Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
2. årgang

 

   
 

 
Den gamle messehakelen
Forfatter: Jonas Riisnes

Få i Masfjorden har visst om at me på Sandnes har ein meir enn tre hundre år gamal messehakel. Den vart ved eit tilfelle funnen av Agnar Areklett i ein skrothaug ved det gamle våpenhuset då dei restaurerte Sandneskyrkja i 1960-åra. Korleis den først kom til Masfjorden, veit me ikkje. 

Me veit heller ikkje kvar den har vore oppbevart i alle år til den hamna på skrothaugen der Areklett fann han. 
Areklett som skyna at det var eit heilt uvanleg funn han hadde gjort, gjekk neste dag til Bergen museum med hakelen, og ein konservator der sa med ein gong: -Dette er eit fransk stoff frå 1600-talet. Han gav kvittering for hakelen til Areklett, som nokre dagar seinare fekk telefon frå kunstindustrimuseet i Oslo. Der hadde dei ved hjelp av mikroskopering av stoffet datert det til 1660. 

Hakelen er av ullstoff med eit mønster som er tydeleg den dag i dag, og fargen har vore purpurraud. Messehakelen heng i dag i prestegarden i Masfjorden, og vert teken vel vare på av sokneprest Knut Sørheim. 

12. juni 1988 var den utlånt til festgudsteneste på Akershus slott i Oslo i høve 400-års jubileet for Kong Kristian den 4. 
Både Dronning Margrethe og Kong Olav var til stades, og teologiprofessor Helge Fæhn som forretta gudstenesta, bar messehakelen frå Masfjorden. 

Hakelen vart også båren av biskop Per Juvkam under innvielsen av Sandneskyrkja etter fullført restaurering i 1960-åra. 

-----------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 2 1992 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal