Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
3. årgang

 

   
 

 
Med fjorden som skuleveg
Forfatter: Ragnhild Jung

Omtrent midt inne i Masfjorden, på nordsida, ligg garden Bergsvik. Med fjellet i ryggen, som vern mot nordavinden, og fjorden sør, ligg garden svært lunt og fint til. Sjølv om Bergsvik er ein sokalla «einbølt» gard, var han rekna for ein av dei beste gardane i Masfjorden. 

Etter 1980 går Masfjordvegen gjennom innmarka, men før var det fjellet eller fjorden som var ferdavegen. Saman med Lauvvik, på same sida av fjorden, og Skuggedal på andre sida (kalla Skjeidalen) utgjorde desse gardane Bergsvik skulekrins. 
For borna på desse gardane var det fjorden som vart skulevegen deira. 

Sofie Låstad Lygre f. 1911 i Bergsvik og oppvaksen der, fortel slik om skulegonga: 

«I alle mine år i folkeskulen var det omgangsskule. Enten var skulen hjå oss i Bergsvika, eller han var hjå Rasmus i Skuggedal. 
Eg kunne lesa før eg byrja på skulen, og eg fekk ta til eitt år før eg hadde «alderen til det». Det var då berre ei jente i skulen, og eg var mykje i lag med skuleborna ute i leik og slikt. Så fekk eg då halde lag med Sigrid i timane og. Me jentene hadde eit bord for oss sjølve, det var ikkje så stort. Men gutane hadde eit stort bakstebord å setja ved. Me var 10 elevar i alt, og skulestova var oppe i 2. høgda. 

Lærarinna, ho Hilda, var ei bestemt og flink dame. Når me skulle innatt etter friminutt, måtte me stille opp, to og to, og ho passa på at me gjekk pent og stilt inn. Treskoa sette me frå oss i gongen før me gjekk opp troppa. Men når me skulle ut etter timen, vart det litt «sjau» før kvar fann sine tresko. Frå klokka 12 til 13 hadde me Middagsstund, då åt me middag. Mor kokte middag og til dei som var frå dei andre gardane. Dei hadde med seg fisk og pote, og ellers brødmat som dei «styrde med sjølve». 

Hjå Rasmus i Skjeidalen var dei fleire som gjekk i skulen på same tid, så han ville helst ha skulen der. Då slapp dei å «niste ut» så mange. Der var det og kona i huset som kokte middag til oss. Me åt då ved same bordet som husets folk, men læraren hadde eit lite bord for seg sjølv. Han hadde seng i skulestova, og når me gjekk ut, såg me at han låg i senga og las, for den stova låg litt lågare enn huset ellers. Det var tre rom oppe på lemmen, og der som me ungane låg, var det berre eitt glas i taket (ljore) som ikkje kunne latast opp. Der var fem senger, og me var oftast 10 stykker som låg der. Me var tre jenter i skulen og me låg i ei seng. Eg hugsar at eg låg alltid i midten! ( Eg likte best når skulen var i Bergsvika, for der hadde eg mi eiga seng). 

Å bu i Skjeidalen om vinteren gav oss både morosame og mindre morosame opplevingar. Oppe på lemmen var det iskaldt. 
Når me hadde fått kleda på oss, måtte me ut på den endå kaldare gangen, og ned på kjøkkenet. Der gjekk det ein open vask ut om veggen, og vatnet rann ned i ei opa grøft. Ofte var det isbetar i vaskevatnet. Men vaska oss måtte me, og etterpå såg dei om me var reine i øyrene. Ja, då var det godt å kome inn i den varme stova, finne «nistetina» med brød og smør, sukker og litt gamalost. 

Læraren fekk litt ekstra «stell», dei la i ovnen i skulestova før han sto opp. Etter ei skuleveke var det godt å kome heim til helga! Og når eg tykte «matstyret» ikkje var så godt, var dett fint å glede seg til laurdagskvelden. Då hadde me alltid raspekaker heime. 

Eg hugsar ein gong då det låg is på fjorden så eg vart liggjande over til sundag, Då kom far og bror min over og henta meg. Far skjente fordi eg la meg til der borte endå Arne Reknes (som då var lærar) var komen over til Lauvvik mellom isflaka. Men han hadde fått skyss av Rasmus, og dei sa ingen ting til meg at dei reiste! 

Etter skuletid var me ute og leika. I Skjeidalen hugsa eg at me hadde ein steinslede som me brukte til «kjelke», Når me sette utfor bakken med sleden full av ungar, fekk me skikkeleg fart. Sør for huset var ei brekke som var passeleg bratt,- med ei stor myr nedanfor. Det gjekk alltid bra, me kom aldri så langt at me enda i elva. Sleden var sjølvsagt tung, men me var mange til å dra den oppatt! 

Av og til gjekk me ned på Oldrebakken (ein gard lenger nede). Særleg når Styrk var heime. Han var byrja å fotografere, og me fekk og vere inne på mørkerommet når han framkalla bilete. Det tykte me var svært moro. Eg hugsar godt det fyrste bilete eg såg: Det var tanta hans, ho Sina, ho stod attmed ein vegg og strikka- i sin finaste stas. Han la det i ei skål- i ei væske, der såg me at biletet kom fram. 

Det kom nye folk i Skjeidalen og ein annan huslyd var flytta til Rognøy, så det minka med skuleborn. Då me i 1925 var tre stykker som «gjekk ut», vart det slutt på Bergsvik skulekrins. To gutar, bror min og ein annan, gjekk eitt år til Eikemo, sidan vart dei flytta til Mollandseid. Der var det kome skulehus, og dei budde på lemmen over skulestova. Klokke hadde dei ikkje, så dei sto opp når dei høyrde at ho Hilda fyrde i ovnen, Noko å varme seg på, var det ikkje på lemmen, kaldt var det så smøret let seg ikkje smørje. Dei skar brød og smør i «sneier» som dei la oppå. Då fekk yngste syster mi det betre, ho var mykje sjukleg, så ho fekk bu hjå henne Hilda. Så der hadde ho det nok godt.» 

-------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal