Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
2. årgang

 

   
 

 
Sandnes Skule - eit attendeblikk 
Forfatter: Odd Birkestrand

Sandnes Skule vart bygd i 1964, og var sentralungdomsskule, først for heile kommunen, sidan for Nordbygda og Sørsida fram til 1980. I desse åra var elevtalet på skulen jamt over 150-200, og ein kan jamen lura på korleis ein fekk plass til alle desse elevane ! 

Etter desentraliseringa i Masfjordskulen har elevtalet ved Sandnes skule halde seg rundt 60. Skulebygget ber i dag preg av å vera 28 år gamalt, og ei utbygging er sårt tiltrengd. 

Ein kan jo spørja seg kvifor det er plassmangel i dag, med 64 elevar frå første til niande klasse, når ein veit kor mange elevar ein klarte å stua inn for nokre år tilbake. I så måte kan dette vera eit godt bilete på utviklinga i løpet av dei siste 20 åra, både når det gjeld arbeidsmåtar, fagleg-pedagogisk innhald og tenkjemåtar kring eleven i norsk skule. Men om dei fysiske tilhøva på Sandnes skule er forelda og nedslitne, er det likevel eit rikt og livskraftig miljø ein finn her, både i klasserommet og aktivitetar knytte til skulen. 

I løpet av det siste tiåret har einskildelevar og elevgrupper markert seg i ulike samanhengar, både lokalt , regionalt og nasjonalt. Eit tilbakeblikk vil syna ei rad med gode prestasjonar, og det på fleire ulike område. 

Sandnes skule vart vel først kjend for sjakkmiljøet på skulen. I 1991 vann skulen NM for barneskulelag, ein svært oppsiktsvekkjande siger, mykje p.g.a. den låge alderen til deldakarane. Eit par jenter hevda seg snart i toppsjiktet i jentesjakk, med landslagsdeltaking, EM i Jugoslavia og OL i Luzerne. Etter nokre år i dvale har sjakkinteressa no blomstra opp att, og i dag har Sjakklubben 27 medlemar som er elevar ved skulen. I 1991 vart sjakk-NM for jenter arrangert på Sandnes, og ei av Sandnesjentene tok ein fin 5. plass. Barneskulelaget kvalifiserte seg til NM i år, og fekk ein 17. plass i Moss. 

I dei siste åra er det vel Sandnes skulemusikk som har gjort mest for å plassera Masfjorden på kartet. Med NM- sigrar i 2. div. i 1989 og 1990 starta korpset ein lysande karriere som enno ikkje er avslutta. I fjor tok korpset steget over i 1. div.. og kom på 2. plass. Etter førsteprisen i Haukås - festivalen i fjor er spaninga på topp framfor denne konkurransen i november, og ikkje minst framfor NM for skulekorps til sommaren. 

I 1988 vart ei kammergrupper frå Sandnes skulemusikk noregsmeister i ensemblespel. Reprise på denne bragden fekk me i vinter, då ei kammergruppe tok NM - gull i yngste klasse i «Store Studio», og vann sin klasse i Haukåsfestivalen. I tillegg har ein hatt finalistar i NM, solospel, i fleire år. 

1992 har hittil vore eit toppår for korpset. Etter å ha sagt neitakk til EM- deltaking i Skottland, drog korpset til Sevilla for å representera Noreg på EXPO-92. Før musikantane sette seg på flyet til Spania, fekk dei med seg «Statoil-prisen», for så å koma heim til mykje mediaomtale, Vestlandsrevy og Frukost-TV. Spaniaprogrammet har korpset no spelt inn på kassett - og med dette er julegåvetipset for i år lansert ! 

Men elevane vad Sandnes skule driv ikkje berre med musikk og sjakk. I løpet av dei siste åra har det dukka opp mange litterære talent : Skriveglade elevar har vore premierte og fått rosande omtale i regionale skrivekonkurransar, og ein elev er representert i novelleantologien «Hallo i spegelen». Siste skot på stamma er sjette og sjuande klasse, som i vår vann den landsomfattande lese- og skrivekonkurransen «Les-91», og som i desse dagar reiser til Oslo og BOK- 92. 

Så kan ein lura på om den sportslege dimensjonen manglar fullstendig på Sandnes skule. Nei, ikkje heilt ! I fjor vann dei tre elevane i 6. klasse tur til Cup-finalen i Oslo etter 100% deltaking i Knarvik - mila. 

Kva kan så årsaka til så mange fine prestasjonar vera ? Me har allsidige, arbeidssame og flinke elevar, positive og engasjerte foreldre og eit stabilt og dyktig lærarpersonale. I tillegg har kommunen lagt tilhøva godt til rette for kulturelle aktivitetar av ulike slag. Det lokale næringslivet og ulike organisasjonar skal også ha ros for positive haldningar når det gjeld å støtta opp om tiltak som treng ekstra finansiering. Barne og ungdomskulturen er avhengig av gode støttespelarar, og det har me mange av, syner det seg. 

Journalist Sveinung Onæs konkluderte i ein artikkel i BA slik : « Jovisst, Sandnes er Norges ledende kulturlandsby». Slikt er hyggjeleg å lesa, ikkje minst når ein les det i ei byavis. 

Ein legg for ofte vekt på dei negative sidene ved å veksa opp i ein utkantkommune, med få eller snevre fritidstilbod for ungane. På Sandnes kan ein rett nok ikkje dansa ballett, symja, spela ishockey eller gå på diskotek. Likevel skulle det vel ikkje vera tvil om at ungane på Sandnes har gode oppvekstvilkår, og at dei får sjansen til å oppleva mykje, dersom dei sjølve er innstilte på det. 

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Henta frå Fjon frå fjell til fjord nr. 2 1992 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal