Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
1. årgang

 

   

Seterdrift i Masfjorden
Forfatter: Jonas Riisnes

Fjellviddene har alltid vore eit viktig ressursgrunnlag for folket i Masfjorden. Det var med og ga masfjordingane ei økonomisk sikring som øykommunane vanta. Utnyttingsgraden av desse ressursane var størst på den tida seterdrifta nådde sitt høgdepunkt. Det var i første halvdel av 1700-talet at einskilde gardar i Masfjorden tok til å nytta fjellbeita. 

På denne tida var det mykje rovdyr i fjellet, særleg bjørn og ulv, som nok skapte eit problem for mange bønder. Ei av oppgåvene til seterjenta og gjetaren var å verne buskapen mot villdyr. 
Men på 1820-30-talet byrja ein å få bukt med rovdyra, og då fekk seterbruket ein oppsving. I hundreåret 1820 til 1920 kan ein seie at seterdrifta blømde i Masfjorden. 

Ein del setrar har namn etter plassen dei ligg på, som til dømes Steinsdalen, Norgilsbotten og Hyttemarka. Men dei fleste har namn etter garden dei høyrer til som t.d. Mollandssetra, Eikemostølen, Litle Matrestølen og Nordkvingestølen. 

Dei fleste setrane i Masfjorden ligg i eller like over tregrensa, som kan variere frå omlag 350 meter i dei ytre områda til 600 meter inst i fjorden. Unntak er Baugesetra og Bergsvikstølen som ligg i tett barskog. 

Fleire gardar hadde særs lang seterveg. Garden Arekletten leigde beitemark fyrst i Bukkedalen ved Stordalsvatnet, og sidan i Hyttemarka ved Fosse. Først måtte dyra førast med båt inn til Matre, sidan opp dei bratte Fossekleivane og til slutt den lange vegen inn til setra. Enkelte gardar hadde eigen 
kyrebåt som kunne ta opp til 8 kyr i ei vending. Elles nytta dei ymse slag båtar som t.d. notbåtar. Kløvhesten tok dei stundom med på dampen. 

Duesund hadde i mange år seter for både kyr og geiter på Feten ovanfor Haukeland ved Storevatn, og Rambjørg hadde seter i Steinsdalen. 
Kyrne var vanlegvis på setra i 12 veker, frå jonsok til midt i september. I denne tida var det budeia som hadde ansvaret for dyra og alt arbeidet som fylgde med. Ein gong i veka eller kvar fjortande dag, det varierte litt med avstanden til setra, kom folk frå garden opp med kløvhest for å henta heim budrotten. Den var smør, prim og gamalost. 

I 1920-åra vart nokre få setrar i Masfjorden nedlagte, medan dei fleste heldt fram med drifta til siste verdenskrig. Dei siste var endå i drift til utpå 1950-talet. 
Då dei slutta med seterdrift, vart ei rekkje tradisjonar borte frå bygdesamfunnet i Masfjorden. Alle skikkane, gjeremåla, arbeidsprosessane og heile den materielle kulturen, husa og reidskapen vart gradvis historie. 

Dei fylgjande forteljingane om seterlivet i Masfjorden skildrar det slik dei som sjølve var med, opplevde det. 

Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal