Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
1. årgang

 

   
 

Silde- og brislingfiske i Masfjorden og Austfjorden
Forfatter: Magnus E. Kvinge

Silde- og brislingfiske var ei god inntekt for folk på gardane som låg til sjøen her i fjorden. Det var fiske med landnot den fyrste tidi fram til snurpenoti kom i bruk i 30-åra. Berre her på Kvinge - gardane var det ei tid 5 brislingbruk, so det vart hard konkurranse mellom notlaga og det førte ofte til at eit par lag arbeidde saman. Eit notlag med Ola Lidal som eigar og "bas" kosta seg snurpenot tidleg i trettiåra. 

Ein vinter like før krigen gjekk storsildi forbi Fedje og seig langt inn Fensfjorden. Sør-Kvinge notlag, Raudsida notlag og Lidal med snurpenota rusta seg ut og reiste utover. Ved Raunøy møtte dei storsilda. Ho gjekk i store flak over heile fjorden, og gjekk oppe so ein kunde høyra braket på lang avstand. Det vart kasta med snurpa, men det vart bomkast. I andre kastet var me heldige. Me fekk meir sild enn me kunne ta vare på. 

Men mens me låg og håva kom Sandnes notlag til. Dei hadde vore på Fedje med vinterbruket sitt og gjort bomtur for storsilda hadde fare forbi og teke inn Fensfjorden. Men no fekk dei den silda me ikkje hadde plass til. Det var seine nyttårskvelden før me kom heim. 

Det var ikkje vanleg at silda kom inn fjorden i slike store mengder. Derimot var det vanleg at eit "slør" av vårsild kom inn seinare på vinteren. 

No ser ein sjeldan kval inne i fjorden. Før var det eit vanleg syn. Ein gong såg eg ein stor kval kom ut frå Nord-Kvingevågen. Han "gjekk på sporen" så lenge eg såg han. Det er eit syn eg ikkje kjem til å gløyme. 

Far fortalde at like før 1900 rende ein stor kval seg opp i fjøra her. Gamle Konow sto oppe på "Buhaugen" og skaut på kvalen med hagle. Det vart ikkje kvalkjøt på Konowen, for kvalen kom seg ut på djupt vatn og forsvann. 

Størja var eit vanleg syn. Var her sild så var det og størje ut på sommaren, ofte i store mengder. No er ho heilt borte sjølv om her er sild. 

Brislingfiske med landnot kunne det vera mykje å skriva om. Fyrste gongen eg fekk sjå at det vart kasta etter brisling med landnot var i 1922. Saman med far og bror, var eg på ferie hjå bestefar på Åbakken. Den dagen me skulle reisa heim seig store mengder brisling opp på vågen der dampskipskaien var. 4 til 5 nøter gjekk i sjøen - det eine stenget eller kastet utanfor det andre. Me måtte "borda" dampen langt ute i vågen og måtte ro over den eine noti etter den andre for å koma ombord. 

Til langt opp i femtiåra føregjekk det eit stort lysfiske etter sildemussa inne i Austfjorden. Om dagen låg snurparane i havn her på Sør-Kvingo, der det var handelsmann, post og telefon. Ofte var det så mange bruk at ein kunne gå tørrskodd over vågen. 

Det har vist seg at Fensfjorden er rik på raudåte og den er difor ein god fiskefjord, og innsig av brisling var årviss. 1924, 1925 og særleg 1926 var rike brislingår. I 1924 fekk ein over kr 11,00 pr. sjeppe. Mesteparten blei levert til hermetikk. Opptak og levering til føringsbåtane føregjekk om natta slik at silda var framme til fabrikkane til arbeidstid neste dag. Noko gjekk og til 
krydring - seinsommar/haust - dersom brislingen var stor og feit nok. 

I 1924 kjøpte notlaget vårt ny notbåt. Den vart bestilt og bygd i Herand i Hardanger. Det er den båten sogelaget i Masfjorden har fått. Eit par år seinare fekk Sør-Kvingo notlag bygd seg ein litt større båt ved same båtbyggeriet. Den vart seinare seld til ein Haugen på Askøy. Han sette motor i den. 

Før ein fekk motor i båtane trong eit notlag eit relativt stort mannskap for å kunne operera, og det måtte ha tre båtar, spelbåt/øyrebåt og lettbåt. På lettbåten var "basen" og ein ro-kar. I spelbåten var det minst 2 mann og i notbåten var det frå 4 til 6 mann etter kor stor not og båt ein hadde. Noti gjekk ut og vart tatt inn over rull i gavlen. To mann kasta ut noti og resten rodde. Det vart hardt arbeid å få ut den tunge bomullsnoti. 

Seinare vart notbåtane utstyrt med siderull og noti kunne sveivast inn og ut, og det var ein stor lette og ein sparde mannskap. Det var basen sin jobb å finne silda og dirigera kastet. Den viktigaste reidskapen for å finna silda var loddet. Det er eit blylodd i enden av ein messingstreng. Ved å ro med loddet ute og messingstrengen på peikefingeren kunne ein god bas bedømma om det var sild, kor mykje og kor djupt ho sto. 

Når kastet var gjort var det om å gjera å få dradd notøyra til lands så snart ein kunne. I notbåt og spelbåt hadde ein gangspel til det føremålet - ein rull med handspakar på. Seinare fekk ein vinsj slik at ein mann kunne sveiva landtauet inn. Enkelte fekk og motor i båtane, og det gjorde arbeidet mykje lettare og ein trong mindre folk. 

Under kasting dersom noti ikkje strakk til og ein vart redd for at sildi skulle "gå um øyra", kunne ein skremma henne innatt i stenget ved å bruke ei "skimle". Det var ei kvitmåla fjøl med søkke på, festa til eit sterkt snøre. Den var skapt som ei størje, og ved å heisa fjøli opp og ned i sjøen var det ofte ein fekk snudd sildedotten. Mannen som drog skimla opp og ned vart kalla "skimlebas". 

Det høyrde mykje utstyr med til eit notbruk. Forutan kastenoti var ein eller fleire trengder for låssetting av silda, orkastenot, håvar og ein masse tauverk av ymse tjukkelse, kaggar, dreggar m.v. Nøtene og tauverket var av bomull og hamp, og skulle det ikkje rotna måtte det tørkast etter at det var blitt vått. Det vart gjord ved at nøtene vart hengde opp i nothus, eller lettast ved at dei vart tørka på vadleberg. Men det var få av notlaga som hadde høve til det. 

Notlaga på Sør-Kvingo var heldige. Dei hadde eit framifrå vadleberg på Skutevikneset. Plassen vart øydelagd tidleg i 80-åra, då det vart bygd eit smoltanlegg på staden. 

Eit notbruk krov eit utruleg stort vedlikehald. Kvart år skulle båtane gåast etter og tjørebreiast, og nøtene og tauverket skulle barkast. Og det var ein stor operasjon. Til barking brukte me bjørkebork, tjøra og i seinare tid noko kateku. Det var eit garvestoff som hadde den ulempa at etter at noti var barka og tørka så måtte ho snarast mogleg i sjø att, for ikkje å "brenna Opp". Barkelogen vart kokt opp i store kopparkjelar, og så helt over nøter og tauverk i store barkekar. 

Berre den som har vore med på dette kan forstå kva det har betydd at ein fekk nøter og tauverk av kunstfiber. Reiskapen vart lettare i vekt. Den trong ikkje tørking eller barking som den gamle reidskapen - og den var billigare. 

Sjølv om ein av og til kan gjera eit godt varp så var det ikkje lett-tente pengar å vera brislingfiskar i gamle dagar. 

------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 1 1991 - Masfjorden sogelag / Masfjorden mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal