gjekk med til fyll då Vegvesenet utvida vegen i 80-åra.... 

Bakgrunnen for namnet er dette: Johannes Trædal budde i Furebotn. Han kjøpte seg sykkel etter siste verdskrigen, men sykla ikkje ned brattaste dalen, for oppatt måtte han gå likevel. Sykkelen sette han difor frå seg bortunder steinen. Dermed namnet. Alle visste no kvar det var. Slik kan vera opphavet til liknande namn. 

På Fosse hadde dei ein åker som dei kalla Gunhildåkeren. Truleg ei tenestejente eller ei eldre jente som fekk bu på garden etter å ha tent der lenge. Det fortelst forresten at på Fosse hadde dei svært mange potetåkrar. Somme seier 100 stykke. Men det var ikkje mange potetstø i kvar. På Fosse var det myrlendt. Potetene vart sette på dei turraste plassane, oppå steinar og likande. Det vert sagt at dei ein haust ikkje fann siste åkerlappen. Dei leita og leita, men til slutt måtte dei ta potetkipa og gå heimatt. Men då kom åkeren til syne. Han var under kipa. 

På Solheim var der ein åkerlapp som vart kalla Lasseåkeren. Han var ikkje stor, ca. 5 kvadratmeter. Namnet kom av at Lasse Brendsdal som budde på Solheim og dreiv som skreddar, hadde fått brukt ein jordflekk mellom nokre berg til å setja poteter i. For Ola Solheim, eigaren av garden, hadde denne flekken liten verdi, men skreddaren fekk poteter som hjelpte godt på i hushaldninga. 

På Indre Hope er det to bruk. Dei fann korkje fure eller eik i eigen skog. Dei var likevel ikkje i beit. Dei gjekk der desse trea var å finna, den eine i Trodalsmarka, og den andre i Stegalvikmarka. Men dei spurde aldri om lov, etter det segna fortel. 

Eg skal fortelja om han som rodde ut på Stegalvikstranda. Han fann seg ei høveleg fure, hogde, kvista henne og løypte ho nedgjennom lia. Det var bratt og såg ut til å gå greitt, men då tok fura ein annan veg enn hopsmannen rekna med, og da gjekk ikkje bære te enn at fura rende rett gjennom båten hans. For å koma seg heimatt, måtte stakkaren fram til folk i Stegalvik og fortelja korleis alt hadde gått til. Båt fekk han låna, men denne segna enda med at han gjorde det visst ikkje oppatt. 

Då eg fortalde far denne segna som eg hadde funne i årbok 1952 for Nord-og Midthordland sogelag, kunne han leggja til at Lars Stegalvik hadde ein gong fortalt med han at innafor Stegalvik var det ei løype som kaltest Hopsløypa. Samanhengen verkar truverdig. 

Far min hadde eit herme etter naboen som både fortel at denne hadde god kunnskap i botanikk og borna hans var spørjelystne og ville læra om vokstrane. Dei spurde: Ka e dette for noke, og ka e datta for noke. Og faren svara: Dette e geisk og datta e turt. Geisk og turt. No må de håtta da: Geisk og turt. 

Då eg skulle freista finna ut meir om desse plantane, viste det seg at geisk fannst ikkje i dei plantebøker eg hadde til rådvelde, og byrja tvila på sanninga i dette herme. 

Løysinga fekk eg ein gong eg synte ein del ljosbilete for bygdefolket. Då sa plutseleg Gerhard Haugsdal: Du verden kor mykje geisk. Biletet viste yngste guten vår midt i ein bakke full av geiterams. 

Dermed kunne me og vita grunnen til Geiskegjelen, dalen på Haugsdalstranda attimot Stegalvik. 

Dette var då nokre døme på namngjeving i mitt nærmiljø, og så let eg stafetten gå vidare til andre. 

------------------------------------------------------------------------------------------------ 
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden sogelag / Masfjorden mållag. 
 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal