Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
2. årgang

 

   

Masfjordsong
Forfatter: Johannes Lindebotten 

Masfjord, vår heimstad, du ligg her og drøymer, 
fagert du ligg under høgfjellets fot. 
Tankar om deg i vart hjarta me gøymer, 
her hadde fedrene våre si rot. 
Lier og lundar, heimatt me stundar, 
når me er ute og reiser eit grann. 
Når vårsoli blenkjer, på deg me tenkjer, 
du er den finaste plass i vårt land ! 

Bygda ligg vakkert her inne i fjorden, 
kyrkja på neset, med tårnet mot sky. 
Eventyrrike - når lauvet om våren 
kled våre lier til sumar på ny. 
Her vil me vera, bygda til æra, 
planta og stella så det er ei lyst. 
Då skal det veksa og bløma og svella 
kappast, og sjå kven av oss som vert fyrst ! 

Masfjord med haugar og bakkar og lundar 
om deg vil me syngja, ja ofte og tidt. 
Og når i kveldssol du ligg der og blundar 
då du i draumane fangar oss blidt. 
Masfjord, du kjære, her vil me vere, 
her vil me odla og dyrka og så 
og aldri forsøma, då vil det bløma, 
kjærleik til bygda og landet me få ! 

Har du sett Masfjord i sumarsol blenkja, 
har du sett Masfjord i vinterens drakt ? 
Då må me verkeleg stansa og tenkja, 
du, for ein venleik, å du for ei prakt ! 
Her vil me byggja, saman oss hyggja, 
då skal det veksa og gro i vårt spor. 
Her vil me prøva å framtida tryggja, 
vera til gleda, båd liten og stor. 
 
----------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr 2 1992- Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal