Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
2. årgang

 

   
 

 
Forord 
Forfatter: Jonas Riisnes 

Etter positive attendemeldingar om - Fjon frå fjell til fjord 1991, vågar Sogelaget og Mållaget å gje ut eit nytt hefte med lokalhistorisk stoff. Mange har sagt at dei ser det særs verdfullt at det vert gjort alvor av å samle og skrive ned noko om vår nære fortid i vår eiga bygd. Sjølvsagt vert ikkje alt av like stor interesse for alle. Men ved å ta fram ymse strøk i bygda kvar gong, vonar me at dei fleste finn noko av verdi. 

Dette heftet har mykje om -Det gamle Sandnes- frå den tida staden på ein særleg måte var knutepunkt i bygda, med kyrkje, administrasjon, industri og samferdsla m.m. 

Me har bedt folk som voks opp der først på dette hundreåret om å gje sine intrykk av staden og miljøet i ei tid som var annleis enn no. Men også i dag er Sandnes plassert på kartet. Det har me bedt rektor på Sandnes skule skrive litt om. 

Mange bygningar på Nordland og Totland syner merke etter industriverksemd, både i mindre og litt større format. Det kunne kanskje trengast nye initiativ no ? 

Og så eit attersyn over småbruket, som ikkje berre var ein arbeidsplass, men ei livsform. Kanskje noko å tenkje på no det er blitt moderne med bygdeturisme ? Kva med ei sæter som levande kultur i landskapet. 

Ei oppmoding til Dykk som les dette heftet : Kjenner de til hendingar, eller til personar som sit inne med lokalhistorisk stoff, så ta kontakt med oss. Helst : skriv det ned og send inn ! 

November 1992 

Jonas Riisnes 
Masfjorden Sogelag 

Ragnhild Jung 
Masfjorden Mållag 

-------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 2 1992 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag. 
 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal