Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
2. årgang

 

   
 

 
Tre tankekorn
Forfatter: Ragnhild Jung

ETTERLYSING 
(mel. «Kar e´ hammaren, Edvard») 

Kar æ gogna di, siri, og rokken din Brit ? 
Ja, du håtta vel kar dei vart tå ? 
ullekorga og karene, vart dei med hit ? 
og so hespetreet, kar æ no da då ? 

Kar æ kjøvle du bakte ut flatbrøe me 
og den hedl´ du steikte da på ? 
Kar æ tvorå som kadlen ein gong smidde te 
va eit juletree, ho va laga tå ? 

Kar æ byttå du mjelka ho Litago i 
me ho knaska bein, sleikte salt ? 
Elle sto der og jorta, so velnøgd og bli 
og ga ned kver ein dråpe - ja alt !! 

Kar æ tolvkannebytte me sjå og me jor 
som so ofte på ryggen du bar ? 
Du tok da vel med deg då heimatt du for 
da æ vel ein plass - men kar ? 

Og kar vart no kidnå og smørstampen tå 
har du sett om dei finst nokon sta ? 
Og den ambaren din, den me trebanda på 
som i passele størrelse va ? 

Men den rummekollasken, so kvitskurd og fin 
han du tok vel godt vare på ? 
Da va den som du sett fram for kjærasten din 
og at «kolla» va go´, kunn du sjå !! 

ETTERORD 
Ja, kar vart dei vel tå, desse velbrukte bidne ? 
Me hadde dei me oss kver bidige dag 
Eg ser dei so klårt, no i mitt minne 
kvar sommar so trufast dei heldt meg med lag 
so gode å ta i, so friske og reine 
dei låg dar på berget og turka i vind, 
dei lukta so godt etter logen av eine 
da va vel ei glede å ta dei med inn ! 

Da va den gong ho Litago, Lilja ell´ Plomma 
høyrde me til vår huslyd med alt som da romma 
dei var´kje degraderte til mjelkeprodusentar 
som skaffa pengar til avdrag og renter - 
på traktorar, tankar og mjølkemaskin - 
Ken seier no : «Å kyra mi, kor du æ fin !» 

Men eg seier : Stakkars den kyra som ikkje får kjenne 
at juret vert mjelka av kjærlege hender - 
som ikkje får smaken av fjellgras på tunga 
og ikkje den svalande fjellluft i lunga. 
Orsak, at eg ikkje heilt kan teia, 
helsing frå ei gammal sæterbudeia. 

ENDRING / UNDRING 
Å, nei som no alt seg forandra me tia 
dei kalla da framgong, ska vera so bra - 
Men me som va unge for mannsaldra sia 
forstår oss kje på da som folk no skal ha - 
- at mjelkja frå kyra, ho ikkje kan drikkast - 
må pastoriserast - då kan ikkje rikkast 
at alt dette besta i smøret og rumme 
er usunt og skadeleg, da seie somme 
Ken skal ein vel tru av dei småe og store 
profetar på helsa og maten på bore ? 
For da som i jår va so godt for din kropp 
i dag e da fårlæ - og heldt du kje opp 
so ligg du i morå me nasen i vere 
- i allefall vil da på helså di tære. 
Okk - om eg sku høyre på alt ditta tøve 
kver bidige dag mått eg nye råd prøve 
kar e vel no da sunna bondevete ? 
vart da og vekke - i lag med slete ? 
Da e vorte so lettvint å kjøp alt du treng 
da e bere den haken : Du må ha peng ! 

-----------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 2 1992 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal