Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
2. årgang

 

   
 

 
Småbondesamfunn i avvikling 
Forfatter: Ragnhild Jung

Som mange andre fjordbygder på Vestlandet har og Masfjorden hatt mange små gardsbruk. Nokon vil vel seie at dei fleste bruka i Masfjorden kjem inn under kategorien «småbruk». Men heilt fram til 1950-åra var dei fleste av desse gardane drivne, og det budde folk der. 

Det var eit allsidig jordbruk; for til kyr og sauer, kanskje og hest, og på dei fleste fjellgardar ein flokk vinterfora geiter. 
Poteter til eiga bruk dyrka alle som hadde ein jordflekk, nokon hadde litt grønsaker, og tidlegare også havre eller bygg til flatbrød og grautmjøl. 
Eit kort lite samandrag av utviklinga etter siste krig kan gje oss litt av dei «store linene» i den endringa som bygda vår har gjennomgått. 

I slutten av 40-åra slutta folk å «setra», og ha kyrne i fjellet om sommaren, så dei kunne nytta dei store fjellbeita som Masfjorden har så rikeleg av. Nye idear om «kulturbeite» var i framgang, og dei fleste bruk hadde meir eller mindre av skrapemark som vart gjødsla og nytta til beite. Også næraste utmarka vart inngjerda og gjødsla opp. Det vart lettare å «gå til kyrne», ja ein kunne ta dei inn i floren og mjølka dei, la dei stå inne om natta og sleppe leita utmarka rundt neste morgon! 
Arbeidet med mjølka hadde ein endå på garden, men det vart ein fast «kinnedag» for vika, og smøret vart levert usalta for at alt skulle blandast og saltast likt, og då verta betre kvalitet. «Fjell- og Gårdssmør» kom på marknaden ! 

Neste steg på vegen var levering av mjølka til meieri, med «samlestasjon» i bygda og vidare transport til Bergensmeieriet. 
Betaling fekk ein etter fettprosenten i mjølka. («Ja, det var den gong og itte no», som det heiter i visa.) 

Det største tidsskifte i bygda kom vel i 1952 då kraftutbygginga starta i Masfjordfjella. Mange småbrukarar vart anleggsarbeidarar i fjellet, var borte heile veka, kom heim med helga, og det var kjerring og ungar som dreiv heime. 
Annleggsarbeidet gav kjærkommen inntekt som ofte vart investert i nye bygningar, maskiner som skulle lette arbeidet, og andre nyttige ting. Men drifta på mange småbruk gjekk attende, det vart fritidsbruk med nokre få dyr. 

Tel ein opp bruk som med litt attåtnæring, som fiske eller andre sesongprega næringar, hadde gjeve livsgrunnlag for store huslydar, kunne ein mest tru at ein «svartedaue» hadde herja. Jord ligg brakk, skog og kratt tek att det som flittige hender rydda og livnærde seg og sine på. Det er så stille der store barneflokkar skapte liv og røre i arbeid og leik. Ikkje eit kuraut eller sauebrek bryt stilla, og det er inga god stille, det er noko trist over slike øyde gardar. Oppe i fjella rår den same stilla, ingen kubjøller å høyre, ingen geiteflokkar på rek langs fjellsidene som fortel om liv som nærer seg av saftig fjellgras, og så gjev att til menneska det dei treng for å leva. «Saknaden rår over barndomens fjell», skreiv ein diktar om sine fjell. 

Ein kan ikkje snu utviklinga, det løner seg ikkje å ta vare på eller drive desse små jordlappane, seier økonomane. Ja, no skal du få pengar frå staten dersom du legg jorda brakk! Det er den siste, store utviklinga! Veit folk idag at det er jorda som livnærer oss, anten det går gjennom plantar eller dyremagar ? «Noen tror vist vi kan leve av plast og syntetisk mat,» syng ein kjend artist. 

Om dei no ikkje trur det for alvor, så lever og handlar dei (les: driv politikk) som om dei trur det ! Og når mest alt av mat som vert produsert må innom Næringsmiddelindustrien før det hamnar i vår mage, så er det ikkje rart at ungdom og born ikkje lenger veit kvar maten eigentleg kjem frå ! Utviklinga er komen svært langt i å gjera både plantar og dyr til industriproduksjon. 
Alt skal produserast lettvint, og i store mengder. Alle veit kva resultatet er blitt ! 

Det er ikkje meininga å «romantisere» arbeidet på småbruket eller budeielivet på setra. Eg kjenner begge deler godt og veit at det kunne vere slitsamt og lange arbeidsdagar. Men skal tru om vi ikkje har mist noko vesentleg på den heseblesande vegen mot eit lettare liv ? Kontakten med jord, plantar og dyr, alt som lever. Ikkje berre for å utnytte det til eigen fordel, men leve saman med, som medskapningar. Eigentleg er vi berre «ein neve jord», vi menneske og. 

Diktaren og tømmerhoggaren Hans Børli var eit jordnært menneske. I boka «Med øks og lyre» har han ei fin lita skisse som han kallar «Morgonvandring\": Ein grytidleg morgon er han på veg innover skogen. Han høyrer lågmælt snakk og lydar av ein ljå i graset. Det er folka på ein av dei små «skogsplassane\" som driv med «skrabbeslått», men dei har tid både til ein prat og ei kvild. Når diktaren så går vidare, filosoferer han over desse folka som ikkje har fylgt med tida, og driv med dette slitsomme og ulønsomme arbeidet : (sitat) «De går til arbeidet med en stillferdig glede, de arbeider ikke bare for å leve, de lever mens de arbeider.» Skal tru om ikkje mange av våre forfedre og - mødre hadde det på same måten ? 

------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 2 1992 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal