Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
1. årgang

 

   

Om bruken av naturressursane i Masfjorden
Forfatter: Eivind Kvinge

Ein må vel kunne seia at allmakta har vore raus på handa den gongen Kvingegardane vart skapte. Med front mot Austfjorden ligg desse gardane innanfor med vågar, viker, vassdrag, med vatn, elver og fossar, barskog, lauvtrelider og fjellskog med fjellbeite, både for sau og storfe, og med fjellslåttar i tidlegare tider....... 

Desse naturressursane har vore til nytte, til gagn og glede, ikkje berre for bygda her, men også for tilstøytande kommunar og bygdelag. Om dette skal ein koma attende til seinare. 

Men fyrst noko om fiske og fangst
Fiske med snøre, dorg, setjegarn og liner vart drive av einskildpersonar. Mest kvar gardbrukar her dreiv slikt fiske, og dette var berre til eige bruk. Fiske for sal måtte drivast med notbruk, det eg her vil kalla kollektivt fiske, fordi det var så ressurskrevande at heile grender måtte gå saman om slike tiltak. 
Her måtte ein skaffa kastenot, låsenøter, notbåt, spelbåt med turvande utstyr, og nothus med alt utstyr som måtte til for turking og barking av nøter. 
Etter kasting var det ikkje mange dagane noti kunne liggja i båten før ho vart hengd til turking. Denne gjekk føre seg ved at nota vart lagd i folder over ragjer - lange, runde, kraftige stenger som vart lyfta oppunder nothuslemmen, og lagd til rettes der. Desse ragjene måtte plasserast med høveleg avstand slik at lufta kom godt til mellom notfoldene. 

Barking av nøtene måtte gjerast på føresumaren, i god tid før sildeinnsiget kom. Det tidlegaste eg minnest vart det til denne barkinga nytta heimabark. Eg hugsa han far losta - tok never av bjørka på førsumaren, når saftspenninga i trea var på det høgste. Barken løste godt frå trestamma også på denne tida. Denne avbarkinga måtte gjerast året før den skulle nyttast. 
Men etter som losting og avbarking etter kvart tok slutt, vart det til at ein kjøpte barken frå byen. Barkesåane som var nytta var lagga kjerald laga av 1-toms plank. Storleiken var ca. 100 - 150 l. 

Det fyrste eg kan minnast, det vil seia dei fyrste 1920-åra, var her berre 2 notlag på Kvingo. Det var Sørkvingo notlag og Nordkvingo notlag. Etter kvart vart det fleire lag. På Sørkvingo var der ein drivande kar som heitte Ole T. Lidal, i dagleg tale her kalla Lidalen. Han var ein føregangsmann når det galdt dette med notbruk og sildefiske. Han var den fyrste her som nytta motordriven notbåt til landnotfisket. Noko seinare skaffa han seg skøyta og snurpenot. Denne Lidalen hadde alltid bruk for arbeidsfolk, og det var ingen vanskar for han å få tak i dei nothundar han trong til kvar tid. 

Etter kvart vart her fleire notbruk. På Sørkvingo var det : gamle Sørkvingo notlag, så var det Lidalen, og så Rausialaget - ein slags fusjon av Åbakken og Nygård. Nordkvingo notlag vart delt i Birkebeinarane og Baglarane - eit slags historieplagiat. 

To gonger for året var her hovudinnsig av sild. Fyrste innsiget kom i tida, slutten av mai til fyrstninga av august. Største mengda av dette innsiget var brisling. Denne kunne vera meir og meir oppblanda av bladsild av ymse storleik, dess større innblanding av bladsild i brislingen, dess lågare pris. Den minste silda vart kalla mussa. Var brislingen rein for bladsild, og hadde rett storleik, slik sardinfabrikkane ville ha den, d.v.s. 9-11 cm. total lengde, hadde denne mange gonger så høg pris som bladsilda. I tidlegare år var her ofte innsig av rein brisling. Ja, eit av dei fyrste krigsåra - 1940-åra sto her i lås samstundes 60000 skjepper rein brisling i Austfjorden, innanfor Brumneset ved Elvik. Det var då fleire snurpenotlag frå heile Vestlandet som tok del i dette fisket. 

Største innsiget av bladsild kom gjerne om hausten og fyrste del av førejulsvinteren. I denne perioden var det meir konsentrert innsig i fjordane. Såleis høvde det seg slik ein haust at her på Kvingevågen var samla alle snurpenotbruk i Hordaland, ialt 140 bruk samstundes. Kvart bruk hadde 2 motorfartøy, ei skøyta som hadde snurpenot på dekk, og så eit mindre fartøy som vart kalla fylgjar. 
Dette vil seia at det på Kvingevågen den gongen var 280 fartøy. Her var altså ein skog av master, av skrog ein mur, for å referera til Svolderslaget. Ein kunne gå på fartøy samanhengande tvers over heile Kvingevågen. 

Når det galdt landnotlaga her på Kvingo, så vart fjorden og vågen alltid overvaka når silda synte seg. Den eller dei som fyrst fekk sjå innsiget, gav straks melding til alle dei andre luteigarane. Eg kan hugsa frå min barndom, me dreiv med slåttonna på eit innmarksstykke kalla Akstegøto, litt oppmed vestsida av Kvingedalsvatnet. Næraste naboen vår, han Erik Norst, kom med bod til han far at silda sto og kokte nede på Nordkvingevågen. No var der 3 luteigarar på Kvingedalen også som måtte få greia på dette. For å sleppa å gå dei 2 km. opp på Kvingedalen, fann han Erik Norst på at dei skulle ropa opp til dei frå der dei sto i Akstegøto. No var han Erik Norst så veldig høg i røysta, og me ungane flytta oss i god avstand frå han før han byrja ropa. Men du verden, det vart mest som det står i ein julesong: -All himlen er full av dens lyd. 
Det var som grunnen skalv under føtene på oss når han Erik og han far ropa -Mæ notæ- tre gonger. 
Me kunne høyra atterljomen kor han rulla millom Kjibotshamrane og Kvingedalslidene og nådde dei der inne, som ogso gjekk og stræva med slåttonni, Det gjekk ikkje lenge før dei tre karane der oppe : han Joans, han Martin og han Gjert, kom i fullt drev ned gjennom Kvingedalsvegen for å vera med på sildeeventyret. 

Seinsumaren 1924 var her eit sers rikt brislingsfiske, og prisen var høg, kr 13,- pr. skjeppe (20 l). 
Dette var ein sers god pris i den tida. Mange ungdomar her i grenda tente seg nokre kjærkomne kroner den gongen. Noteigarane kvitta seg med all notskuld, og hadde i tillegg ein god notlut og mannslut. 

I dei dagar var det vanleg å laga spikjeblisling, som vart nytta gjennom heile vinterhalvåret. Men beste middagsmaten var likevel kokt, fersk brisling attåt nypoteter. Då fekk ein jamen sanna det ordtaket som seier at -augo er større enn magen. 

Folk flest i dag har nok vanskar med å sjå skilnad på bladsild og brisling. Her er ei rettesnor : 
Bladsilda har ein blåleg glans i røet, brislingen har ein gulgrøn glans. Brislingen har eit kortare og meir avrunda hovud enn bladsilda. Er du enno i tvil så prøv dette : Stryk bladsilda etter buken frå sporden mot hovudet, og buklina er glatt. På brislingen kjennest buklina som om du dreg fingeren etter ei skjærfil. 

Men før eg forlet dette sildetemaet, må eg fortelja om eit minne eg har frå sumaren 1940. 
Me hadde kasta - fangsta - mykje sild kringom i Austfjorden, så her var ofte føringsbåtar som henta sild til sardinfabrikkane kringom på Vestlandet. 
Så var det ein dag der kom ein slik føringsbåt like frå Ålesund. Mannskapet ombord var to sunnmøringar, båe i 20-års alderen. Det var ein velhalden og stor båt, utstyrd med ein 50 hk. Rubbestad-Wickman motor. Det merkelege her var at desse to sunnmøringane eigde, og var skuldlause på denne båten. Korleis slikt kunna ha seg, tru - ville du kanskje vita. 

Jau, desse karane hadde i fleire år, trass i sin unge alder, drive torskefiske borte på Newfound - landsbankane. Ikkje rart at dei skalv av pågangsmot, der dei stod på båtdekket framføre oss. 
Konklusjon : Å du, å du, for ein nasjonal velstand, dersom heile Mor Noreg hadde vorte busett av slike kapasitetar. 

Også på etterjulsvinter var mannfolka her på Kvingo opptekne med sildefiske, men no som mannskap eller lutarar i vintersildfiske, anten på Fedje eller på Haugesundskanten, det siste ofte kalla Sørafiske. Fisket som gjekk føre seg like over nyttår ute på Fedje, vart kalla Storsild- eller vintersildfisket. Dette var gyteferdig sild. Etter gytinga drog silda søretter kysten til Haugesundstraktene, og her var det vårsildfisket gjekk føre seg. Dette siste fisket kunne vara fram mot slutten av mars månad. 

Etter kvart drog vintersilda lenger og lenger nordetter kysten på si gytevandring, like til Nordmøre, og reiskapane som nå vart nytta var drivgarn og snurpenot. Det ein kalla vårsildfisket vart det heilt slutt på. Det maksimale kvantum oppfiska vintersild nådde ein vinteren 1956. Det gjekk føre seg utanfor Bremanger kommune i Sogn og Fjordane, og flåten som låg ute i havet talde 600 snurparar og 1500 drivgarnbåtar. Heile havet såg ut som ein by av ljos, og det oppfiska kvantumet nådde 13,6 mill. hl. 
Dette gav også arbeid til tusener av trottuge hender i land. 

Den tida vintersildfisket gjekk føre seg på Fedje, vart det nytta fartøyskøyter - lossementer - inne frå fjordane, og dei som rusta ut desse båtane kunne få i oppdrag å skaffe pålag halvparten av mannskapet for vinteren. På desse skøytene var der 13-15 personar, så her var det ikkje noko som kunne kallast overdådigt. 

I min grøne ungdom var eg 3 vintrar på fiske, det var i 1931/32 og 33. Fyrste vinteren hadde eg kr 75,- i lut, andre vinteren kr 33,33 og siste vinteren kr 133,- så her var ein nøydd å laga munnen etter matsekken. 

Kvernhuset hans far 
Her på Kvingo har det vore kvernhus frå eldre tider. I Nord-kvingeelva var her registrert 2 flomkverner i 1721. Her var vassdrag med to, etter tilhøva då, store basseng : Kvingedalsvatnet og Blådalsvatnet. Desse to vatna vart seinare oppdemde, og kvernane vart no kalla åregangskvernar. 

Kvernesteinane, som hadde stor diameter samanlikna med andre kvernsteinar her i bygda, var komne frå Selbu i Sør-Trøndelag. Forutan å mala eigeavla korn, kom her korn til maling frå Fedje, Austrheim, Fonnes og Byrknesøy. Det var helst havre dei kom med. Malinga tok til kvart år i oktober månad og varde til litt utpå etterjulsvinteren. Her var 4 eigarar i Øvre kvernhuset, og 5 eigarar i Nedre. Det vart male både dag og natt. På dei bruka der det enno var arbeidsføre kårkallar, var det helst desse som sat i kvernhuset. Jobben med å sitja i kvernhuset vart delt pålag likt mellom eigarane, og kvar som mol tok mot betaling av sine -klientar. Ein kveld i romjula samlast parteigarane i kvart kvernhus til eit rekneskap for malinga og til eit godt måltid mat, der dei gjorde gjeldskurd på julematen som var att. 
Desse samkomene vart kalla kvednebyte. 

Kring 1930-åra vart det slutt på denne leigemalinga. Den hadde vore ei kjærkommen inntekt for brukarane her i vinterhalvåret. 

Litt om skogen her i grenda 
Ein naturrikdom her på Nord-Kvingo var all skogen. Medrekna fjellskogen var her ca. 7500 dekar, fordelt på 5500 dekar barskog - furu, og 2000 dekar lauvskog av ymse slag. Forutan brensel og byggevyrke av ymse slag til eige bruk, vart det også seldt mykje lauvved - famneved og byggematerialar som skurdtømmer. Dette siste til dei skoglause bygdene ut ved kysten. Nordkvinge- garden hadde eiga grendesag, der dei kunne foredla alt byggevyrke frå skogen. 

Det var i vinterhalvåret arbeidet i skogen gjekk føre seg. Framdrifta av skogsvyrket var med hest, slede og drog, og ein var alltid avhengig av snø. Denne kunne vera ei mangelvare sume vintrar. Til vinterkøyringa i skogen måtte hestame vera skarpskodde. Dette var jernsko med stålbroddar under, så dei kunne festa på issvullar og klake i brattingane. 
Det sa seg sjølv at myrar og dike måtte vera hardfrosne så dei kunne bera oppe hest med lass. Men her fanst også dike som aldri fraus til. Dette kom seg av at der var oppkomevatn i djupna. Her seig hesten nedi og fekk ofte eit sværa strev med å koma seg laus att. Slike opne dike vart kalla -Nerilæge. 

Greineveden av felte tre var det siste som vart henta frå skogen på etterjulsvinteren. Men ofte kunne det vera slutt på snøen då. 
Det vart oss ungane sin jobb då å bera veden heil på ryggen, på føresumaren. På steikande solskinsdagar kunne dette verta ein varm jobb. Eg var berre 7 år fyrste gongen eg måtte til skogs på slik vedbering. Og dette dreiv me på med i heile vår barndom. Me var 3 brør her som held lag i dette arbeidet, ein 1 år eldre, ein 3 år eldre bror og eg. Ofte la me på så tunge bører at me måtte krypa på knea rundt til me fann ei høg tuva der me kunne hæva odd opp i ståande stilling. Men aldre så gale at det ikkje er godt for noko: Eg har aldri havt verkande og vond rygg. 

Eg hugsa ein føresumar med steikande sol kvar dag. Me 3 karane dreiv og bar ved oppe frå Hesthovden, og ned til Mammonskardet, ein høgdeskilnad på 150 m. Frå Mammonskardet og heim var det køyreveg. No har natura ordna det slik at migemauren vert så steikande irritert i sterk sol, og dette gjev han til kjenne på ymse vis. Mellom anna gav han frå seg ei lukt så sterk at det sveid i nasa på oss, der me kom pæsande og strævande med dei tunge børene, ofte med sprakenåler nedetter den blodlaupne ryggen, og med eit fjes som var både raudt og opptrutna av solsteik og migemaulukt. 

Ja, slik var vår barndom, slett ikkje nokon dans på roser. På den tid hadde ikkje samfunnet vårt etablert desse sarte og abstrakte skapningane som kallast barneombud. 

Utnytting av fjellet 
Det fyrste fjellskogen vart nytta til, var byggevyrke og ved på sætra. Her i sætertraktene var det ogso fyrst ein fann skog. Fjella heimanfor vart nytta til utslåttar, så skog av noko omfang kunne det sjølvsagt ikkje verta her så lenge ein dreiv og slo i fjellet. Næraste nabofolket vårt, han Erik Norsk og ho Adna, var dei siste her på Nordkvingo som slo i fjellet. Det var like før siste hundreårsskifte. Der var ei mangd utmålte slåtteteigar oppe i Klefjellet. Graset vart firt på løypestrengar ned i Gjelæ, der det vart turka på hesje og lagre i 2 løer til fram på vinteren. Når fyrste snøen kom kunne høyet transporterast heim via hest og slede og løypestrengar. 

Fyrst når denne slåtten tok slutt i fjellet, kom skogen eksplosivt, slik at det i siste krigen vart khogge fleire hundre famner bjørkeved i Klefjellet. Men desse same fjelltraktene, og mykje lenger innover, vart også nytta til sumarbeite for sau, noko dei vert mykje nytta til enno. 

Kvar brukar her på Nordkvingå sende mykje sau til fjells om sumaren, og i tillegg vart det teke mot mykje leigesmale frå Austrheim kommune og frå delar av Lindås. No var ikkje desse leigarane utåtifrå alltid så spreke til å få sauene sine heimatt frå fjellet om hausten åleine. Då var det godt å veta at dei -innfødde- på Nordkvingo kunne hjelpa til. 

Eit minne frå min barndom : Desse karane som kom frå dei ytre bygdene og inn til Kvingo, i eitt eller anna ærend, det være seg korn til maling, henting av skogsvyrke eller leigebeiting av sau, dei vart med ei fellesnamn kalla -Utåtekadlane. Kvar av desse kadlane hadde sin sokalla kontaktmann på Kvingo, og samarbeidet mellom desse vart ofte så vært og kjært at denne kontaktmannen vart kalla: - Han far. 

I denne samanheng var det at han far vår fekk eit brev frå ein slik utåtekadl. Denne kadlen var truleg ikkje så skarp i dette med rettskriving. Me ungane lurde oss til å lesa dette brevet. Der stod det soleis: Jeg vil høne med dig om du fan kan skaffe mig en tnistalank og et pav fevingsavev te båtnipen da jeg va så ynest fanlegen. O J Binkenes. 

Han far som var meir skriftlærd enn kva me ungane var, kunne resonnera seg til kva tankar som låg bak desse skriftteikna. Mannen ba om ein kubbe - ein treskolørk - altså eit emne til å laga tresko av, og eit emne til å laga 2 årar til færingsbåten sin. So enkelt var det heile. 

Litt om sæterdrifta på Nordkvingo 

Sæterdrifta her tok truleg til kring 1740/50-åra. I Masfjorboka heiter det at - i 1723 var her intet sætter, så alt den gongen var ein byrja å registrera dette med sæterdrift. Dei fleste sæterhus på Nordkvingo var ombygde i 11890-åra, og laftetømmeret i veggane syner at det har vore nytta fleire gonger før. At ein ikkje byrja med sæterdrift her endå tidligare, skuldast vel at her var bjørn oppe i fjellskogen då. 

Frå fyrst av var der 7 sæterhus på Nordkvingo, og desse var plasserte i rekkjestil. Der var 4 hus i ei rekkje, og 3 hus i ei. I min barndom var der berre 6 hus att, og i 1925 var der berre 5 att. Desse siste var haldne i hevd, ogso etter at sæterdrifta var slutt. Seinare er det kome til 5 nye hus, så no er der i alt 10 stølshus på Nordkvingesætra. Underskrivne var den siste som hadde kyr der oppe. Det var i 1948. Seinare er sætrane vortne nytta berre som ferie- og rekreasjonsstad. 

I god tid før buferdsdagen gjekk dei som skulle vera sæterjenter for sumaren opp til fjells og sette i tette. Dette vil seia at dei la alle lagga trekjærald til bløyt i sætertjørna. Stemper, askar, stampar bøtter og ryggbøtter var alltid så oppgisna etter bruken sumaren før. Difor måtte dei fyrst leggast i bløyt før bruk. 

Buferdsdagen, som oftast var ein måndag, vart kyrne henta frå heimeutmarka der dei hadde beita frå våren av. Då kyrne fekk sjå at me ikkje hadde ryggspann med saltprins på oss, og heller ikkje mjølkebytta i armkroken, skjøna dei kva som var i gjære. Som Vinje sa det: -Dei hava mannavit. 

Med nokre høge raut samla bjøllekyra heile buskapen rundt seg, og så bar det i fullt firsprang heimover så moldspruten sto til vers. Like utanfor innmarksgjerdet lengst nord i Nordkvingegarden er der ein bakketopp med ei flate i lendet som kallast Venninjæ. Her var standplassen og utgangspunktet for bufærda. Alle buskapane som no var samla her, vart mjølka. Mykje folk med ryggbører og mange kløvhestar var også på plass. Så sette heile buferdsfylgjet seg i bevegelse. Både folk, kyr og hestar var veltrimma til denne ferda. Det bar oppover brattingar, bakkekneikar og kleivar, haugar, myrar og skogsåsar, gjennom gjel og over urdar. Etter pålag 1 1/2 time var fylgjet nådd fram til Blådalsvatnet, og her måtte dei fleste taka seg ein pust i bakken og turka sveitten av panna si. Her på denne kvileplassen var skilje mellom heimabeite og fjellbeite, og her vart ein liksom trollbundet av natura. Ja, ein kunne mest koma i same stemning som Garborgs Helge Håland : -Det var som fjelli dei hadde flutt seg, det var som leiene hadde snutt seg. 

Ja, ofte seinare har eg på denne staden byrja syngja den norske folketonen: -I fjor gjette eg geiten, og då til undertonar frå båreskvalpet mot strandsteinane i Blådalsvatnet. 
Men det var enno ein tredjepart att av vegen fram til sætra. Hardaste kneiken på heile vegen, var over Gummeleitet. Det fyrste som måtte gjerast når ein var framkomen, var å få kløva av hestane så dei fekk turka sveitten og beita litt. Det var salt, bein og separatoren som vart klyvja opp. Desse beina var torskebein som vart innhyses turka om vinteren. Me fekk dei tilsende i hl.kassar frå dei før nemnde Utåtekadlane. Når kyrne fekk slike bein og noko riskesalt sto dei rolege medan dei vart mjølka. 

Det fyrste som måtte gjerast inne i sætre, var å montera separatoren på eit, til dette bruk, tillaga bord. Separatoren måtte stå heilt i vater. Etter eit godt måltid mat og eit par timar kvild, var det å taka på heimattveg. 

Sæterjenta sitt arbeid var fyrst og fremst å gå på stølen. Ja, so heiter det når dei gjekk ut i marki for å mjølka kyrne. Var kyrne langt borte og høgt oppe, tok denne turen gjerne fleire timar. Komen attende til sætre, var det å separere - skilja fløyte og skummamjølk. Når fløyten var sur, skulle det kinnast smør. Dette var omlag ein gong kvar veke. Når skummamjølka var sur vart ho blengd og laga anten til gamalost, kvitost eller det som me her i grenda kalla øssjuka, det er ostestoff (osttjukka). Når denne øssjuko vart finsmuldra var ho ypparleg på rømmekolla. Saupet som vart etter smørkinninga, vart innkokt til prim og nytta som pålegg på kake og skiver. 

Tur om anna måtte ein til sæters og henta noko av denne -Drotten. Det var alltid noko som måtte takast med oppover, det kunne vara bein, salt eller ymse matvarer. 
Var der mykje som skulle heim, måtte ein gjerne taka kløvhesten med. Surmjølka vart kløvja heim i lagga, ovale trekjærald som kallast retleflasker, som tok pålag 30 l kvar. Anna utstyr for kløvjing av bein, salt, klæde og ymse vatvarer, var meiser. Dette var ovale ringar som tre, og då helst hassel. Desse ringane var så knytte saman av ymse tauverk, på ein spesiell måte. 

Kløvutstyret elles var: reitlesal, brystgjord, bukgjord, og rompekjøvle. Salen hadde 2 krokar på kvar side som retleflaskene eller meisen vart hengande opp i, ei på kvar side. Brystgjorda skulle halda kløva på plass når hesten gjekk i motbakke, rompekjøvlet når han gjekk unnabakke, og bukgjorda skulde hindra at kløva trilla rundt på hesteryggen. Det siste ein gjorde før kløva vart hengd på plass, var å strama godt til bukgjorda. Her måtte ein vera brennande snar når hesten hadde pusta ut - altså når lungevolumet var i minimum. 

Av mat som vart bore til sæters, var litt brød, og så mjøl som vart laga til ausekaker. Desse vart steikte på hella i grua. Ymse godt av drotten på sætra vart nytta i desse ausekakene, så dei var jamen velsmakande til sine tider. Ein gong for veka, og det var som oftast på onsdagar, kom alle sæterjentene heim ein tur. Dei hadde då med seg kaffimjølk og ymse anna. Så tok dei matvarer med seg oppatt. Kvar onsdagskveld vart det sett opp rømmekolla, som måtte vera laupen - modna - til helga kom, for då venta ein som oftast folk opp. 

Barnesundagen var borna si helg å få koma til sæters. Sjølve husbondsfolket hadde si helg, og så var det helga for ungdomane. Til denne helga kom det gjerne ungdomar frå andre grender. Det var alltid ungdomshelga sæterjentene hygde seg mest til - og mogeleg ikkje så rart. Dette å få rømmekolla med litt sukker på og den før nemnde øssjuka på, sette deg i same stemning som Vinje var i, då han åt -Grauten på Grut. 
Ein skalv gjennom heile kroppen av sær njoting. 

Skilje mellom helgane for borna, husbondsfolket og ungdomen vart meir og meir utviska. Det vart ungdomane stort sett som tok overhand. Og dei kom ikkje til sæters for å sova bort sumarnatti. 

Eg hugsa eingong frå min eigen grøne ungdom. Der var fullt av folk som låg i sætre vår. Me låg på golvet i alle klæda og med store vedskier til hovudpute. Den gongen låg eg så vondt at eg måtte heile 5 gonger utanfor sætre for å kvila meg. 

Her på Nordkvingo var det vanleg å taka kyrne til fjells pålag ei veka ut i juli månad. Så vart dei tekne heimatt mot slutten av august. Pålag mot slutten av juli månad skulle kyrne skifta beite. Fyrste tida beita dei i sætertraktene og oppe i Storevasseggene. No skulle dei takast ut på Klefjellet. Her måtte dei drivast gjennom eit -pass- som kallast Råsna, og her trong sæterjentene noko hjelp heimanfrå. Som oftast var det me ungane som vart send avgarde den kvelden. 

Det var noko til sveittejobb å taka seg oppover dei bratte Storevasseggene i solsteiken. Komne opp til passet Råsna vart me møtte av ein svalande vind som turka sveitten av panna vår. Denne vinden kom opp frå Storevassdalføret. Under ein fjellvegg like ved Råsna og i nordhall, låg der ein liten rest att av ei snøfonn, og her sto det nygrodd, tirande grønt gras i fonnkanten. Ut under fonna kom der bekkar med kaldt, klårt vatn, der ein kunne få svala tunga si. 

Langt nede mot Storevatnet er der enno murar att etter dei gamle Kleivesætra. Ho mor mi fortalde at der var ei gamal sæterjente på Kleivsætra som -gjekk att. Tidleg kvar morgon slo ho i berget utanfor sætra med staven sin for å vekkja sæterjentene. Denne historia gjorde at eg seinare alltid tykje der låg ei trollsk stemning over lende og landskap innover Storevassdalføret. Dertil vart det liksom aldri klårt for meg kven denne gamle sæterjenta var som for slik og herja med staven sin. 

Men så endeleg i ein songtime i barneskulen fekk eg løysing på gåta. Det var i eit vers frå diktet -Ku-lokk av Arne Garborg. Seinare i livet har det vorte slik at kvar kong eg kjem over dette verset i Haugtussa, så kjenner eg meg atter som barn oppe i Råsna. Eller kvar gong eg har kome oppatt til Råsna, så høyrer eg atter dette vidunderlege verset: 

-Å, kyri mi gode, å kyri mi ! 
Her skal du vel trivast i grøne li, 
her sildrar kjelda med surl og skval 
og graset er mjukt og skuggen sval 
Ja Nordanås -li-i, der er det godt 
der gjæter huldri kvar einaste nott. 

Det var nok huldra som vart lei av å gjeta buskapen om natta, og som difor vekte sæterjentene på gamle Kleivesætra med staven sin. 

Sæder og skikkar har endra seg mykje gjennom tidene. Soleis ogso med sæterlivet. Eg har late meg fortelja at like før siste hundreårsskifte var det slik at sæterjentene spanderte kvitostsneier på unggutane som kom til fjells, og di betre dei likte guten, di tjukkare ostesneier fekk han. Det var liksom tjukna på kvitostsneiene som vart måleeininga for kjærleiken. Slik hadde unggutane eit vake auga med kven som fekk dei tjukkaste sneiene. Han onkel Andreas var visstnok ein stram gut i sin ungdom, og han hadde truleg fått veldig tjukke ostesneier, dersom han hadde møtt opp på sætre, men han Andreas reiste tidleg nord til Andvik der ei syster hans var gift. Ogso i dei dagar var det slik at ungdomane møttest ved kyrkja. Ei grannejente her lika han Andreas so veldig godt at ho ville gjeva han ei veldig tjukk kvitostsnei. Ho hadde ikkje kome til med dette om sumaren oppe på sætre. I von om å treffa han Andreas med kyrkja, reiste ho dit ein preikesundag, og ho hadde ostesneia med seg. Men han var diverre ikkje med kyrkja den dagen. Ho gjorde eit forsøk nr. 2, men heller ikkje då vart han Andreas å freffa med kyrkja. Ein sundag seinare emna ho seg til eit tredje -forsøks-heat, men då var ostesneia hennar så oppturka og krølla av elde og ille medfart at husets folk nekta henne å taka sneia med seg. 

Han Andreas reiste seinare til Bergen og vart gift der, og ho ostedama reiste til Amerika og vart gift der. 

Ja dette var litt om sætreskikkane i farne tider. 
Ved heimreisa frå sætra om hausten var det like folksamt som ved reisa opp. Mykje folk var møtt fram på Venninjæ for å taka mot bufærdsfylgjet. Kveldsmaten den dagen var bufargraut - det var ekte rjomegraut. Ho som hadde vore sætrejente fekk ein ekstra skål med bufargraut, og som ho kunne spandera på kven ho ville. 

No er sæterlivet slutt. Rart er det å tenkja på at dette miljøet har vore motivet til det sartaste og vakraste me har i dag av norsk lyrikk og tonekunst. 

------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden sogelag / Masfjorden mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal