Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
1. årgang

 

   
 

 
Ordtøkje frå Masfjorden
Forfatter: Ukjent

I bygdeboka "Fjon eller Masfjorden" som kom ut i 1924, skriven av sokneprest Torbjørn Frølich, som var sokneprest i Masfjorden i 11 år, frå 1881 til 1892. Masfjorden var nyleg (1887) utskilt frå Lindås og vorte eige herad. 

"Frølich-boka" som ho populært vert kalla, prøver mellom anna og å "trænge inn i folks karakter og tænkemåde". Til dette tek han med ein del ordtøkje, som etter hans meining fortel noko "om de gamles fra slægt til slægt opbevarte livserfaring. Kvasse og præcise tjente de til ettersslegtens råd og formaning". 

"Alt vær skal hemnast" 
"Stundå svengjen og stundå sprengjen" 
"Det er aldrig ilt det ein mann gjera seg sjølv" 
"Der skal ingen fegnast av ufengen fisk" 
"Den so er heima alen er borte galen" 
"Der er ingen so høg at han ikkje lyt tøgja seg og ingen så låg at han ikkje lyt bøgja seg" 
"Før god mat skal løyvast skal magjen kløyvast" 
"Det er no mun i mindre" 
"Det er skil på te skjeggja seg og skjera kjeften av seg" 
"Bere føre var held ette snar" 
"Det er bere å hegda frå lokje enn å hegda frå botnen"(spar i tide) 
"Du skal sjå ut når gamle hundar gøyr" 
"Det er ilt å brenna seg, det er verre å forrenna seg" 
"Den galne snakkar annast" 
"Dar ska no vet til å skapa seg galen og" 
"Ein rådlaus mann duger korkje på sjø eller land" 
"Når ein gjer som ein vil, gjer ein som ein er til" 
"Den trekkje trøya på som den passar til" 

Frå "Frølichboka" 

----------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden sogelag / Masfjorden mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal