Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
2. årgang

 

   
 

 
Der Masfjorden tek til
Forfatter: Ragnhild Jung

Historia du her kan lesa er fortalt av Malmfrid Kabbeteigen, f. Duesund, og handlar om dei som budde på nyrudningsbruket Vikedalen på øya Holsnøy. Ragnhild Jung (1913-2006) skreiv det ned - og historia stod å lese i sogeheftet «Fjon frå fjell til fjord,» årgang 1992. 

Der Masfjorden tek til 

Masfjorden har ei mengd med øyar, og på 8-9 av desse har det budd folk, det vil seie at der har vore drive gardsbruk. For sjølv om folk fann mykje av levemåten på sjøen, var ei eller to kyr og nokre sauer ein svært viktig del av det dei trong for å livnære seg. 

No er det berre på den største av desse øyane, Holsnøy, at gardsbruka vert drivne. Men her og har det «turka inn», frå tidlegare 6 til no to gardar. 

Namnet, slik det no står på kartet, er vel ei fornorsking av det tidligare Holsnøen som Masfjordboka nyttar. Forklaringa på namnet er at det kjem av «hals», «..som betegner øer delt i to deler, der forenes i en hals, en senkning i høyden eller sammenknibling i bredden» (etter O. RYGH). 

Forfatteren av Masfjordboka, Lars Nordland, meiner at det burde skrivast HOLSØY, fordi folk seier Holsøynæ, eller berre Øynæ. Dette gjeld berre for garane nordst på øya som alle no er fråflytta og ikkje vert drivne som sjølvstendige bruk lenger. 
«Det beste av bøen» vert hausta av naboar. To av desse bruka (frå først av berre eitt) kan ein finne i bøkene heilt frå midten av 16-hundretalet. «Provematrikel 1721 Halsøen. Saar 3 Td., høster 9 TTd., føder 13 Nød, 12 Faar. Selveiergaard, ligger ved Søen. Skarp og tungvunden jord. Ingen herlighed. Taaler ingen forhøielse.» (Frå Masfjordboka) 

Det nordlegaste bruket, Vikedalen, var eit nyrudningsbruk frå slutten av 1800-åra. På dette bruket voks det opp ein syskenflokk og nr. 13 i rekkja; Malmfrid Kabbeteigen, f. Duesund, no busett på Austlandet, tek oss med både til eldre og litt nyare tid. 

SLEKTA OG GARDANE 
Mor var svært flink å fortelja om gamle dagar og om slekta langt attende, så eg har lyst å byrja litt med det. Oldeforeldra mine i Halsøy heitte Erik og Gjertrud. Dei fekk tre jenter : Sina, Henrikka og Kristiana. Den siste døydde då ho var 8-9 år. Oldefar var flink båtbyggjar. Det var fleire av etterkomarane hans som og prøvde seg med det, den siste var oldebarnet hans, Harald Halsøy. Han bygde både robåtar og motorbåtar. 

Oldefar drukna på ein segltur frå Fonnebostsjøen og heim, berre 47 år gammal. Då oldemor vart enkje, styrde ho garden med hjelp av tenarar. Eine «drengen» heitte Ivar og var frå Oppedal i Gulen. Han vart gift med dottera i huset, Sina, og dei tok over garden. Systera, Henrikka, vart gift med Jakob Vågset. (Jakob drukna då D.S. Masfjord sokk ved Solesjøen i 1918, men då var Henrikka død lenge før). 

Husa der dei to systrene fyrst budde, stod nokso nær einannan. Dei delte då garden mellom seg, og sidan flytte Ivar og Sina huset litt lenger nord. Der var to husmannsplassar og, ein i søre enden av garden og ein i nordre. På den i sør, Stokkemyra, budde ein som heitte Martinus Matre, på den i nord, budde Anders, bror til oldefar. I daglegtale vart han kalla «Anders i Myra». Fjøsgrunnane på denne plassen var der då eg voks opp. Etter at husmennene døydde, kom plassane under garden att. 

Sina og Ivar på det nordre bruket fekk mange born. Den eldste av desse heitte Kristiana, det var mor mi. Andre av jentene vart gifte i nabolaget og fekk familie etterkvart. To brødre døydde av tuberkulose berre 23 og 27 år gamle. Det vart den yngste, Magnus, som tok over garden. 

Morfar var svært glad i å fiske, og fiska vel mest med snøre. Men han hadde og garn og not, og kasta både fisk, sild og makrell. Mor fortalde at på bryllupsdagen hennar fekk dei sjå ein makrellstim i fjorden. Dei for ut og kasta og fekk mykje makrell, så sløgde dei - og kokte makrellhovud til kvelds !!! 

Mormor var fødd med ein hoftefeil, men ho var eit «arbeidsjern», arbeidde både ute og inne. Eg hugsar at då ho var over 82 år var ho med og grov opp poteter. Ho arbeidde så roleg, men ho grov og plukka like mykje poteter som me andre. 

Far min kom frå Duesundøy, men besteforeldra hans budde i Duesund og heitte Kari og Ola. Kari vart kalla «Godmor Dusen», om det var eit anna namn for bestemor, eller om det skulle vera «Gudmor», veit eg ikkje. Men det vart sagt at ho bar dei fleste av borna deromkring til dåpen ! Det var sonen deira, bestefar min, som flytta til Duesundøy og vart husmann der. Der var det mest haugar og stein - med ein og annan grøn flekk innimellom. men dei hadde både kyr og sauer. 

Dei var mykje ute på fjorden og fiska til husbruk. Far fortalde at eingong han var med far sin og fiska, fekk dei ein pigghå. 
Farfar skar av «luffen» på ryggen av håen, den var som ei rasp og var difor fin å bruke som sandpapir. Så kasta han pigghåen på sjøen att, og far, som var så liten at han ikkje forsto betre, kasta «sandpapiret» i sjøen og !! 

Farfar tok og imot notbinding for eit firma i Bergen. Det vart vel nokre kroner attåt, og gutane måtte vera med å hjelpa til. Alle måtte vera med og dra lasset. 

Besteforeldra mine på farsida, Johannes og Magli, hadde fire born, tre gutar og ei jente. Ein av gutane var Hans, far min, som kom til Halsøy og fann seg kona der. 

NYRUDNINGSMANN OG LÆRAR 
Mor og far gifte seg i 1892, då var far lærar på Føyna, ei lita øy utanfor Karmøy. Dei budde der til 1894, og eldste syster mi vart fødd der. Då dei flytte heimatt, truleg hausten 1894, hadde far fått lærarposten på Halsøy, Duesund og Mollandseid. 
Dei fekk og kjøpe eit stykke utmark av mormor og morfar. Det var mest haugar og kjempestore steinar. No er det visst berre att ein av «dei store». Han låg på eit berg, so han var ikkje i vegen for dyrkinga. Me borna tykte det var så moro å kliva opp på han og sitje der. 

Første huset dei hadde, fekk dei etter husmannen på Stokkmyra. Han var nok død då, så det budde ingen der. Huset vart flytta til det som vart kalla Vikedalen. Det var ikkje stort, og då det etter kvart kom mange born til, måtte det påbyggjast. 

Ved sida av lærararbeidet skulle det no dyrkast jord, og det var hakke, spade og «steinbukk» som var redskapar då. Alt gjekk med handemakt, så det seier seg sjølv at det ikkje gjekk fort. Det var ikkje vanskeleg å finne stein å ha i grøftene, det var berre å skyte sund nokre store steinar eller bergknausar. Nei, fort gjekk det ikkje, men det vart då både åker til korn og poteter, og for til kyr og sauer. Høyet vart bore inn i børetog, så me var vel kjende med hodlane, som no er vorte kommunevåpen i Masfjorden. 

Kornstaurane vart borne inn med kornbanda på. Floren og løa vart og for liten, for det vart fleire dyr og større avling etter kvart., så i 1918 måtte det byggjast nytt og større, og i 1926 måtte løa forlengjast. 

Far hadde lærarposten Halsøy, Duesund og Mollandseid til i 1914, då måtte han slutta på grunn av sjukdom. Men han hadde nokre vikarpostar sidan. Den første var visst Eikemo - Fossdal krins. Då rodde han til Eikemofossen og var borte heile veka, han budde på Fossdalshaugen, eller Lønshaugen i dagleg tale. Det var skule om laurdagane og i den tida, så han kom heimatt om laurdagskvelden og reiste att sundagskvelden eller måndag morgon. Han rodde i allslags ver. Etterpå var han i Kvamsdal ei tid, kor lenge, veit eg ikkje. Men eg veit at dei som vart konfirmerte i 1921 hadde gått i skulen til han. Siste vikarposten hadde han på Hosteland. Me skyssa han til Hosteland sundag kveld og henta han att laurdag. Der var han til 1924. 

Mor og borna måtte ta seg av arbeidet heime då far var så mykje borte. Men so sant han hadde stunder heime, braut han jord og skaut stein og knausar. Me borna måtte vera med så snart me kunne gjera nytte for oss. 

Det var nok mor og dei eldste av borna som måtte ta tyngste taka. Skogeteigen vår ved Skjelsundet var ikkje så stor, så me kunne ikkje hogga så mykje, korkje til ved eller materialer til bygging. Då var det å kjøpa på rot hjå andre, og fara på hogst der. 

Fiska gjorde me til husbruk, og det kom nok vel med i hushaldet. Me hadde både snøre, liner, trollgarn og kastegarn. Og alle måtte vera med å hjelpa til. 

Eg gløymer ikkje når me låg ute på «Vikane», utom Hosteland og såg etter makrell. Var det stilt, var «smikka» forferdeleg plagsom. Når det vart for gale, rodde me litt utpå, frå land, for der kom ikkje smikka. Me kunne ofte få gode fangstar med makrell, eller det var brisling eller bladsild. 

Elles fekk me fisk av ymse slag, og alt vart nytta av folk eller dyr. Når me fekk mykje pigghå i garnet, hengde me han opp til turking. Kyrne likte den so godt når dei kom ut om våren. 

Til ein slik stor huslyd var det mangt som skulle til, så mykje måtte og kjøpast. Skulle me til handelsmannen, var det å ro til Hosteland, eller ein og annan gong til Sandnes. Me budde på «øyalandet», så båten var viktig i alle samanhengar. Tungvint og slitsamt, ville ein kalla eit slikt liv no. Men ein lærdom fekk me med ut i livet som ein ikkje lærer på skular: Me lærde å arbeida !! 

Vikedalen var nyrudning, utmark som vart til dyrka jord. Men kanskje var me ikkje dei første likevel ? Då dei braut i ein bakke ovanfor naustet, fant dei tekn som tydde på at her hadde budd folk før : fleire flate steinheller som etter hustuft, og dei fann fiskestein, truleg brukt til «søkke» på snøre. Også eit fint bryne, slikt som me kalla «hein», var funne der. Kanskje var det meir og, men desse tinga hugsar eg. Så soga om Vikedalen strekkjer seg gjerne lenger attover i tida enn dei snart hundre åra som er gått sidan foreldra mine tok til å dyrke jord der. Så kan ein spyrje : Var dette arbeidet til fånyttes ? Kjem det ei tid att, så jord der ein kan så og hauste atter vert brukt ? 

(Fortalt til Ragnhild Jung av Malmfrid Kabbeteigen, f. Duesund). 
------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 2 1992 / Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal