Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
3. årgang

 

   
 

 
Matre i gamal og ny tid 
Forfatter: Jonas Riisnes

Frå dei eldste tider har det budd folk på Matre. Det viktigaste forhistoriske minne me har om busetnad i Masfjorden er Matrehola eller Storsetehilleren i Matredalen. 

Ved ei vitskapeleg undersøking der i 1914 gjorde ein funn frå det ein kallar førromersk jernalder som er frå 700 til år 0 før Kristus. 

Frå gamalt av var Matre ei lita bondebygd i botnen av Masfjorden utan veg, men med godt næringsgrunnlag i gardsbruk og skogsdrift. Det var godt med fisk i fjorden og i elvane var der både laks og aure. Dei store fjellviddene hadde gode beiter og ga høve for jakt på storvilt og fugl. Fjorden var einaste vegen til kyrkje og omverda elles. Ein båttur frå Matre til Bergen var 6 mil og kunne ta frå to til seks veker alt etter kor heldige dei var med vind og straum. Det var vanleg å ta ei byferd to gonger i året, ei om hausten eller før jul, og ei før slåtten. 

Om vinteren fraus stundom fjorden til slik at dei måtte dra med hest og slede langt utover før dei nådde iskanten. Det dei frakta med seg var smør og ost, kjøt og ved og så botnar til tønner. Og heimatt hadde dei med korn, salt, kol til smia og jarn, - varer som var nødvendige til hushaldet og til gardsdrifta. 

Ein bytur i ein båt med 4 eller 5 par årar og med råsegl, kunne vere ein verkeleg hard tørn. Det vart ofte å måtte liggja om natta i ei eller onnor vik med berre seglet over seg. Ja, det hende at folk fekk seg ein knekk for livet på slike byferder. Difor vart det helst med stor takksemd dei kunne få sende varene med dampen, eller dei sjølve kunne få sette seg om bord og kome til byen utan å ro og utan å verte våte til skinnet ein einaste gong. Den første dampbåten kom til Sandnes i 1866. Den heitte Arne og gjekk ein gong for vika. Frå 1870 kom ein ny dampbåt som heitte Voss og som gjekk like til Solheim. Ikkje før kring 1890 kom rutebåten heilt inn til Matre. 

Det første ein høyrer om vegbygging på Matre er vegen innover mot Holene som dei byrja på i 1894. Frå kommunen fekk dei lite. Berre pengar til minering og bruer, heitte det. Det var ca. 1/5 av pårekna kostnad. Resten måtte oppsitjarane stå for ved å tegne seg for dagsverk. Stundom var dette opp til 60 dagsverk årleg, og det galt alle oppsitjarane, også dei i Kringlebotten og Stordalen. Vegen til Solheim vart begynt på i 1912 og var ferdig i 1930. Veg frå Solheim til fylkesgrensa var bygt før og stod ferdig alt i 1910. 
Vegutløysing mot sør fekk Matre først i 1963 med veg til Haugsdalen. Og Masfjordvegen til Duesund vart opna i 1981. 

Storindustrien som ikkje kom 
I 1905 hadde Birkeland og Eyde klart å framstille salpetergjødsel av kvelstoff i lufta ved hjelp av elektrisitet. Alt i 1906 kom ein forretningsmann frå Bergen som heitte Blaauw, og kjøpte opp heile Matre - og heile Haugsdalsvassdraget for ein sum av kr 192.150,- Etter kort tid selde han vidare til ein ny mann, Fr. Hiort. 

Med tanke på å byggje ein stor fabrikk kjøpte Hiort opp det meste av gardsbruka på Matre og betalte dei med kr 78.060,-. Dette var mykje pengar den gongen, så det var kanskje ikkje så løye at bøndene selde jorda og husa sine. 

I 1906 selde Hiort vidare alt i hop for kr 600.950,- til A/S Matrefallene og tente kr 330.740,- på handelen. A/S Matrefallene hadde eit tysk industrikonsern, Badische Aniling og Sodafabrikk i ryggen, som hadde planar om å produsere kunstgjødsel etter eigne metodar i konkurranse med Norsk Hydro på Rjukan. Bøndene på Matre rekna sikkert med at storindustrien ville komme og førebudde seg på det. 

Eigarane på bruk nr. 1 og bruk nr. 4 flytta ut or husa sine til nye hus som dei bygde på tildelte stader. Frå bruk nr. 2 reiste heile familien ut or bygda. Dei på bruk nr. 3 laga murar til nye hus, men tok deretter sjansen på å verte buande i gamlehusa, og det viste seg å gå bra. Dei to husa som vart fråflytte den gongen, står der den dag i dag, men er no førde attende til bruka som før åtte dei. 

A/S Matrefallene fekk konsesjon på utbygging av Matre - og Haugsdalsvassdraget til storindustri i 1908. Arbeidet starta med kartlegging av fjellområda og det vart bygde brakker i Holene ved Hommelfossen, i Øvredalen og i Ganglausbotnen, og dei bygde to funksjonærboligar på Matre. 

Folket i Masfjorden var svært usikre og ottefulle over kva denne Storindustrien kunne komme til å føre med seg. I eitt av konsesjonsvilkåra heiter det såleis: 
-Det må stillast full sikkerhet for at Masfjorden fattigvesen ingen utgifter påføres av nogen art av dette anleggs benyttede personer eller deres familier hverken i utbyggingstiden eller senere samt at politioppsyn må vere herredskassen uvedkommende. 

Eit anna krav var at selskapet skulle betale kr 10.000,- som tilskudd til vegen frå Matre til Solheim. A/S Matrefallene bygde også 4 kilometer veg frå Holene og opp svingane til Fossen gard. Og den stod ferdig i 1918. Inn til Holene hadde gardbrukarane sjølve bygt veg tidligare. 

Den konsesjonen A/S Matrefallene fekk i 1908 var den første i sitt slag i landet, og det er sagt at den skapte mønster for seinare konsesjonar som vart gjevne for større industritiltak i Norge. 

Matre som turiststad 
Alt før århundreskiftet var Matre oppdaga av engelske turistar. Toralf Matre (fødd 1906) fekk som gut fortalt at det heime hjå dei på Reinå hadde budd engelskmenn om somrane som hadde fiska laks i Matreelva. 

Då så planane om storindustri kom, førde det til auka aktivitet med besøk av framandfolk både frå inn - og utland. Desse måtte skaffast husrom og servering. Ein mann frå Numedal kjøpte seg tomt på Matre og bygde eit stort hus der han planla pensjonat, kafe og handel. I 1911 bygde Ole E. Sandnes 
Matre hotell. Dei første åra budde det mykje anleggsfolk på hotellet, meir eller mindre fast. Men etter kvart kom det også sommarturistar, - mest frå Bergen, som prøvde fiskelukka i elva og i fjorden. 

Under første verdskrigen 1914 - 18 stoppa verksemda på Matre opp, og då Tyskland tapte krigen, vart heile A/S Matrefallene kjøpt opp av Norsk Hydro som på den måten fekk kontroll over det som kunne ha vorte ein brysam konkurrent. Noko kraftproduksjon på Matre var Hydro mindre interessert i. Då det etter krigen også vart svært dårlege tider, stoppa arbeidet med å reise storindustri på Matre, for godt. 

Ein sterkt redusert aktivitet førde til at mannen frå Numedal, Tor Videsjord, selde huset sitt og reiste frå Matre. Huset vart seinare nytta til skulehus og lærarbustad, men er i dag borte. (Øvste etasjen av huset vart i 1949 tatt ned og sett opp att i utmarka på Eikemo der det vart nytta som skulehus i mange år). 

På Matre hotell vart det no heller stille om vintrane. Men om somrane kom det turistar både frå utlandet og frå Bergen. Frå utlandet var det mest engelskmenn som kom for å fiske laks. Desse vart gjerne kalla lakselordar. Og mange av dei kom att år etter år. Ja, om sommaren var ofte hotellet fullt av turistar. Og vegen til Fossegardane og seinare Solheim og fylkesgrensa, inviterte til utflykter. 

Hotelleigar O. E. Sandnes kjøpte ei firehjuls hestetrille til å køyre turistar i. Seinare kjøpte M. H. Matre trilla, og sonen, Hjalmar, hugsar han køyrde turistar i den opp gjennom Matredalen. Trilla hadde to sete med plass til 2 i kvart pluss kuskesete framme. Betalinga var kr 5,- til Hommelfossen og kr 10,- til Fosse. 

Fleire av dei andre gardane på Matre hadde tohjuls stolkjerre. Toralf Matre hugsar at jonsokaftan i 1922 kom det eit turistskip til Matre med Dronning Vilhelmina og kronprinsesse Juliana av Nederland ombord. Dei kongelege besøkte hotellet og dei køyrde tur i Matredalen. Johannes Matre, bror til Toralf fekk æra av å køyra dronninga og Teodor Matre køyrde prinsessa. Ved Matrevatnet måtte dei stoppe ei stund medan dronninga teikna og måla landskapet innover mot Klavefjellet. Turistskipet låg på Matre natta over og det vart om kvelden brent bål på ein flåte på fjorden. 

Tidleg i 1930-åra kom første bilen til Matre for å køyre turistar. Ein mann som heitte Solend frå Manger var fleire somrar på Matre i turisttida og ga hotellgjestane spanande opplevingar i drosje - langs smale kjerrevegar med stabbesteinar. Odd Sandnes (fødd 1922) hugsar han var grindegut på slike turar til Fosse og til Grimevatnet ved fylkesgrensa. Han måtte ofte stå på stigbrettet, og han hadde 8 grindar å opne på vegen til Fosse og 18 på vegen til fylkesgrensa. 

Mot slutten av 1930-åra kjøpte sonen til O. E. Sandnes, Emanuel, seg drosjebil og syrgde for transport av hotellgjestane. Denne bilen brann opp då Karl Wagner sette fyr på buer og naust i april 1945. Under krigen la tyskarane beslag på heile hotellet både vinter og sommer. Etter krigen kom hotellet i meir normal drift att med travel sommarsesong og heller stille om vinteren. 

I 1949 då kronprins Olav avduka minnesteinen over falne i Bjørn West 29. juli, overnatta han på Matre Hotell og skreiv seg inn i gjesteboka. Det same hadde prinsesse Juliana gjort 26 år tidligare, 

Då Bergenshalvøens kommunale kraftverk (BKK) starta utbygging av elektrisk kraft i Indre Masfjorden i 1952, rykte dei inn på Matre Hotell. BKK leigde heile hotellet i fleire år til dess dei hadde bygt seg sine eigne hus til verksemda si. Etter dette har hotellet ikkje vore drive som turisthotell. 

Men kva med Matre som turiststad i dag ? Naturen er den same fantastiske som før, og med Riksveg 1 rett gjennom er storbyen Bergen komen på berre to timars avstand. 

Dette har Bjørn Westmuseet nytt godt av i sin første sesong 1993. Museet har hatt mange besøk frå Bergen og distrikta ikring. Enkelte grupper kjem direkte til museet og reiser vidare opp Matredalen til Stordalen fjellstove til ein god gammaldags lunch. Andre kjem vegen om Sogn og Massnes villmarksmuseum, til Stordalen for lunch. Derifrå kjem dei så til Bjørn Westmuseet enten direkte eller neste dag etter å ha overnatta på fjellstova som har 30 senger og ein matsal som kan ta 50 personar. 

På Stordalen fjellstove finst mange minner frå Bjørn West som hadde sitt siste hovudkvarter der under krigen, og utanfor står minnestein over dei sju nordmenn som fall i fjella der i april/mai 1945. 

Ikkje langt frå fjellstova har NAF sitt Caravan-anlegg i Stordalen. Det har straumuttak for 23 vogner og sanitæranlegg med dusjar i eit eige NAF.bygg. I dette bygget er det også tre ferieleiligheiter med plass til fire personar i kvar, som vert leigde ut til NAF.medlemmer i Nordhordland. 

Eit anna mål for turistar i Indre Masfjorden er det svært innhaldsrike gardsmuseet til Olav S. Trodal, berre 2 kilometer frå Matre. Og ca. 4 km. sør for Matre når tunnelen kjem til Storavatn, ligg Fjon fjellkyrkje. Den er utstyrt med tanke på ulike tilskipingar, frå enkle samlingar til lengre opphald med overnatting og heilpensjon. Kjøkken og matsal kan ta opptil 80 personar og der er overnattingskapasitet til 50. 

Like ved ligg ei lysløype på 2,5 km. Anlegget er ubemanna og må tingast i god tid i forveien. 

Nemnast må også garden Haukeland der Alfhild og Henning Haukeland kan ta imot turistar og servere lunch eller middag for grupper på opptil 5o personar. 

Krigstid med tyskarar og russarar på Matre. 
Då tyskarane invaderte Noreg i 1940 tok dei straks til å byggje festningsverk for kystartilleri, luftvernartelleri og mellom anna ein svær ubåtbunker på Laksevåg i Bergen. Til dette trong dei mykje sand, og det fann dei rikeleg av på Matre. 

Tidleg i 1942 kom tyskarane til Matre med 200 russiske krigsfangar og 30 fangevaktarar.Dermed hadde den tyske okkupasjonen nådd heilt ut til ei avsidesliggjande , lita fjordbygd. Tyskarane rekvirerte dei to husa A/S Matrefallene hadde bygt til funksjonærboligar. Der budde kommandanten deira, marineløytnant Karl Wagner, og fangevoktarane, medan ingeniørar og høgare offiserar på besøk budde på hotellet. 

Det vart bygt tre brakker til russarane i Einekavane. Dei russiske fangane vart dagleg førde gjennom tunet til Malena Matre, og ho har fortalt at dei var kledde i utslitne uniformer som var mest berre filler. 
Dei gjekk i kloggar og rundt beina hadde dei berre sekkefiller og papir. Dei var alltid svoltne. På garden tok dei innvollar frå slakt, dei tok sildemjøl som skulle nyttast til for og ein gong hadde dei kome over tillaga grisemat i ei bøtte, som dei åt opp. Bøtta stod att reinskrapa. 

Folk på Matre var ofte vitne til at fangar vart plaga og slegne av fangevoktarar. Fire russarar vart drepne av tyskarane. To av dei vart skotne oppe i sandtaket, og medfangar vart ordna til å grave dei ned i sanden. Sidan laga russarane gravstøtter og sette opp på kameratane sine. Alle dei fire russarane er i dag gravlagde på Solheim kyrkjegard under ein stor gravstein. 

Tyskarane hadde ikkje så mykje med folk på Matre å gjere, bortsett frå at dei kontrollerte alle som kom og reiste. Kvar gong rutebåten kom var dei på kaien og kontrollerte pass, og berre folk skulle innover dalen, måtte dei innom den tyske vakta og visa passet. Ja, også dei som gjekk på stølen om sommaren, måtte vise pass to gonger på dagen. 

Den 10. desember 1944 var Karl Wagner sjølv på passkontroll ombord på rutebåten Lygra. 
Gardbrukar Johan Th. Seim frå Seim i Lindås låg på ein benk i lugaren og sov. Wagner skreik og ville sjå passet. Men då mannen var søvnig og litt sein, tok Wagner pistolen og skaut han ned og drap han. 
Denne hendinga skaka opp folk i heile distriktet og auka bitterheit og motvilje mot tyskarane. 

Norske myndigheiter sikra seg Wagner i 1945, og han vart stilt for retten og dømt til 12 års tvangsarbeid ved Gulating lagmannsrett den 26/11-1947. Han vart seinare benåda ved kgl.res. 2/3-1951 og sendt heim til Tyskland 25/5-1951. 

Matre vart grenseposten mellom Bjørn West og fienden 
I oktober 1944 kom nokre kompani Linge-offiserar frå England for å opprette Bjørn West-basen i Masfjordfjella. Bjørn West var ei geriljaavdeling på ca. 250 mann som opererte bak fiendens linjer. 
Og nettopp her på Matre kom grensa til å gå. Ja, Bjørn West karane som heldt til på Litle Matre-stølen var stundom så nær at dei såg ned på huset der Wagner budde og som no er Bjørn West-museum. I dette huset, var også vaktkontor, og det var forbi denne vakta at Hjalmar Matre køyrde våpen, radioutstyr og forsyningar til Bjørn West, oftast pakka i sildekassar med ein høysekk over. Og det var her folk frå fjellgardane Stordalen og Fosse måtte innom og vise pass når dei skulle til handelsmannen eller postkontoret på Matre. 

Då tyskarane 29. april 1945 ville angripe Bjørn West i Kringlebotten, var det i skaret over Litle Matre at det om morgonen gjekk opp 28 tyskarar og berre ein kom seg levande nedatt neste natt. Dei andre 27 vart drepne ved Litle Matre-stølen av eit lag på 11 mann frå Bjørn West. Dagen etter vart alle vaksne menn på Matre arresterte og sende til Litle Matre-stølen for å bere ned dei falne. 

-Ved første skudd frå bandittane (dvs. Bjørn West) vert de alle skotne, ropa den tyske vaktsjefen som var med. Også kona til Hjalmar, Åslaug, vart arrestert og måtte sitje fem dagar som Wagner sin fange i eit rom over kontoret hans. Då dei døde tyskarane var transporterte ned, tok han Åslaug ut og viste henne lika og sa: -Sjå kva mannen din har gjort. Han sette fyr på og brende ned naustet til Hjalmar pluss to buer nede ved kaien. Også det viste han til Åslaug, og han snakka om eit nytt Telavåg og ville brenne meir. Men det fekk han ikkje lov til hjå den tyske sjefen i Bergen som ordna han frå stillinga si. Ein ny sjef vart send til Matre. 

Mennene som var arresterte, vart haldne som fangar i ei russarbrakke ei vikes tid før dei vart sende til fangeleiren på Espeland ved Bergen. Her sat dei til krigen var slutt. Men Åslaug som hadde eit tvillingpar på tre år heime, slapp fri etter 5 dagar. I huset hennar hadde 60 tyskarar vore innlosjerte på det meste. Det var soldatar som skulle til fjells og som tok del i dei siste kampane på Klavefjellet 3. mai 1945. I kampane i fjellet miste 6 Bjørn West-soldatar livet. Kor mange tyskarar som fall er ikkje kjent, men at 34 døde kom ned att til Matre, veit ein sikkert. 

Tyskarane brende Fossestølen og alle husa i Kringlebotten. Den 5. mai 1945 kom dei også til Stordalen. Der trefte dei på Torgeir Stordal som var 76 år gamal og som ikkje hadde klart å fylgje med Bjørn West-avdelinga då dei trekte seg ut natt til 4. mai. 
Tyskarane skaut Torgeir og brende husa ned over han. 

Det er skrive tre bøker om Bjørn West: 
- Rolf R. Skre: Bjørn West i aktiv innsats (1946) 
- Arnfinn Haga: Jernring rundt Bjørn West (1982) 
- Thomas Nielsen: Bak de tyske linjer (1992) 

I 1993/94 lagar NRK i samarbeid med BKK ein TV-film om Bjørn West. 

Største sandmassane i Masfjorden 
Ikkje nokon stad i Masfjorden fanst det så mykje sand som ved utløpet til Matreelva. For 10 tusen år sidan var det istid i Nord-Europa og havet stod då 64 m høgare enn i dag. Etter kvart som isen smelta, steig landet og det kom stein og sand med breelvane som vart liggjande inn mot fjellet på begge sider av elva. 

På Store Matre ser me sandhaugane ligg der urørde, medan ein på Litle Matre har grave ut og ført bort enorme mengder sand gjennom ein heil mannsalder. Under krigen starta tyskarane sanddrift på Matre med russiske krigsfangar. 

I 1951 overtok sandkompaniet K-71 drifta av sandtaket. K-71 arbeidde for Bergen kommune. Det vart sett i gang eit omfattande ryddearbeid mellom anna hogging av skog kring kantane av sandtaket. 
Mange fekk seg arbeid og etter kvart vart det full drift att med kontinuerlig utføring av sand til Bergen. 
K-71 dreiv sandtaket til 1969. Frå 1. januar 1970 overtok Statens Vegvesen og dei dreiv like til det var tomt på Litle Matre i 1985. Vegvesenet opplyser å ha tatt ut ca. 2 millionar tonn grus etter 1970 og dei meiner det var teke ut omtrent like mykje før dei begynte. To og eit halvt gardsbruk har gått med, og sanden er fjerna heilt opp til den markante, kvite kanten ein ser i fjellsida. 

Det meste av tangen der skulen og idrettsplassen ligg i dag, er lagt opp av stein som er sortert ut av sanden. Etter 1985 har vegvesenet henta sand frå eit grustak oppe i dalen, ved Storseten der Matrehola er. Mellom 1985 og 1990 vart det teke ut 350 000 tonn sand frå Storseten. 

Framleis driv vegvesenet oljegrusanlegg på Matre. Råmaterialet kjem i dag frå steinmassane som vert tekne ut or tunnelen dei arbeider på mellom Matre og Storevatnet. 

BKK og kraftstasjonen på Matre 
A/S matrefallene ville byggje ein stor kraftstasjon som skulle levere straum til kunstgjødselfabrikken som var planlagt på Matre. Arbeidet på Hommelfossen kraftstasjon og den store røyrgata av jern som kjem ned etter stupbratte fjellveggen bak stasjonen, var nesten ferdig i 1917. Men arbeidet stoppa opp før kraftproduksjonen var komen i gang. 

Røyrgata er sett saman av element på vel en meters lengde som er klinka saman, og for å få det til, måtte ein mann liggje inne i røyret og halde i mot når naglane skulle slåast i. Det er sagt at det var Anders Nilsen frå Hest som hadde dette som eit spesialoppdrag han fekk ekstra betalt for. Nilsen vart seinare buande på Matre der han arbeidde som skomakar. 

Hommelfossen kraftstasjon vart gjort ferdig og sett i drift av tyskarane til bruk ved sanddrifta på Litle matre i 1944. Då tyskarane reiste sin veg i mai 1945, vart stasjonen stoppa. Norsk Hydro hadde i 1944 selt alle sine rettar i A/S Matrefallene til -Bergen Byting, som det heitte den gongen. 

Oppsitjarane på Matre tok opp spørsmålet med Bergen kommune om å få stasjonen i gang att og om å få kjøpe kraft til bruk i Matreområdet. Dette gjekk i orden og stasjonen kom i drift att i desember 1945. 

Alle vassrettane i Masfjorden vart seinare overførde til Bergenhalvøens kommunale kraftselskap (BKK) og dei starta utbyggingsarbeidet for fullt i 1952. Utbygginga starta eigentleg i Haugsdalsvassdraget, men Hommelfossen kraftstasjon vart først bygt ut så den kunne levere straum nok til anleggsdrifta og Masfjorden kommune. Den stod klar oppdatert i 1953. 

Matre kraftstasjon er bygd 120 meter inne i fjellet på Litle Matre og er faktisk to separate kraftverk plasserte i same hall: eitt for Haugsdalsvassdraget (99 MW) og eit for Matrevassdraget (120 MW). 
Det er bygd tunnel (3 km) frå denne stasjonen til Gobotnvatnet som samlar opp nedbøren frå 7 vatn til og med Skjerjevatn. 

I 1956 vart første maskinane i Haugsdalsdelen på Matre starta, og Haugsdalsvassdraget var ferdig utbygd i 1959. Deretter starta dei i 1960 arbeidet på den 12,2 km lange tunellen frå Matre og heilt inn til Stordalsvatnet. Matrevassdraget som omfattar 11 regulerte og 11 uregulerte vatn, har også to magasin som ligg høgare enn Stordalsvatnet. Det er Krokevatnet og Kvanngrøvatnet. For å utnytte fallhøgda (135 m) frå Krokavatnet er det ved Stordalsvatnet bygt ein eigen kraftstasjon (26 MW). 
Vatnet vert så nytta ein gong til då det går gjennom tunnelen til turbinane i Matredelen av stasjonen på Matre. Denne delen var ferdig utbygd i 1963. 

Det same er gjort i Vemundsbotten for å utnytte fallhøgda mellom Svartevatnet (250 m) og Gobotnvatnet. Denne stasjonen produserer 45 MW eller 129 GWh. 1 GWh (= gigawatt-time) er ein million kilowatt-timar eller tilsvarande det 90 personar brukar i eit år - i arbeid, heim og fritid. 

Matre kraftverk produserer totalt 1370 GWh som er nok straum til 123.300 menneske. I Masfjorden bur der omlag 1850 personar. 

Då BKK fekk seg overført alle rettane som A/S Matrefallene hadde hatt i Masfjorden, overtok dei ikkje berre fjellvidder og fossar. Selskapet påtok seg i realiteten ansvaret for utbygginga av eit heilt bygdesamfunn. Selskapet fekk eigedomsretten til det meste av dei knappe areala nede på sjølve Matre. Der har dei sett opp sine drifts- og administrasjonsbygg og har i tillegg bygt ei rekkje bustadhus for sine tilsette. Ein del av areala er no førde attende til dei opphavelege eigarane. 

BKK sin kinosal på Matre er det mest brukte forsamlingslokalet i Matre-bygda, og selskapet har gjeve grunn og tilskot til både skulen og idrettsplassen. BKK støttar også akvakulturstasjonen som delvis er basert på kjølevatnet frå kraftverket. 

Bjørn West-museet held til i eit hus som tidlegare har vore i BKK si eige. BKK har også gjeve betydeleg økonomisk støtte til innreiing av museet, og selskapet har i år teke initiativet til å få laga ein TV-film om BjørnWest som ein ventar vil verte ferdig til 50-årsmarkeringa for Bjørn West 15. oktober 1994. 

BKK er største arbeidsgjevaren i Masfjorden og har i dag 45 tilsette. Selskapet er også den største skatteytaren i Masfjorden kommune, og betalte i 1992 24,7 millionar kroner til kommunekassen. 

Matre Havbruksstasjon 
Fiskerinæringens forskningsfond starta i 1971 ein forskningsstasjon på Matre. Det vart bygt opp stasjonsbygning med klekkeri i kjellaren og ein del utekar langs elva, pluss eit sjøanlegg. Seinare har stasjonen stadig vorte utvida med tilbygg og nybygg. 

I 1989 vart kontorbygningen bygd opp med 1 1/2 etasje og i 1990 vart det bygt eit stort servicebygg (oppe ved vegen) - der det er m.a. fryserom, lager, verkstader og garasjar. 

Frå 1974 har dei hatt vassledning inn frå Matre kraftverk for å kunne gjere seg nytte av det oppvarma kjølevatnet. I dag er det to pumpestasjonar som leverer til saman 10.000 liter kjølevatn pr. minutt. 

Matre havbruksstasjon er ein forskningsstasjon under Fiskeridirektoratets forskningsinstitutt i Bergen. Oppgåva er å halde tilgjengeleg forskningsmateriale for laksefisk i alle stadier frå rogn til stamfisk. Stasjonen er avhengig av prosjekt som kan gje økonomisk støtte til drifta, og at desse igjen gjev gode resultat slik at tenestene vert etterspurde av næringslivet og andre interesserte. Ca. 30 personar er i arbeid ved Matre havbruksstasjon. 

E- verk - museum og Bjørn West - museum 
I 1985 bygde BKK eit heilt nytt kraftverk ved Hommelfossen. Den gamle stasjonen med røyrgate oppetter fjellet vart då nedlagt og freda. Kring den freda kraftstasjonen og ein nyrestaurert mindre gardsstasjon ved Brydalsfossen, bygd i 1947 for Fossegardane, vert det nå arbeidd med å få til eit kraftverksmuseum. I opplegget prøver ein å passe inn besøk både på den nye Hommelfossen kraftstasjon og den store kraftstasjonen på Matre. 

Bjørn West-museet på Matre vart mellombels opna 23. august 1992, og vil verte offisielt opna 15. oktober 1994. I 1993 har museet vore ope 3 timar 2 dagar i veka og har hatt besøk av 2900 personar. 

Opningsarrangementet vil verta del av 50-årsmarkeringa for frigjering av landet med invitasjon av alle attlevande Bjørn West-veteranar og representantar for offentlege myndigheiter. 

-------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal