Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
3. årgang

 

   
 

 
Føreord 
Forfatter: Ragnhild Jung og Jonas Riisnes 

FJON FRÅ FJELL TIL FJORD 1993 er tredje heftet Mållaget og Sogelaget i Masfjorden gje ut. I dette heftet tek me for oss utviklinga av skulen i Masfjorden, og dei fleste som fortel er denne gongen frå Nordbygda. Alt i 1849 og lenge før Masfjorden vart eigen kommune, prøvde ein i Nordbygda å komme bort frå omgangsskulen til fast skule på Risnes. Tidlegare skulesjef Olav Midtbø kallar det ein her prøvde seg på for litt av ein revolusjon. 

I Masfjorden er soga om skulen også soga om vegen. Å be ungane kome til eit skulehus på Risnes når det ikkje var veg dit, gjekk dårleg. Difor måtte første skulehuset bygt på Risnes i 1865, flyttast til Torsvik i 1887, og seinare til Frøyset i 1928. 
Men det hindra ikkje at dei i 1885 faktisk gjekk attende til omgangsskule for Risnes, Frøyset og Torsvik. 

Og striden var hard. Stortingsmann og ordførar H. B. Wergeland som satsa på 4-delt, fast skule på Frøyset vart av den grunn ei tid sett utanfor alt styr og stell i kommunen. 

Korleis det var å gå i skulen i Nordbygda, både før og etter det kom skulehus, kan du lese om i dette heftet. 
Matre si forvitnelege soge om turisme, planlagt storindustri, kraftutbygging, sand og okkupasjon har fått eit eige kapittel. 

Eivind Kvinge har skrive om gravlag og dei mange gravplassane me har i Masfjorden, og det er teke med eit sitat frå ein liksetel som vart lesen opp ved ei gravferd der presten ikkje kunne vere til stades. 

Nokre forteljingar og nokre dikt er også tatt med. 

Me takkar alle som har skrive, fortalt eller på annan måte har hjelpt oss med tekst og bilete til dette heftet. Ein spesiell takk til Rune Garmann som har stått for formgjeving og utskriving og til Aud-Helen Virkesdal Daae som har skrive det heile på diskett. 

November 1993 

Ragnhild Jung 
Jonas Riisnes 

------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal