Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
2. årgang

 

   
 

 
Ådneburen - eit merke på så mangt 
Forfatter: Ragnhild Jung

Ådneburen, eller rettare Ådnebrukistå, gjekk lenge for å vera det høgaste fjellet i Masfjorden. Men om no dette ikkje stemmer heilt - Torhogen er litt høgare - så ligg Ådneburen slik til at han er lett synleg. Det vert fortalt at sjøfolk brukte han som "med" fordi han var synleg langt til havs. 

Når ein ser fjellet frå vest eller nordvest, liknar det på ei kiste, og eit hol i bergveggen på austsida, tett ved vegen når ein går opp Nordlandsdalen, er "lykleholet". 

Eit gammalt sagn fortel at meistertjuven Gjest Bårdsen ein gong kom forbi Ådneburen på ei av sine mange ferder då han rømde frå "lensmann og prest". Han hadde eit skrin fullt av sylv med seg, og dette gøymde han i ei urd på sørsida av Ådneburen. Når sola står i syd kl. 12, skin ho rett i lykleholet på dette skrinet, og då blenkjer det av sylv ! Soga seier at mange har rota i urda og leita, men skrinet har ein endå ikkje funne!! Om nokon vil på skattejakt, så er det endå sjansar. 

Frå nordsida av Masfjorden i Nordbygda, ser ein Ådneburen godt, og den fyrste snøen legg seg alltid der. Når det vart kvitt i Ådneburen, visste folk at no var vinteren nær-. 

Ein eldre mann på Rambjørg hadde ei regle om dette: Den kvite mannen i Ådneburen, han spør: "Har du ved ? Har di laga deg te ? For no kjem eg - !! 

------------------------------------------------------------ 
Fjon frå fjell til fjord nr. 2 1992 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal