Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
3. årgang

 

   
 

 
I morgon er i dag i går 
Forfatter: Rune Garmann

Bak denne noko underlege overskrifta skjular det seg eit enkelt faktum : Alt historisk stoff - som til dømes denne boka inneheld mykje av - har ein gong vore samtidskunnskap. Dei som skriv eller fortel det som står her, har som regel sjølve opplevd det dei fortel om. Det har skjedd i deira samtid. 

Endringane går raskt. Kanskje raskare enn vi er i stand til å ta inn over oss. Heilt sikkert raskare enn vi er i stand til å forestille oss på førehand. Snart er også notida fortid. Og det er vi som, må ta ansvar for å bringe kunnskapen om vår samtid vidare til dei som kjem etter oss. 

Slik kunnskap er viktig. Gjennom den får vi ei forankring i vår eigen bakgrunn. I ei tid der vi i stadig større grad vert bombarderte med impulsar frå fjern og nær, vert det viktig med ei slik forankring. 

Ikkje for å motstå impulsar frå andre - slik motstand vil føre til ei utarming av det vi sjølve står for. For alle kultur er i endring, og får næring i kontakt med impulsar utanfrå. Men ved å vere medviten om miljøet vi kjem frå - jorda vi er runne av, så å seie - har vi ein referanse til å vurdere nye impulsar mot, slik at vi kan ta til oss det vi ser er godt og til gagn for oss, og avvise det vi forstår er verdlaust. 

For ein del år sidan arbeidde eg på Gamle Bergen museum. Det var ei interessant tid på mange måtar. Mellom anna delte eg kontor med ei som hadde ansvar for å registrere og katalogisere gjenstandar som vart gjevne til muséet. Det kom inn mykje, både likt og ulikt. Men felles for mesteparten av det som kom inn, var at det hadde ein alder på minst 50 år. Det varka som om folk først etter så lang tid fekk augene opp for dei historiske og museale verdiane av det dei hadde i gøymene sine. 

Problemet er at før dei femti åra er gått, står mange av desse gjenstandane i fåre for å kome vekk, anten ved at dei vert stua bort på lite tenlege lagringsplassar, eller ved at dei rett og slett vert øydelagde. Det er eit kjent problem at gjenstandar frå vår nære fortid har låg status - ikke er dei moderne, og ikkje har dei antikvarisk verdi. Dei vert sett på som skrap, eller i det minste unyttig husafyll. 

Men heldigvis er det nokre få som har skjønt verdien av å ta vare på desse gjenstandane. Det er slike som har kunna byggje opp private samlingar av gjenstandar, slik gardsmuséet i Trodalen er eit døme på. Og dessutan gjev den innebygde latskapen hos mange av oss eit håp om at gjenstandar andre stader heller ikkje vert kasta, og på den måten kan overleve overgangsalderen mellom at dei var moderne til dei vert antikvariske. 

Verre er det med det ikkje-materielle historiske stoffet - kunnskapen om kvardagslivet, arbeidslivet, skikkar og haldningar som folk har hatt gjennom tidene. Dette er kunnskap som ikkje overlever den som har han, med mindre han vert teken vare på i form av minne, anten nedskrivne, eller i det minste fortalt til andre som kan bære kunnskapen vidare. 

Her har vi alle eit ansvar. Vi har alle, kvar på vår måte, kunnskap om samtida vår, vi har ei forståing av vår eigen kvardag som det ikkje er ventande at dei som kjem etter oss utan vidare kan setje seg inn i. Difor er det viktig at vi bidreg til at det vi veit, vert teke vare på slik at andre kan finne det att. Om vi synest at det vi har kunnskap om er trivielt og sikkert utan interesse for andre, skal vi hugse at dei som er dei rette til å dømme om det, ikkje er vi, men dei som i si tid får del i kunnskapen vår. 

Masfjorden kommune er på mange måtar ein spesiell kommune. Frølich skreiv fylgjande i innleiinga av boka si om Fjon: -At skrive Masfjordens historie er av flere grunde ikke så ganske liketil. Blandt andet har bygden i ethvert fald i lange tider levet et tilbaketrukket liv, enslig og indestengt som den geografisk er. 

Og det er sant, at vegen attende til gamle dagar kanske er noko kortare her enn i mange andre kommunar. 
Difor har vi også mykje informasjon som framleis er mogleg å få tak i, og ta vare på. Eg vil nemne eitt døme: I dag er Masfjorden ein av dei store kraftproduserande kommunane i Hordaland. Framleis lever mange masfjordingar som hugsar den spede starten på dette eventyret. 
Endå fleire hugsar overgangen bruk av elektrisk straum førde med seg i heimane og på arbeidsplassane rundt om. Men det er stoda i dag. Korleis vil ho vere om fem år? Om ti år? Om tjue år? Dersom vi vil at kunnskapen om denne overgangen skal haldast ved like, er det no han må takast vare på. 

Kanskje vert det ei råd med dette: I januar 1994 vil Etnofolkloristisk institutt ved Universitetet i Bergen halde eit kurs i minneinnsamling i Masfjorden. Målgruppa er interesserte lærarar, og medlemer i sogelag, mållag og pensjonistlag. Tanken med kurset er å dyktiggjere desse i intervjuteknikk og referatskriving, slik at informasjonen vert teken godt vare på. Men skal dette ha noko for seg, må dei som sit med kunnskapen, vere villige til å dele han med andre. Største bøygen her kan kanskje vere Janteloven: -Du skal ikkje tru at du er noko. Med andre ord: Du skal ikkje tru at det du veit, er interessant for andre enn deg sjølv. 

Snu litt på flisa: Synest du sjølv det er interessant å vite litt om korleis tilhøva var her i bygdene i gamle dagar? I så fall : Kvifor skulle ikkje andre synast det er interessant å høyre om -dine dagar- når dei vert -gamle dagar ? Det er ikkje lenge til - i morgon er i dag i går. 

-------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal